Litt om Olden IL sin basar den 24.november 2019

Postet av Olden IL den 2. Des 2019

Olden idrettslag fekk inn 48 480kr på årets basar i Aldaheim. Styret ynskjer å takke alle som hjelpte til med arrangementet og vi vil takke dei som gav gevinstar. Og sist men ikkje minst, takk til alle frammøtte! 

Vi vil også takke elevane ved Olden skule som gjekk ut av 10.klasse våren 2019 for ei gåve til arenabygget på 5394kr. 

Steffen Melheim og Ruben Eide Gjerde fekk også velfortent heider og ære under arrangementet for gode prestasjonar i friidretten. 

Sjå resultat frå fjelltrimmen 2018/2019 i eigen post på heimesida til Olden IL.



-Styret-


0 Kommentar

Resultat fjelltrimmen 2018/2019

Postet av Olden IL den 2. Des 2019

Takk til alle som deltok i fjelltrimåret 2018/2019. 

Sjå resultat her:

Fjelltrimresultat 2019.xlsx




0 Kommentar

Registreringsskjema fjelltrimmen 2019-2020

Postet av Olden IL den 19. Sep 2019

1. september starta fjelltrimåret 2019 - 2020. 

Her er link til skjemaet. 

Registreringsskjema-for-fjelltrimmen-2019-2020.docx


Ha ein riktig god tur!




0 Kommentar

Skarsteinsetra opp 2019

Postet av Olden IL den 19. Sep 2019

Ei lita oppsummering av Skarsteinsetra opp 2019. Seint, men forhåpentlegvis godt.

Deltakarantalet var i år som følgjer : ca. 150 i trimklassen, 29 i løpsklassen og 7 i sykkelklassen. Dette gjev totalt 186 deltakarar som er ei tangering av deltakarrekorden frå 2017. Når det gjeld dårleg deltaking i sykkelklassen skuldast nok dette at den gjekk ut i fjor og ikkje minst at Sandane Sykkelklubb i år ikkje stilte med deltakarar.Vi håpar å ha dei gode syklistane frå Gloppen på plass neste år.

Det vart 3 nye løyperekordar i år. Marius Vedvik, IL Gular har forbetra Helge Hafsås sin tidlegare løyperekord dei siste 3 åra, 20,21 i 2017, 20.10 i fjor og 20.02 i år. Han har lovt å kome tilbake neste år, og dersom tilhøva er bra har vi då tru på at han kan springe på under 20 min !

Trym Dalset Lødøen, Haugen IL forbetra løyperekorden i sykkelklassen med 17 sek. Han fekk tida 18,22. Imponerande !

I løp klasse 13-14 år sette Isak Skogen, Vikane IL ny rekord med tida 24.53. Dette var 5 sek betre enn Håvard Klakegg sin rekord frå 2016.

Kva med lokale løparar? Vi har tidlegare nemnt Lars Martin Melheim (17) sin sterke prestasjon med tida 23,41 i løpsklassen. Av Oldarar er det kun Helge Hafsås som har sprunge raskare, 22,40 i 2012. Lars Martin si tid er den 6. beste løpstida på Skarsteinsetra opp gjennom tidene uansett klasse.

På sykkel imponerte også Emil Drageset. Han vart den klart beste i den interne familiekonkurransen og knuste både far Andreas Drageset og Andre Opheim. Tida 25,47 er berre 2 sek. bak Andreas si bestetid frå 2017. Neste år tek han nok den tida ! Elles imponerande av Andre og Andreas som jobbar knallhardt for dette arrangementet i forkant, men likevel har overskot tiil å sykle fort i konkurranseklassen.

Neste år kan Skarsteinsetra Opp feire 10-årsjubileum. Då får vi finne på noko ekstra. Uansett har arrangementet m.a. gjennom svært ivrige reklameseljarar og utviklingsretta personar ( m.a. Andre og Andreas) utvikla seg til å bli det mest inntektsbringande i Olden IL Men kanskje noko av det viktigaste er alle trimmarane i alle aldrar som stiller på år etter år og skapar ei fin ramme rundt arrangementet. Utan alle dykk hadde ikkje Skarsteinsetra Opp vore nokon stas.

Fullstendig statistikk 2011-2019 vil om ikkje lenge bli å finne på nettsida til OLden IL. 


Tekst: Hans-Petter Galtung 

Foto : Fjordingen v/Leif Vinsrygg  


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline