Hafsås avslutta sesongen med stil

Postet av Olden IL den 30. Des 2006

4. juledag imponerte Helge med å vinne Ålesund Nyttårsmaraton på Moa for 4 gong på rad. Med tida 2.47.49 var han 7 min. føre nestemann i løpet.

Sjølv om tida er langt bak hans eigen løyperekord, er det imponerande av Helge å springe ein maraton så pass raskt berre 18 dagar etter 24t.- løpet på Bislet.

Han har slete med etterverknadar etter dette løpet og det var lenge usikkert om han kunne stille i Ålesund. Men som vi alle veit, Helge er ein hardhaus og stilte likevel opp. Dermed avslutta han 2006-sesongen som han starta den i Bergen 28 januar, med siger på maraton.

Dette var Helge sin 14 maratonsiger i 2006. Han har dermed tangert sin eigen personlege rekord og noregsrekord frå i fjor i tal på maratonsigrar på eitt år.

Med dette forbetra han og sin eigen verdsrekord når det gjeld maratonsigrar totalt til 94.


0 Kommentar

Inge Brynestad, Olden vinnar av Olden IL sin julequiz

Postet av Olden IL den 29. Des 2006

Den sportsinteresserte oldaren, som allereie er klar for VM i skiskyting i Anterselva, dokumenterte solide kunnskapar om sport og hadde rett svar på alle dei 24 spørsmåla. Vi gratulerer !

Vi fekk inn få svar, men reknar med at mange fleire enn dei som svarte har hatt glede av å prøve seg på spørsmåla.

 

Fasiten kan du sjå her !


0 Kommentar

Olden IL med julequiz

Postet av Olden IL den 22. Des 2006

Vi presenterer her 2x12 spørsmål om sport. Svar kan senast på mail til hans.petter.galtung@sfj.no innan 27/12. Du kan laste ned spm.arka og svare på desse eller berre sende inn svara. Det vert inga premiering - kun heiderleg omtale. Fasit og dei beste reultata vil bli lagde ut på Olden IL si heimeside umiddelbart etter at fristen er gått ut. 1 poeng pr. rett svar, dvs at det kan oppnåast 24 poeng.

 

Dette er ein liten appetittvekkar på den store sportsquizen på Yris kafe i Olden 6. juledag. Dette er ein lagkonkurranse med 1-4 deltakarar på kvart lag.

Vanskegraden på quizen 6. dag vil til dels vere mindre enn på den quizen som her følgjer.        Lukke til !

Olden IL julequiz 2006  Del 1  -   12 rette på tippekupongen ?

Set kryss for rett svaralternativ !

(Spørsmålsstillaren tilhøyrer 1-X-2 – generasjonen. Eg har aldri vent meg til H-U-B.)

 

 

 

1

X

2

 

1.

 

Kor mange sigrar har Helge Hafsås frå Olden på den klassiske maraton-distansen ?                  1) 89        x)  93        2)  97

 

 

 

2.

 

1956-årgangen er ein ”gyllen” årgang. Her kjem ei liste over norske og internasjonale utøvarar som er fødde i 1956, men på ein eller annan måte har det lurt seg inn ein feil. Kven av desse er ikkje fødd i 1956 ?

Ingemar Stenmark, Bjørn Borg, Pål Jacobsen, Per Bergerud, Martina Navratilova, Eric Heiden, Sebastian Coe, Ove Aunli, Anton Innauer, Thomas Wassberg, Ingrid Kristiansen, Berit Aunli, Dag Otto Lauritzen?

      1) Per Bergerud    x) Anton Innauer      2) Eric Heiden

 

 

 

3.

 

Kven har scora flest landslagsmål for Noreg i fotball for menn  gjennom tidene ?     1) Odd Iversen     x)  Tom Lund     2) Jørgen Juve

 

 

 

4.

 

Torbjørn Svendsen har flest fotball-landskampar for Noreg på herresida.

Kor mange landskampar dreier det seg om ?

        1) 104      x)  107       2)  115

 

 

 

5.

 

Kor mange seriemål laga Stryn i årets 3. divisjon ?

         1) 101      x)  107     2)  112

 

 

 

6.

 

Kor mange gongar har Olden IL vunne Oldestafetten uansett klasse ?

                1) 5        x) 8        2) 11

 

 

 

 

7.

 

Kor mange meisterskap (EM,VM,OL) har det norske kvinnelandslaget i handball ?         1)  2        x)  4        2)   6       

 

 

 

 

8.

 

Kva år fekk Noreg sin siste samanlagt verdsmeister på skeiser i all-round ?      1)  1991        x)  1994       2)  1999

 

 

 

 

9.

 

Kven er den siste nordmannen som har sett verdsrekord på skeiser på 500m ?    1) Lasse Efskind    x)  Frode Rønning    2) Roger Strøm

 

 

 

 

10.

 

Kven har lagsrekorden i høgde for Olden IL ?

1) Martin Solheim     x) Asbjørn Gjerde    2) Halvard Muri

 

 

 

 

11.

 

Kva land har flest medaljar totalt i dei olympiske vinterleikane i perioden 1924-2006 ?  1) USA     x) Noreg    2) tidlegare Sovjetunionen

 

 

 

 

12.

 

Kven har den eldste verdsrekorden i friidrett i dei klassiske øvingane ?

        1) Marita Koch ,400m     x) Jarmila Kratochvilova ,800m,

        2) Mike Powell, lengde

 

 

 

 

 

 

 

Olden IL jule-quiz   del 2 .   12 rette svar ?

 

 

Spørsmål

Svar

 

1.

 

Kven vann 10.000m under EM på skeiser for menn i Lahti i 1967 ?

 

 

 2.

 

Kven vart suveren vinnar av Olden IL sin fjelltrim i 2006 ?

 

 

 

3.

 

Kva år vart det først lovleg å bruke reservar i engelsk ligafotball ?

 

 

 

 4.

 

Kor mange medaljar fekk Noreg totalt under OL i Torino ?

 

 

 

5.

 

Kva år tok Leeds sitt foreløpig siste ligagull ?

 

 

 

 6.

 

Kva lag vann nyleg VM for klubblag ?

 

 

 

 7.

 

Hoppveka nærmar seg. Kor mange nordmenn har vunne denne samanlagt ?

 

 

 

 8.

 

Kven var første nordmann over 200m i skiflyging ?

 

 

 

9.

 

Kor mange titlar (EM,VM,OL) tok dei 4 essane totalt ? For dei mindre skeiseinteresserte får vi legge til at det dreier seg om Stensen,Storholt,Stenshjemmet og Sjøbrend.

 

 

10.

 

Kva er Oddbjørn Hjelmeseth si beste individulle plassering i OL ?

 

 

11.

 

Kva er Per Knut Åland si beste individuelle plassering i OL ?

 

 

 

12.

 

Kor mange NM-titlar har sleggekastaren Magne Føleide totalt ?

 

 


0 Kommentar

Betaling av medlemskontingent til Olden IL

Postet av Olden IL den 20. Des 2006

Har du betalt medlemskontingenten din ?

Alle som er med og trener i idrettslagets grupper må betale medlemsskap til idrettslaget.

For medlemmene er dette viktig fordi medlemskapet inkluderer blant annet minimumsforsikringfor barn under 13 år igjennom Norges idrettsforbund.

Barn under 16 år  kr. 175,-
Støttemedlem      kr. 200,-
Vaksne 16 år +    kr. 300,-
Familie                kr. 450,-

Kontonummer til Olden idrettslag er: 3770.20.32211


0 Kommentar

Betaling av medlemskontigent til Olden IL

Postet av Olden IL den 19. Des 2006

Har du betalt medlemskontigenten din ?

Alle som er med og trener i idrettslagets grupper må betale medlemsskap til idrettslaget.

For medlemmene er dette viktig fordi medlemskapet inkluderer blant annet minimumsforsikring for barn under 13 år igjennom Norges idrettsforbund.

Barn under 16 år:    kr. 100,-
Støttemedlem         kr. 150,-
Vaksne 16 år +       kr. 200,-
Familie                   kr. 300,-

Kontonummer til Olden idrettslag er: 3770.20.32211


0 Kommentar

Årsmelding 2006 frå Fjelltrimgruppa

Postet av Olden IL den 16. Des 2006

Medlemer: Ola Vangberg, Anders Bruvoll, Asbjørn Gjerde, Geirmund Kvamme, Ole Andre Kvame og Egil Solheim.(leiar). Ved å gå gjennom bøkene frå ca. midten av november  2005 til ca midten av november 2006 har vi funne ut at der er 6110  registreringar.Talet i fjor (4648 ). På dei ulike postane har vi desse registreringane. Tala for fjoråret står i parantes.

 

Post

Poeng

Turar

Namn

Antal

Huaren

3

1552

 

(1577)

 

Anne Berit Bjørdal

Kari Solheim       

Berit Folven Bergesen

Bernt Bergesen

Egil Solheim

Gerd Sunde

Anna S. Vangberg

Birgr Vangberg 

Arild Sunde    

202

139

100

90

56

53

41

34

30

Skarsteinsetra

3

1064

 

(835)

Birger Fagerlid

Svein Gildestad

Kjell B. Sunde

Ola Vangberg

Per W. Skarstein

Johan Fredheim

Reidun H. Skarstein

132

90

65

54

48

41

39

Avleisetra

5

461

 

(!58)

Anne Berit Bjørdal

Kari Solheim

Egil Solheim

Magne Bjørdal

107

53

32

20

Kvamssetra

5

315

 

(171)

Jon Olav Kvamme

Per Magne Kvamme

Jakob Aaberg

28

18

12

Vangbergsetra

3

296

 

(250)

Ola Vangberg

Kjell Bj. Sunde

Hildegunn Vangberg

John Gunnar Mørch

122

28

20

19

Honnvasshytta

5

317

 

(297)

Kjell Bj. Sunde

Birger Fagerlid

Pål. Skarstein

Ola Vangberg

Arne Heggestad

Svein Gildestad

Andreas Skoglid

34

22

12

11

11

11

11

Laukisetra

5

298

(212)

Linda Alsaker       

Liv Rygg

Bente Ljosdal

11

10

10

Sundsdalen

5

154

(93)

Eldbjørg Sunde

Ole Andre Sunde

18

8

Brenndalen

3

199

(141)

 

 

Signe Aabrekk

Asbjørn Indrebø

Kristine Høgalmen

Dagrun Indrebø

39

9

8

7

Sundssetra

3

637

(285)

Frode Myrold

Jon Gjerde

Janne Helen Gjerd

Gunnar Gjerde

70

64

53

53

Agjeldsetra

3

106

(127)

Magne Agjeld

Jogeir Agjeld

Gry Ingvild Agjeld

Ingunn Olina Agjeld

9

9

6

6

Melheim/Solheimsetra

10

65

(53)

Roar Alsaker

Ole Solheim

8

6

Nonshaugen

3

97

(91)

Ola Vangberg

Kjell Bj. Sunde

Birger Fagerli

Hildegunn Vangberg

29

8

6

6

Murisetra

5

104

(74)

Bjørn Muri

Per Jørgen Thowsen

Berit Melheim

19

5

4

Flatsteinbu

10

 

(58)

 

 

 

 

Høgalmensetra

3

177

(48)

Reidun Høgalmen

Kristine Høgalmen

Lillian Mykløen

43

25

15

Oldeskaret

10

(30)

 

 

Yrisetra

3

266

(196)

Anne Mykløen

Lillian Mykløen

Stig Daniel Mykløen

Dag AsleMykløen

22

17

12

12

 

Her kjem lista over dei som har samla flest poeng:

 

1     Anne Berit Bjørdal              1241 poeng

2     Ola Vangberg                      722 poeng  

3     Kari Solheim                       658 poeng

4     Kjell Bj. Sunde                    478 poeng

5     Berit Folven Bergesen          340 poeng

6     Egil Solheim                       333 poeng

7     Svein Gildestad                   331 poeng

 

Fordeling av antall turar på dei ulike postane  

 

Dei ulike postane har i år hatt  jamt over fleire besøk enn dei hadde i fjor. Etter det vi kan sjå, er det to turgåarar som har vitja alle postane.

Det er Anne Berit  og Magne Bjørdal..

Bøkene ligg ute, så gå tur og skriv dykk inn.

 

 

For fjelltrimgruppa:  Egil Solheim (leiar).    


0 Kommentar

Val i Olden IL for 2007

Postet av Olden IL den 14. Des 2006

Olden IL 2007

 

Hovedstyre 2007:

 

Oldenstafettnemd:

 

Leiv Arne Egset

Leiar

Anders Bruvoll

Leiar

Hans Petter Galtung

Nestleiar

Andreas Skogli

 

John Gunnar Mørch

kasserar

Dagfinn Gytri

 

Oddbjørg Tonning

styremedl

Asbjørn Gjerde

 

Ingrid Fjellestad

 

Asgeir Stokke

 

Repr. Idrettskule

 

 

 

 

 

 

 

Idrettskulen:

 

Banenemd:

 

Hilde Olsbø

 

Jostein Gjerde

 

Oddbjørg Bø Muri

 

Kjell Nesje

 

Rita Haugen

 

Rasmus Bjarne Brynestad

 

Mette Hansen

 

 

 

 

 

 

 

Fotballgruppa:

 

Idrettsmerkegruppe:

 

Odd Sunde

 

Egil Solheim

Leiar

Bjarte Haugen

 

Rigmor Sunde

 

Frode Myrold

 

Bernt Bergersen

 

Silje Opheim

 

 

 

Andreas Drageset

 

 

 

Per Briksdal

 

Fjelltrimgruppe:

 

Friidrettsgruppa:

 

Anders Bruvoll

 

Hans Petter Galtung

Leiar

Ola Vangberg

 

Sigrid Skarstein

 

Ole Johan Hugland

 

Asgeir Stokke

 

Asbjørn Gjerde

 

Joar Sunde

 

Ole Andre Kvamme

 

 

 

Anne Berit Bjørdal

 

Ski/Skiskyttargruppa:

 

Jon Olav Kvame

 

Andreas Skogli

Leiar skisk.

 

 

Hans Petter Galtung

Leiar ski

Valnemd:

 

Roar Alsaker

 

Andre Opheim

 

Osvald Olsen

 

Reidun Høgalmen

 

 

 

Ståle Solheim

 

Alpingruppe:

 

 

 

Pål Skarstein

Leiar

Revisorar:

 

Benny Fredheim

 

Oddbjørg Bø Muri

 

Odd Kjetil Tonning

 

Alvhild Flåten

 


0 Kommentar

Kontaktinformasjon

Postet av Olden IL den 14. Des 2006

Har du kommentarar til sidene eller resultater/bilder fra et idrettsstevne, kan vi kontaktast på john_g_morch@yahoo.com.

0 Kommentar

Helge Hafsås - den nye Mensen Ernst

Postet av Olden IL den 9. Des 2006

Den store løparkongen først på 1800-talet, sogningen Mensen Ernst, skal kun ha brukt 14 dagar på strekninga Paris -Moskva. Helge sprang i helga 219 km på knappe 21 t (20t. 40min.) Dessverre måtte vår eigen maratonkonge gje seg på dette tidspunktet, men enda likevel som nr. 5  i 24t.-løpet på Bislet. Han var berre 14,5 km bak vinnaren Christian Ritella frå Sverige.

 

Se resultater på: http://kondis.no/

Då Helge måtte kaste inn handkleet etter 401 rundar i den 545m lange løypa under tribunane på Bislet, leia han framleis løpet 13,6 km føre Ritella.

I etterkant er det nok litt surt for Helge å tenkje på at han kunne vunne løpet berre ved å spasere roleg dei siste 3t. og 20 min. 14,5 km på så lang tid er svært roleg tempo.

Hadde Helge visst dette på det tidspunktet han stod av, trur vi han ville kunne fullført trass i svært vonde og støle bein Men her nyttar det ikkje å vere etterpå klok. No rakk han i allefall ekspressbussen heim kl. 09.30 på søndag.

 

Som vanleg la Helge ut i eit morderisk tempo kl. 12.00 på laurdag. Det vart faktisk snakka om 3.45 fart, men sjølvsagt måtte han roe ned nokså fort. Uansett låg han ei god stund føre verdsrekorden og svært lenge langt føre norsk rekord.

 

Etter 12 t hadde han tilbakelagt heile 274 rundar og 149,3 km. Dette var 12,1 km lenger enn vinnaren av 12t.- løpet dansken Kim Rasmussen ,som sette dansk rekord.

Dessutan var det eit hav føre den norske rekorden i 12t.-løp. Dessverre kan ikkje Helge si passering godkjennast som norsk rekord sidan han deltok i 24t.-løpet.

 

Etter å ha sprunge i 15 1/2 time var avstanden til nr. 2  heile 31 km. Etter ca. 18 t. byrja Helge å få skikkeleg problem med beina og måtte legge inn stadig meir gåing, men hadde altså framleis ei klar leiing då han fann ut at nok fekk vere nok etter knappe 21 t.

 

Uansett om Helge ikkje samlar på 5. plassar, har han likevel levert ein stor prestasjon. 219 km er eit svært godt  resultat. Tek vi og i betraktning at førebuingane var minimale bl.a heilmaraton laurdagen før, lite oppladning, inga erfaring med slike distansar, ikkje noko støtteapparat på Bislet og den lange bussturen til Oslo natta før løpet - forstår vi at Helge sin prestasjon er imponerande.

 

69 menn og 11 kvinner deltok på 24t.-løpet. Beste kvinne vart Edit Berces frå Ungarn med gode 214,7 km.


0 Kommentar

Helge med siger nr. 100

Postet av Olden IL den 4. Des 2006

Laurdag 2. des. vart det ein ny utklassings-siger på maraton til Helge Hafsås. I maratonkarusellen i Bergen var han med tida 2.33.34 heile 23 min. føre nestemann.

Dette var siger nr. 100 i maratonløp/ultraløp. Helge står no bokført med 93 1. plassar i maraton, 5 1. plassar i 63 km-løp og 2 topp-plasseringar i 100km-løp.

Sigeren i Bergen var den 13 på maraton denne sesongen. Vinn han også Nyttårsmaraton i Ålesund 29/12, vil han og tangere sin eigen rekord frå i fjor med 14 førsteplassar på maraton på eitt år.

Når vi først er inne på statistikk, vi lurer på om Helge i tillegg kan ha norgesrekorden (evt. verdsrekorden) i antal maratonløp under 2.40. Han har nemleg så langt sprunge under 2.40 heile 78 gongar. Reknar vi og med maratonpasseringane på ultraløp, vert talet 82. Av desse igjen har 39 av løpa gått unna på tider under 2.35. Helge har mange store prestasjonar bak seg, men 82 gongar under 2.40 er kanskje det som imponerer oss aller mest. Men vi veit at for Hafsåsen er det aldri snakk om å ta det med ro og berre sikre sigeren. Her er det full pinne uansett.

Vi får prøve å finne ut av dette ved eit seinare høve.

Oppdatert liste over alle maraton-/ultraløp-sigrane til Helge kan du finne i dokumentarkivet på heimesida.


0 Kommentar

Vellukka basar i Aldaheim

Postet av Olden IL den 21. Nov 2006

35.500 til idrettslaget. "Ricco Vero- pokalen" til Anders Muri

Laurdag 18/11 avvikla Olden IL sin årlege idrettsbasar. Det var godt frammøte og god basarstemning i Aldaheim. Bruttoresultatet vart heile kr. 35.500.

Av dette kom det inn ca. 15.800 på loddbøkene og 19.700 på åresalet.

 

Olden IL vil takke bygdefolket for den gode støtta og spesielt takke basarkomiteen for eit godt gjennomført arrangement. Ei stor takk også til alle som har bidrege med gevinstar.

Den gode utviklinga i idrettslaget held fram og pengane kjem vel med. Dei vil først og fremst bli brukte til å skape aktivitet blant den yngre garde og til nødvendige innkjøp av utstyr til denne aktiviteten.

 

Eit av høgdepunkta på basaren var utdelinga av stimulanspokalen, "Ricco Vero- pokalen", til 13-åringen Anders Muri.

I grunngjevinga som Hans-Petter Galtung las opp på basaren heiter det m.a. :

Olden IL har fleire utøvarar som har hevda seg godt i 2006, i alpint, fotball og friidrett.Men blant dei yngre er det særleg ein utøvar som har utmerka seg spesielt.

Under Regionsleikane i Haugesund, i konkurranse med dei beste friidrettsutøvarane frå Vestlandet og Sørlandet oppnådde Anders sølv på 60m og i lengde, og bronse på stafetten.

Han tok 3 gull under KM for Sogn og Fjordane i Florø : 60m, lengde og 4x60m stafett.

Under Sparebankleikane på Byrkjelo vart det siger både i lengde og på 60m.

Vidare vart det 4 gull i DM for Nordfjord på Byrkjelo : 60m, lengde, 600m og 4x60m stafett. I tillegg sølv i høgde.

Anders er faktisk ein av Norges beste friidrettsutøvarar i si klasse. På Norgesstatistikken for 2006 er han nr. 5 i lengde med resultatet 5.15 m.

På 60 m er han nr 7 med 8.25. Med manuell tidtaking er han på 60m nr. 2 i Norge med 7.8.

Han har vidare beste resuilatet i Sogn og Fjordane i 2006 i 3 øvingar : 60m, lengde og 200m

 

Anders har og vore ein sentral spelar på Loen/Olden sitt gode smågutelag i fotball.

Han har hatt svært godt treningsframmøte og vore flink til å stille opp på ulike arrangement i regi av Olden IL.

Han har vist svært gode haldningar til idretten.

 

Olden IL gratulerer med ei vel fortent utmerking og håpar at denne tildelinga skal vere ein stimulans til vidare satsing på idretten.


0 Kommentar

Helge nærmar seg 100 sigrar - Suveren på Jessheim vintermaraton.

Postet av Olden IL den 20. Nov 2006

Helge Hafsås tok sin 12 maratonsiger for året og den 92. totalt då han gjekk til topps på Jessheim vintermaraton søndag 19 november.

Tida vart så god som 2.31.40. Nr. 2 i løpet kom inn på 2.45.18.

Olden IL gratulerer Helge med nok ein maratonsiger.

I tillegg til dei 92 førsteplassane på maratondistansen har Helge også vunne 7 ultraløp over distansane 63 km og 100 km. Dette betyr at han pr. 19/11-06 er oppe i fantastiske 99 sigrar i slike lange løp. Helge har dermed sjansen til å innkassere siger nr. 100 i løpet av 2006. Dette kan skje i Bergen 3 des. eller i Ålesund 29. des.

 

Se resultatlisten!

 

Bilder


0 Kommentar

Helge Hafsås først i mål

Postet av Olden IL den 14. Nov 2006

5 runde i løpskarusellen Sunnfjord/Ytre Sogn vart avvikla i Naustdal søndag 12 nov.

Helge fekk tida 17,13 i det 5,2 km lange løpet og var med det 1 min. og 20 sek. føre Odd Rognebakke frå arrangørklubben Tambarskjelvar.

 

Komande søndag skal Helge prøve seg på Jessheim Vintermaraton for første gong.

Sjølv er han ikkje fornøgd med forma for tida, men vi får sjå om ikkje det går betre når startnummeret kjem på.

Helge har elles planar om ytterlegare to maratonløp i 2006, Bergen 3 des. og Ålesund Nyttårsmaraton 28 des.

 

Resultat 


0 Kommentar

Avslutningsfest for fotball og friidrett

Postet av Olden IL den 31. Okt 2006

Fredag 3 nov. vert det avslutningsfest for fotball- og friidrettsgruppa i Aldaheim.

Alle som har delteke på fotball eller friidrett eller begge deler i 2006 er inviterte.

Fredag 3 nov. vert det avslutningsfest for fotball- og friidrettsgruppa i Aldaheim.

Alle som har delteke på fotball eller friidrett eller begge deler i 2006 er inviterte.

For fotball omfattar dette alle som har vore med på miniturneringar eller spelt i serien.

13 og 14 åringane som har spelt for Loen/Olden er sjølvsagt også inviterte.

For friidrett gjeld det alle som har delteke på trening/konkurransar dette året.

 

I år deler vi festen i to :   18.00 - 20.00   1-4 klasse

                                   19.30 - 22.00   5 klasse og oppover

                                   Det vert felles måltid for alle kl. 19.30 - 20.00

 

Av innhaldet elles kan vi nemne premieutdeling for fotball og friidrett.

I friidrett vert det premieutdeling for løpskarusellen og for dei to lagsmeisterskapa som er avvikla. Det er nok å ha vore med på eitt av arrangementa for å få premie.


0 Kommentar

Idrettslagsbasaren

Postet av Olden IL den 31. Okt 2006

Vert avvikla i Aldaheim laurdag 18 nov. kl. 14.00

Set av denne laurdags-ettermiddagen allereie no og ver med å støtt Olden IL.


0 Kommentar

Helge med nok ein siger

Postet av Olden IL den 31. Okt 2006

Denne gongen galdt det 4. runde i  løpskarusellen Sunnfjord/Ytre Sogn.

I det 9 km lange løpet var Helge 2,26 min. føre nestemann, Odd Rognebakke frå Tambarskjelvar.


0 Kommentar

Helge med ny norsk rekord på 100 km

Postet av Olden IL den 23. Okt 2006

Under Bergen Ultra på laurdag forbetra Helge Hafsås si eiga norske bestenotering på 100 km med over 7 min. Sluttida vart 6.50.15 mot 6.57.40 i fjor.

Maraton vart passert på 2. 38. 23 og 50 km på 3.10.05

Vi gratulerer Helge med nok eit sterkt løp og nok ein rekord


0 Kommentar

Helge Hafsås med to nye løpssigrar

Postet av Olden IL den 10. Okt 2006

Denne helga gjekk Helge til topps i det nye motbakkeløpet "Hovlandsstøylen Opp" i Eikefjord.

Han brukte 20.34 på dei 420 høgdemeterane og var med det 1 min. og 18 sek. føre nestemann. Det knappe 4 km lange løpet gjekk for det meste på grusveg og passa derfor Helge betre enn ein del av dei andre etter kvart så talrike motbakkeløpa

rundt omkring i landet.

Forrige helg var det Florømila det galdt. Helge si vinnartid her, 34.29, var ca. 1 min raskare enn vinnartida hans frå i fjor.


0 Kommentar

Årets siste friidrettsstemne

Postet av Olden IL den 3. Okt 2006

Fem frå Olden deltok på regionsleikane  på Sandane søndag 1 oktober. Dei fem som hadde ein fin friidrettsdag på Sandane var Anders Egset, Are Tenden, Erik Sunde, Nils Rytterager og Sondre L. Galtung. Alle gjorde ein fin innsats i øvingane 60m, lengde, liten ball og stafett.

 

Resultata.

 

Sjå bilete !


0 Kommentar

Ny siger til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 25. Sep 2006

Denne gongen galdt det Nordstrandløpet i Gloppen laurdag 23 sept. Vinnartida vart 21.12 noko som er 33 sek svakare enn fjorårsresultatet.

Einar Strand vart nr. 2 i klasse 50-54 år

Dette var sjette og siste løpet i Nordfjordkarusellen. Helge Hafsås vart her samanlagtvinnar for 15 året på rad !. Han har vunne alle dei 3 løpa han har delteke i.

Einar Strand, som har heile 10 samanlagtsigrar frå før, måtte i år nøye seg med 2 plass i klasse 50-54 år. Han har delteke på 5 av dei 6 løpa.


0 Kommentar

Kjempe-innsats av oldarane på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 24. Sep 2006

8 gull og totalt 20 medaljar under DM i friidrett for Nordfjord

Resultater

Bilder

Olden IL var representert med heile 15 utøvarar under DM og krinsleikar i friidrett på Byrkjelo stadion laurdag 23 sept. Dei 9 deltakarane i DM kunne innkassere heile 8 gullmedaljar og totalt 20 medaljar. Vi trur at dette må vere den beste Olden-innsatsen på eit DM gjennom tidene og altså endå betre enn DM i 2004 då Olden tok 17 medaljar derav 2 gull.

Her kjem medaljelista :

Anders Muri (13) : Gull : 60m, 600m og lengde. Sølv i høgde.

Dag Asle Mykløen (14) : Gull 60m og lengde. Sølv i kule

Andrea Guddal Muri (11) : Gull i kule. Sølv i høgde

Asgeir Flåten (11) : Gull på 600m

Gull vart det også på 4 x 60m stafett. Med på vinnarlaget var : Dag Asle Mykløen, Sondre Guddal Muri, Nils Rytterager og Anders Muri. Men denne gongen vart Svelgen (DM for Sunnfjord) for sterke. Anders Muri stod for ei fantastisk opphenting på sisteetappen, men kom 1/100 sek. for seint.

Sondre Guddal Muri (13) : Sølv i kule og spyd. Bronse på 60m

Helga Skarstein ( 11) : Sølv i lengde og bronse i høgde.

Nils Rytterager (11) : Sølv på 60m og liten ball. Bronse i lengde.

Erik Sunde (11) : Bronse i kule

Dei som var 9 og 10 år deltok på krinsleikar i øvingane 60m, lengde og liten ball. Her deltok ti-åringane Anders Egset og Are Tenden. I klasse 9 år var desse med : Andreas Løken, Lars Marius Kveen Gjertsen, Rasmus Skarstein og Jonas Eide. Også desse oppnådde mange gode resultat.

Vi kjem tilbake med bilete seinare.

Vi minner elles om påmeldingsfristen for Prix Regionsleikar på Sandane 1/10. Fristen er 27/9.


0 Kommentar

Nytt frå friidrettsgruppa - sesongens siste friidrettstrening

Postet av Olden IL den 21. Sep 2006

Onsdag 20/9 vart sesongens siste friidrettstrening gjennomført ved Olden skule.

Heile 19 stilte opp. Så mange har vi aldri hatt på friidrettstrening i haustsesongen.

På programmet stod m.a. eit såkalla 0-løp. Her galdt det å springe to rundar i joggeløypa med så liten tidsdifferanse på rundane som mogleg. Vinnarar vart Jenny Vangberg Solstad (9) og Andrea Guddal Muri(11) som begge presterte å springe dei to rundane nøyaktig like fort. På dei neste plassane følgde Rasmus Skarstein (9) med ein differanse på 4 sek og Asgeir Flåten (11) med 5 sek. differanse.

 

Heile 15 unge frå Olden i alderen 9-14 år er påmelde til friidrettsstemnet på Byrkjelo laurdag 23 sept. 9 av desse konkurrerer i Distriktsmeisterskapen for Nordfjord, medan dei yngste (9-10år) deltek i krinsleikane som avgrensar seg til øvingane 60m, lengde og liten ball.

Stemnestart kl. 12.00. Avreise frå Ica kl. 10.30.

Oldarane står for heile 51 enkeltstartar så her trengst det oppfølgjing både av leiarar og foreldre.


0 Kommentar

Helge Hafsås med 3 maratonsigrar på 15 dagar

Postet av Olden IL den 19. Sep 2006

Helge gjekk laurdag til topps i  eit maratonløp for 3 helga på rad.

Denne gongen galdt det Stemshaug maraton på Aure på Nordmøre.

Tida vart 2.36.53. Dette er eit stykke bak hans eigen løyperekord, men likevel ei imponerande tid når ein tek i betraktning at dette var hans tredje maraton i løpet av berre 15 dagar.


0 Kommentar

Prix Regionskleikar i friidrett på Sandane

Postet av Olden IL den 19. Sep 2006

Datoen er no endeleg fastsett til søndag 1 okt. kl. 13.00

Stemnet er eigentleg for aldersgruppa 9-12 år, men 8-åringar

(f.1998) kan og få vere med. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 27/9. Sjå innbyding !

Dette betyr at det for aldersgruppa 9-12 år gjenstår to stemner ; Byrkjelo laurdag 23/9 eller Sandane søndag 1/10. Det går sjølvsagt å delta på begge stemna.

Se invitasjon.


0 Kommentar

Strålande friidrettsdag på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 18. Sep 2006

 

Laurdag 16 sept. vart Olden-meisterskapen i friidrett avvikla på Byrkjelo stadion. I det fantastiske haustveret vart det oppnådd mange fine resultat. Nytt av året var at nokre fekk prøve seg på 60m hekk. Sjølv om det vart meir hekkehopping enn hekkeløping, var resultata upåklagelege.

Elles vart det konkurrert i 60m, 600m, lengde, høgde, spyd, liten ball og kule.

Det var noko skuffande at berre 12 utøvarar stilte til start, men dei som var med såg ut til å kose seg. Ei stor takk til funksjonærane som sytte for eit prikkfritt arrangement : Sigrid Skarstein, Gro Birgit Egset, Oddbjørg Muri, Ole Johan Haugland, Roar Alsaker, John Guunar Mørch og Trygve Rytterager.

Ei stor takk også til Breimbygda IL som stilte anlegg og utstyr gratis til disposisjon.

Sjå resultat !


0 Kommentar

INFORMASJON FRÅ FRIIDRETTSGRUPPA

Postet av Olden IL den 16. Sep 2006

DM FRIIDRETT FOR NORDFJORD OG SUNNFJORD , 11-18 år

OG DNB NOR MANGEKAMP 9-12 ÅR

Byrkjelo stadion laurdag 23 september KL. 12.00

Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 27/9. Tlf. 41530792/57873050

Øvingar : 9-12 år : 60m, lengde og liten ball. Alle som deltek i desse øvingane vil få premie.

DM, 11-18 ÅR : G/J 11-12 ÅR : 60m,600m,lengde,liten ball,høgde,kule

G/J 13-14 ÅR : 60m,600m,lengde,kule,spyd,høgde,diskos

4x60m stafett (samla alder ikkje over 51 år)

For eldre årsklassar sjå oppslagsboka! Sjå innbyding !

Mesdaljar til dei 3 beste i kvar øving.

PRIX REGIONSLEIKAR FOR NORDFJORD , 9-12år

Sandane 30/9 eller 1/10, 60m,lengde,liten ball og stafett 4x60m. Meir info. seinare

MEIR INFO FRÅ FRIIDRETTSGRUPPA :


0 Kommentar

Ny stor helg for friidretten i Olden 9-10 september 06

Postet av Olden IL den 12. Sep 2006

Helge Hafsås til topps i Trondheim Maraton

Anders Muri med to sølv under Regionsleikane i Haugesund

Helge Hafsås til topps i Trondheim Maraton

Dette var Helge sin sjette siger på rad i det tradisjonsrike maratonløpet i Trondheim.Som vanleg var han heilt suveren. Med tida 2.30.50 sletta han sin eigen løyperekord frå i fjor med 1.42 min. Dette var hans 10 maratonsiger denne sesongen. Han har no totalt vunne 90 maratonløp! 

Helge sin 6 siger på rad og ny løyperekord i Trondheim maraton.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trondheim maraton 2006. Helge i tet frå start til mål.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anders Muri med to sølv under Regionsleikane i Haugesund  

Under krinskampen mellom Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka i Haugesund var Olden representert ved Anders Muri og Sondre Guddal Muri.

I den harde konkurransen oppnådde Anders 2. plass både i lengde og på 60m. I lengde passerte han 5 m for tredje gong i år. Det lengste spranget målte 5,01.

På 60m sette han ny pers. i forsøket med 7,8 (manuell tid) . I finalen vart tida 8,00 (elektronisk). Dette var kun 9/100 bak vinnaren Mathias Øverland frå Vegårdshei (Aust-Agder). Anders var og med å sikre 1. laget til Sogn og Fjordane bronsemedalje på stafetten.

Vidare debuterte han på 200m. Tida vart 27,77, som heldt til ein fin 6 plass.

 

Sondre Guddal Muri deltok i kule og spyd. I spyd oppnådde han ein flott 6 plass. Resultatet 37,60 er ny personleg rekord og berre vel 2 m frå bronseplassen. Pers. vart det og på Sondre i kule med resultatet 9,29.

 

Resultater fra helgens stevne finner du her 


0 Kommentar

Helge Hafsås, den fantastiske maratonmannen frå Olden

Postet av Olden IL den 12. Sep 2006

Helge forbetrar stadig sin eigen verdsrekord i talet på vunne maratonløp.
Han er no oppe i heile 90 sigrar. Han har eit solid forsprang til nestemann på lista som er Doug Curtis frå USA med "berre" 40 sigrar.
Her kjem lista over alle dei lange løpa Helge har vunne

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline