Hafsås med ny løyperekord i Bergen

Postet av Olden IL den 6. Des 2009

Foto:maratonkarusellen.noLaurdag tok Helge Hafsås sin 126 maratonsiger. Under maratonkarusellen i Bergen sette han ny løyperekord med tida 2.37.21. Nr. 2. i løpet kom inn på 2.51.38. Dette var Helge sin 12 maratonsiger i 2009. I tillegg har han vunne 3 ultraløp dette året. Tida er den nest beste han har prestert i år. Helge hadde på førehand sett seg som mål å setje ny løyperekord. Det greidde han med ein margin på vel eit minutt. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal sprang i sitt 375 maratonløp inn til årsbeste på tida 3.41.35. Inge Asbjørn er den mannen i Norge som har sprunge flest maratonløp. Forrige søndag deltok han også i Lanzarote maraton der han vart nr. 8 i klasse 55-59 år.

Flere bilder.



Flott idrettslagsbasar

Postet av Olden IL den 23. Nov 2009

Det var god stemning og fullt hus då Olden IL avvikla den tradisjonelle idrettslagsbasaren i Aldaheim på søndag. Det kom inn godt over 36.000 kr. Eit resultat idrettslaget seier seg svært godt fornøgd med. I pausen fekk Helge Hafsås overrekt blomster av leiar i friidrettsgruppa Hans-Petter Galtung. Olden IL ynskte å markere at Helge i august vart offisiell norsk meister i ultraløp for andre gong då han vann 6-timersløpet på Eidsvoll. Så langt i år har han vunne 11 maratonløp og 3 ultraløp.

Olden IL vil takke alle som støtta idrettslaget med gevinstar og  kjøp av lodd/årar. Ei særleg takk til basarkomiteen som stod for avviklinga av ein svært vellukka basar.



Olden IL-drakter

Postet av Olden IL den 23. Nov 2009

Idrettslaget har no fått eit nytt "opplag" av overtrekksdrakter. Prisar : Barn kr. 450,- , vaksne kr. 550,- Linda Alsaker står for sal av draktene. Kva med ei Olden-drakt i julegåve ?


Vellukka avslutningsfest i Aldaheim

Postet av Olden IL den 21. Nov 2009

Fredag kveld var ca. 60 yngre samla til avslutningsfest for fotball og friidrett i Aldaheim. Det var tilbakeblikk på sesongen i form av bildeshow redigert av Bjarte Haugen, premieutdeling, sportsquiz og sjølvsagt pizza, pølse med brød og brus. Olden IL takkar alle som var med og hjelpte til for å få dette arrangementet vel i hamn.


Helge med årsbeste på Jessheim

Postet av Olden IL den 16. Nov 2009

Foto:kondis.noHelge Hafsås vann laurdag Jessheim Vintermaraton på tida 2.35.50. Dette er solid årsbestenotering og den beste tida han har oppnådd på maratondistansen sidan han runda 100 maratonsigrar i Ålesund i mai 2007. Han var knapt 4 min. føre nr. 2 i løpet. Det var gode tilhøve med duskregn og 8 plussgrader for dei 80 løparane som starta på heilmaraton.


Årsmøte 12. des.

Postet av Olden IL den 9. Nov 2009

Mandag 12. desember er det klart for årsmøte i Olden IL kl  20:00 på Olden Helsetun

Saksliste . 



Hafsås til topps i Bergen

Postet av Olden IL den 26. Okt 2009

Foto:kondis.noHelge Hafsås leverte ein sterk 100 km i Bergen på laurdag. Med tida 7.11.43 var han ein god halvtime føre Per Olav Bøyum, Syril. Dette er vel 24 min raskare enn det han sprang på i same løypa i fjor. Det er likevel langt fram til hans eigen norske rekord frå 2006 på 6.50.15. Det var fine forhold under løpet. Som vanleg opna Helge knallhardt og passerte maraton på 2.45.36. Han fekk ein down-periode etter ca. 60 km, men kom igjen på slutten og greidde å heve tempoet igjen på dei siste to mila. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal gjennomførte og 100 km-løpet.

Les meir på kondis.no



Helge Hafsås klar for 100km i Bergen

Postet av Olden IL den 23. Okt 2009

Laurdag stiller Helge til start på 100 km i Bergen. I fjor vart han norsk meister på distansen, nettopp i Bergen. Start og mål er på Fana stadion. Løypa er 20 km og skal springast 5 gongar. Vinnartida i fjor var 7. 35.54. Vi trur at Helge er god for ei langt betre tid i år.


Helge Hafsås vann ultraløp i Drammen

Postet av Olden IL den 5. Okt 2009

Laurdag tok Helge Hafsås ein ny siger i ultraløp då han vart suveren vinnar av Kick-Master Ultra Maraton i Drammen. Helge brukte 3.21.32 på dei 50,6 kilometarane og var 38 min. føre nestemann i løpet. Han passerte maraton på 2.44.48. Det var heller dårlege tilhøve undervegs, både vått og kaldt. Helge har no vunne 13 ultraløp og 124 maratonløp. Neste større oppgåve er 100 km i Bergen 24. okt.


Kjendisen Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 27. Sep 2009

Helge Hafsås vann i dag Flora-mila overlegent på  tida 35 29.Han var 2.21 min. føre Jan Arve Solheim. Han fekk og stor spalteplass i laurdagsmagasinet i Dagbladet i dag. Heile fem heilsider hadde Dagbladet spandert på Olden sin store son.  


Prix regionsleikar på Sandane søndag

Postet av Olden IL den 22. Sep 2009

Prix regionsleikar vert arrangert på Sandane søndag 27. sept. kl. 13.00. Dette er eit rekrutteringsstemne for aldersgruppa 8-12 år. Øvingane er 60m, liten ball og lengde + 4x60m stafett. Alle deltek på alle øvingane. Medaljar til alle. Påmelding til Hans-Petter tlf. 41530792 seinast torsdag 24/9. Vi håpar at mange vert med på dette som er årets siste større stemne. Før haustferien tek Olden IL elles sikte på å arrangere det siste karusell-løpet og kanskje eit lagsmeisterskap på Byrkjelo. Vi har allereie hatt eit LM i Hornindal. Men er det interesse for det kan vi arrangere eit avslutningsstemne på Byrkjelo i tillegg.


To KM-titlar til Anders Muri

Postet av Olden IL den 21. Sep 2009

Foto: http://www.firdaposten.no/

Anders Muri vart krinsmeister på 100m og i tresteg i 16-årsklassa i Florø på laurdag. Tida på 100m vart 12.13, 1/100 framfor Jørgen Sunde Farsund, Førde. I tresteg oppnådde han 11.73, 13 cm bak persen. Anders var einaste deltakar frå Olden denne gongen.



KM og krinsleikar i Florø 19-20sept.

Postet av Olden IL den 15. Sep 2009

Komande laurdag og søndag er det klart for KM i Florø for alle som er 13 år og eldre. Det vert og arrangert krinsleikar for klassane 10-12 år. Øvingane er fordelte på to dagar også på krinsleikane. Laurdag er det 60m og lengde, søndag liten ball og 600m. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 16 sept. kl. 21.00


Hafsås vann igjen

Postet av Olden IL den 13. Sep 2009

Laurdag vann Helge Hafsås Stemshaug maraton i Aure på Nordmøre for sjette gong på rad. Under dårlege tilhøve med regn og vind kom han inn på 2.52.10. Inge Asbørn Haugen, Hornindal var fornøgd med å vere under timen bak med tida 3.49.36. Dette var Helge sin 4. siger på kort tid. På 4 helgar har han no blitt norsk meister på 6-timersløp og vunne Nordvest maraton, Trondheim maraton og Stemshaug maraton. Imponerande, men det er gjort før. Det var han sjølv som stod for nøyaktig den same bragden i 2007. Den gongen var det ikkje offisielt NM i 6-timersløp på Eidsvoll, men til gjengjeld sette han då nordisk rekord for så på 3 helgar å vinne akkurat dei same maratonløpa som i år.

Sjå elles reportasje på kondis.no



Maratonsiger nr. 123 til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 7. Sep 2009

Helge Hafsås tok ein suveren siger i Trondheim maraton i går. Med tida 2.37.54 var han vel ti min føre nr. 2 i løpet. Dette er Helge si nest beste tid på distansen i år, knapt eitt min. svakare enn i Ålesund i mai. Det var Helge sin 8 siger i Trondheim maraton.  Inge Asbjørn Haugen, Hornindal vann klasse 55-59 år på ny årsbeste, 3.41.49


Lagsmeistersakp i friidrett komande onsdag

Postet av Olden IL den 7. Sep 2009

Onsdag 9. september  samarbeider Olden IL med Hornindal, Vikane og Oppstryn om å arrangere lagsmeisterskap i friidrett på Hornindal stadion. Alle som er 8 år og eldre kan delta. Øvingar : 60, 100m, lengde, høgde, liten ball, spyd, kule, 600m og 800m. Felles transport frå Ica kl. 17.00. Påmelding frå kl. 18.00. Stemnestart kl. 18.30. Alle som deltek vil bli premierte på avslutningsfesten.

 



Ny siger til Hafsås

Postet av Olden IL den 30. Aug 2009

Berre ei veke etter NM-tittelen på 6-timersløp kunne Helge Hafsås innkassere enno ein maratonsiger. Med tida 2.47.32 var han suveren under Nordvest Maraton på Hareid. Einar Strand vart totalt nr. 2 på halvmaraton med tida 1.32.32. Nest best tid på maraton hadde "årets nykomar" Audun Skogen frå Innvik med 2.58.35. På Eidsvoll sist helg sprang Skogen 77 km og vart med det nr. 4 totalt. Inge Asbjørn haugen sette på ny årsbeste på maratondistansen med 3.48.51.


Meir om NM

Postet av Olden IL den 24. Aug 2009

Som vanleg la Helge Hafsås ut i stort tempo. Undervegs i løpet fekk han imidlertid så store problem at han var nær ved å bryte løpet. Etter 4 timers løping måtte han gje frå seg leiinga, men Helge har ein utuleg viljestyrke og greidde å kome tilbake og vinne ein klar siger 1,5 km føre Jon Harald Berge, IF Sturla,  med 82,856 km og Gjermund Sørstad, SK Vidar, med 82,722 km.

 



Hafsås norsk meister

Postet av Olden IL den 23. Aug 2009

Helge Hafsås innfridde og tok sin andre offisielle NM-tittel i ultraløp då han vann Eidsvoll 6-timers på laurdag. Han enda på 84,356 km. Dette er over ein km lenger enn det han oppnådde i fjor, men vel ein km bak hans eigen norske rekord. Olden IL gratulerer Helge med ein ny NM-tittel. Kvinneklassa vart vunnen av Margrethe Løgavlen, Tønsberg FIK som sette ny norsk og nordisk rekord med 81.891 km. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal oppnådde 62,122 km og vart med det nr. 3 i klasse 55-59 år og totalt nr. 37 av dei 84 som fullførte i herreklassa.


Kan Helge Hafsås ta ein ny NM-tittel ?

Postet av Olden IL den 21. Aug 2009

I morgon stiller Helge Hafsås til start på NM i 6-timersløp (Eidsvoll 6-timers) Dette er det aller første offisielle NM i denne øvinga. Helge har sjølv den norske rekorden med 85,490 km på 6 timar og må finne seg i å vere favoritt til NM-tittelen. Rekorden vart sett i 2007. I fjor oppnådde han 83,205 km trass i skadeproblem og mange skogsturar undervegs p.g.a. magetrøbbel.  Løpet vert avvikla i den nedlagde leiren på Trandum i ei 1500m lang rundløype. Det er over 100 påmelde kvinner og menn på løpet.

Som vi hugsar vart Hafsås den aller første offisielle noregsmeisteren på 100 km i Bergen i fjor haust. Kan han og bli den første offisielle noregsmeisteren på 6-timersløp ?

Så langt i år har Helge vunne 7 maratonløp. I juli månad vann han både Jølster maraton og Hornindalsvatnet maraton. Men no er det ein offisiell NM-tittel det står om. Vi ynsker Helge lukke til med mange rundar på Trandum. Kanskje kan han og true sin eigen noregsrekord . Starten går kl. 10.00 i morgon tidleg.



Meir om Veidekke-leikane

Postet av Olden IL den 22. Jun 2009

Foto:Hallvard MuriAnders nådde ikkje finalen på 100m i år. Han vart nr. 2 i sitt forsøksheat med tida 12.09. Dette er årsbeste. I B-finalen vart det 3. plass med 12.35, i sterk motvind (-2,7). Vinnartida i A-finalen vart 11.52. 5 løparar sprang under 12.00. Anders må likevel seie seg godt fornøgd med resultata på Veidekke-leikane i år. 3. plassen i lengde (på same resultat som nr 2) var over all forventning i høve til det lange skadeavbrekket i vinter.

To staute representantar for den lokale friidretten : Siv Malin Nesje (15), Oppstryn IL og Anders Muri ,Olden IL. Siv Malin fekk sitt beste resultat i spyd med ein andre plass med heile 41.07. Resultatet gjev 1000 p. på Tyrvingtabellen. Vi kan elles legge til at far til Siv Malin kjem frå Olden.

Foto:Hallvard Muri

 



Gode resultat av Anders Muri på Veidekke-leikane

Postet av Olden IL den 20. Jun 2009

Trass i skadeproblem har Anders Muri oppnådd veldig gode resultat på Veidekke-leikane på Lillehammer denne helga. Fredag sprang han 200 m på 24.73. Dette heldt til ein fin 5. plass. Vinnartida var 23.34. I dag oppnådde Anders ein flott 3. plass i lengde med 5.78. Dette er personleg rekord utandørs (har 5.85 innandørs). Andreas Christiansen , frå Fredrikstad IF, vann med 6.04. Det var relativt sterk motvind under konkurransen.  På 400 m oppnådde Anders  8. plass på tida 55.87. Vinnartida her var 52.32. I morgon er det klart for 100 m. Målet for Anders her bør vere å klare finaleplass. Vi gratulerer Anders med flott innsats så langt på Veidekke-leikane som er eit av dei viktigaste stemna for yngre utøvarar i Norge.


Anders Muri vann på YIT -leikane

Postet av Olden IL den 19. Jun 2009

Anders Muri vann både 100 m og lengde på YIT-leikane i Førde sist søndag. På 100m vart tida 12.30 i motvind. I lengde oppnådde han 5.47. Elles deltok Jens August Guddal Muri (10) og Sondre Ljosdal Galtung (11). Dei hevda seg fint i konkurranse med utøvarar frå heile Sogn og Fjordane.


Løpskarusellen. Anders Muri tangerte løyperekorden.

Postet av Olden IL den 8. Jun 2009

Det andre løpet i løpskarusellen vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule måndag 8.juni. 18 utøvarar stilte opp denne gongen. Klart beste tid fekk 16-åringen Anders Muri. Tida 1.18.7 er tangering av løyperekorden. Både Sondre Guddal Muri og Joar Sunde har oppnådd denne tida før. Dette viser at Anders er på rett veg fram til storstemnet Veidekke-leikane på Lillehammar om knappe to veker. Sjøl om tilhøva ikkje var dei aller beste, var det og fleire andre som viste fin framgang.

Resultater



Hafsås vann "Det norske fjellmaraton" for 5.gong

Postet av Olden IL den 7. Jun 2009

Foto:Kondis.noLaurdag vann Helge Hafsås "Det norske fjellmaraton" for 5. gong. Med tida 2.50.20, var han vel minuttet føre nr. to Tore Sand-Hansen frå Modum. Det var sol og gode løpsforhold over Valdresflya under løpet, som vart arrangert for 30. gong. På halvmaraton vart Einar Strand nr. 11 i klasse 50-54 år på tida 1.27.56.

Resultater

Helge har tidlegare vunne Fjellmaraton over Valdresflya i 1999, 2005,2006 og 2007. 5 km før mål i årets løp låg han på 2. plass, men Helge greidde altså å rive seg laus og sikre sigeren på dei siste kilometarane. Dette var Hafsås sin 119 siger på maratondistansen.


Løpskarusellen 2009

Postet av Olden IL den 15. Mai 2009

Foto:Hans-Petter GaltungFørste løpet i løpskarusellen 2009 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule fredag 15.mai. P.g.a.påskeferie og mange andre arrangement i april, kom vi seint i gong med løpskausellen i år. Vi satsar likevel på å arrangere 3 løp før sommarferien. Det var litt skuffande at berre 20 utøvarar var med denne gongen. Men dei som møtte opp gjorde ein flott innsats og viste flott framgong i høve til i fjor. Aller raskast var Sondre Guddal Muri (16) som berre var vel eit sek. bak løyperekorden. Det vil bli arrangert eit løp til i joggeløypa. Løpskarusellen vil som vanleg bli avslutta med "Jakobsprinten" i Oldedalen.

Stort bilete

Resultater



Heimesida

Postet av Olden IL den 12. Mai 2009

Adressa til heimesida vår er : idrett.speaker.no/il/olden. P.g.a. datatrøbbel vart ikkje heimesida oppdatert i ein periode, men vi er no godt i gong igjen og skal prøve å vere oppdatert på det som rører seg i Olden IL.

Fotballen i Olden kan du lese meir om på : bjartehaugen.com   Her vil du finne treningstider, kampresultat og kampreferat.



Meir om Ålesund maraton

Postet av Olden IL den 12. Mai 2009

Som nemnt sette Helge Hafsås årsbeste i Ålesund maraton sist laurdag. Vi må og nemne at Einar Strand vart nr. 2 på halvmaraton i klasse 50-54 år. Tida vart 1.33.23. Det var ikkje ideelle forhold under løpet, først og fremst var vinden generande.


Helge Hafsås vann Ålesund maraton på ny årbeste

Postet av Olden IL den 9. Mai 2009

Helge Hafsås sette ny årsbeste med 2.36.59 då han vann Ålesund maraton suverent på laurdag. Han fekk dermed grundig revansj på løparen som slo han i fjor. I mål var nemleg Helge 20 min føre nr. 2 og fjorårsvinnaren av løpet. Vi må då føye til at Helge då sleit veldig med muskulaturen. Dette var Helge sin siger nr. 11 i Ålesund maraton. Det var nettopp i Ålesund for 2 år sidan at han runda sin maratonsiger nr. 100. No er Helge oppe i heile 118 maratonsigrar. Så langt i år har han allereie rukke å vinne 4 maratonløp. I fjor vart han den første offisielle noregsmeisteren på 100 km. Eit av hovudmåla i år er å også  bli den første offisielle noregsmeisteren på 6. timersløp på Eidsvoll i august.


Meir om Strynehalleikane.

Postet av Olden IL den 5. Mai 2009

Som tidlegare nemnt hadde Olden største troppa på Strynehalleikane med heile 23 deltakarar. Utøvarar frå Olden gjekk til topps i 17 øvingar. Vi tek her med klassevinnarane :

J12 : Johanne Øye Hol, høgde. J14 : Kristine Eide, 40m og Janne Grete Myklebust, lengde. J17 : Lillian Eide, 40m, kule og lengde og Hildegunn Mykløen, høgde.  G10 : Olav Egset (9), lengde.  G11 : Sondre Ljosdal Galtung, høgde, kule, lengde og Mons Eirik Haugen Vangberg, 40m.  G12 : Bendik Kvamme, høgde og Lars Marius Kveen Gjertsen, kule.  G13 : Anders Egset, høgde. G16 : Anders Muri, 40m og Sondre Guddal Muri, kule.



Avslutning av idrettsskulen

Postet av Olden IL den 5. Mai 2009

foto:Hans-Petter GaltungTorsdag 16. april vart idrettsskulen 2008-2009 avslutta. I år, som i fjor, var det kanopadling på Floen som stod på programmet denne siste gongen. Både foreldre og ungar storkosa seg med grilling og diverse aktiviteter på land i tillegg til kanopadlinga.

Bilder



Olden vann opa klasse på Breimstafetten

Postet av Olden IL den 3. Mai 2009

Foto : Hans-Petter GaltungI år som i fjor gjekk Olden til topps i opa klasse på Breim. Vi var ca. 3,5 sek. føre Florø i mål. På tredjepass følgde Breimsbygda sitt 1. lag. Laget vårt som kun bestod av 16- og 17-åringar:  Harald Andre L. Galtung, Lillian Eide, Ole Myklebust, Sondre Guddal Muri, Hildegunn Mykløen og Anders Muri. Etter 5 etappar veksla vi som nr. 4, men med ekspressen Anders Muri på siste etappe, var det aldri tvil om kvar sigeren ville hamne. Tida i år var 6/10 svakare enn i fjor.

Det svært unge gutelaget vårt vart i år nr. 10 av i alt 11 lag.

Tida for gutelaget var omlag som i fjor. Her sprang : Anders Egset, Sondre L. Galtung, Jens Guddal Muri, Mons Eirik Vangberg, Asgeir Flåten, Andreas Løken, Rasmus Skarstein og Odd Sindre Tonning. Laget hadde heile 9 år til gode på samla alder. Innsatsen tyder på at her har vi noko å byggje på i åra som kjem.

Dessverre greidde vi ikkje å stille med veteranlag i år, men vi er sikre på at veteranane kjem sterkare tilbake på neste Breimstafett.

Bilder!



Flott Oldestafett med to nye løyperekordar

Postet av Olden IL den 26. Apr 2009

(Arkivbilde) 

Hyen vart det store laget på Oldestafetten i år. Både i gute- og herreklasse vann dei suverent på nye fantastiske løyperekordar. I herreklassa sprang hyarane (GFIL) på 8.27.3 og knuste dermed den gamle rekorden som GFIL sette i 1992 på 8.37,7. I guteklassa vart det og solid løyperekord. Tida 5.42.4 var 7,4 sek. betre enn den gamle rekorden til Jølster frå 2005. Førde vart her nr. 2 og Olden 1 nr. 3. Også Førde sprang under den gamle løyperekorden.  Olden var suverene i veteranklassa.  Jenteklassa vart vunnen av STIL. Fjellhug/Vereide-STIL vann dameklassa og i open klasse gjorde Bruspulverguttene ein flott stafettinnsats.

Resultater!

34 lag deltok i hovudstafetten og 8 lag i  ministafetten. Det betyr at i alt 42 lag og over 200 løparar var i aksjon med stafettpinnar denne flotte april-søndagen. Så god deltaking har det ikkje vore sidan jubileumsstafetten i 2004. I hovudstafetten stilte Olden med 7 lag.  Det var tørre og finne løyper, sol og rundt 20 varmegrader. Vi kjem tilbake med meir stoff frå Oldestafetten seinare.


Maratonsiger nr. 117 til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 26. Apr 2009

(Foto:firdaposten.no) 

Helge Hafsås tok laurdag sin maratonsiger nr. 117 då han vann Rett vest i Florø. Dette var hans 10 siger i dette løpet på 11 år. Tida vart 2.48.08. Einar Strand vart nr. 2 på 10 km i klasse 50-59 år.

Resultater

Rett Vest Heimeside



Meir om Oldestafetten

Postet av Olden IL den 26. Apr 2009

Foto:Hans-Petter GaltungHer kjem meir stoff om Olden sin innsats på heimebane i den 55. Oldestafetten.

Bilete

Veteranane tok som tidlegare omtalt ein suveren siger vel 8 sek. føre Jølster. Joar Sunde la grunnlaget på 1. etappe og kunne gje pinnen til Roar Alsaker med solid leiing. Helge Hafsås, med maraton i beina frå dagen før, auka leiinga. Med Einar Strand på 4. etappe og Asbjørn Gjerde på siste, kunne Olden paradere inn til sin 7. siger i klassa for veteranar.

I guteklassen var det ikkje venta at vi kunne kjempe om sigeren i år. Ein 3. plass var eit veldig godt resultat av Sondre Guddal Muri, Are A. Tenden, Anders Muri, Sondre Ljosdal Galtung og Odd Sindre Tonning. 2. laget vart nr. 6 av 17 lag og leverte den beste tida  (6.19) av eit 2. lag frå Olden nokon gong. Også 3 laget kom under 7. min denne gongen og presterte å legge to andre lag bak seg. Tida er den suverent beste av eit 3. lag frå Olden nokon gong.

Dei to jentelaga gjorde også ein solid innsats. 1. laget vart nr. 4 av 7 lag. Her sprang Kristine Eide, Kristine Tonning, Terese Tenden, Lise Mari Tonning og Janne Alsaker. Tida 7.29 er den beste Olde-jentene har prestert på svært lenge.

Det var og svært gledeleg at vi greidde å stable på beina eit damelag i år. Kun 2 damelag stilte opp i årets stafett. Sjølvsagt vart glopparane altfor sterke for dei unge "damene" våre, men likevel flott levert sidan 3 av "damene" hadde gjennomført etappar på jentestafetten like før.

Vi gratulerer alle deltakarane frå Olden med flott innsats. Det gjeld og alle dei som stilte opp på ministafetten. Neste oppgåve no er Breimstafetten 3. mai.



Vellukka Strynehalleikar

Postet av Olden IL den 18. Apr 2009

Trass i den seine datoen stilte vel 70 deltakarar opp på Strynehalleikane. Olden hadde også i år den største troppen med heile 23 deltakarar. Særleg gledeleg var det at så mange som 8 var med frå Oldedalen i år. Vi kjem tilbake med meir frå dette stemnet der oldarane dominerte mange øvingar. Trass i langt skadefråvær sprang Anders Muri 40m på 5.4. Dette er det beste resulatat på 40m av ein oldar nokon gong, 1/10 betre enn det Martin Solheim presterte som 16 åring i 1990. Det er ei av dei beste tidene på 40m uansett klasse i Strynehalleikane si 22-årige historie. Olden fekk og mange andre klassevinnarar. Vi kjem tilbake med dette når dei offisielle resultata ligg føre. Oppstryn og Olden i samarbeid fekk også i år til eit godt arrangement.


Helge Hafsås tilbake på vinnarsporet

Postet av Olden IL den 10. Apr 2009

28. mars vann Helge Hafsås Bergen maraton. Dette var hans 116 siger på distansen. Med tida 2.39.46 sette han og løyperkord. Dette var Helge sitt første maratonløp under 2.40 på nesten 2 år. Han har over lenger tid slite med belastningsskadar, men dette løpet kan tyde på at han no er på rett veg.


God deltaking på lagsmeisterskapet innandørs

Postet av Olden IL den 10. Apr 2009

   

Det var svært god deltaking då Olden sitt lagsmeisterskap i friidrett innandørs vart avvikla i Olden skule 30. mars. Heile 37 utøvarar i alderen 6-17 år konkurrerte i øvingane stille lengde, stille høgde, stille tresteg og kule. Det vart oppnådd fleire gode resultat på stemnet.

Resultater