Helge Hafsås tok sin maratonsiger nr. 162

Postet av Olden IL den 29. Des 2013

28/12 vann Helge Hafsås Ålesund nyttårsmaraton på tida 2.50. 44, vel 10 min. føre nest beste maratonløpar. Han passerte halvmaraton på 1.20.50. Dette var Helge sin 162. maratonsiger så langt og den 9. i 2013. Kun amerikanaren Chuck Engle har fleire maratonsigrar i verda med 164. Løpet viser oss at Hafsås "is still going strong" etter ein periode med mindre trening og delevis sviktande motivasjon. Olden IL gratulerer Helge med nok ein siger på maratondistansen.


Stor idrettslagsbasar i Aldaheim søndag 24. nov.

Postet av Olden IL den 22. Nov 2013

Søndag 24. nov. kl. 15.00 arrangerer Olden IL basar i Aldaheim. I tillegg til loddsal,åresal og matservering vert det utdeling av premiar for fjelltrimmen, lysbildeshow og utdeling av stimulanspokal. Flotte gevinstar. Still opp då vel !!!


Godt frammøte på avslutningsfesten til Olden IL.

Postet av Olden IL den 22. Nov 2013

Nærare 60 personar, ungar, ungdommar og vaksne, var samla til ein vellukka avslutningsfest for fotball,alpint og friidrett på kroa fredag kveld. Stemninga var god. Pizzaen smakte godt og det vanka mange premiar. Bjarte Haugen hadde sett saman ein flott bildeserie frå idrettsåret 2013 i Olden.  Den tradisjonelle sportsquizen var og populær. Heile 11 lag deltok i år.

Eit skår i gleda var at fotballpremiane viste seg å ikkje vere solide nok. Alle fotballspelarar vil få nye premiar seinare.



Idrettsgalla på kroa fredag 22. nov.

Postet av Olden IL den 14. Nov 2013

Olden IL inviterer alle som har delteke på fotball, alpint og friidrett i 2013 til sesongfest på kroa fredag 22. nov. kl. 19.00-21.00. Alle aktuelle vil få personleg invitasjon. På programmet står : Premieutdeling, bildeframsyning, pizza og brus og sportsquiz. For friidrett sin del gjeld invitasjonen alle som anten var med på lagsmeisterskapet i Olden skule i vinter og/eller har vore med på eitt eller fleire av løpa i løpskarusellen.

Olden IL



Årsmøte i Olden IL onsdag 11. desember

Postet av Olden IL den 10. Nov 2013

Olden IL kallar inn til årsmøte på Yris kafe onsdag 11. des. kl. 20.00. Saker må vere styret v/leiar Per Muri i hende seianst 14 dagar før møtet dvs. innan onsdag 27/11.

Sakliste

Styret



Fjelltrimresultata er no klare.

Postet av Olden IL den 10. Nov 2013

Ved å gå inn på fjelltrimmen i menyen til venstre kan du no lese resultata for 2013. Fjellrimgruppa v/leiar Anders Bruvoll har gjort ein kjempejobb med oppteljinga. Dersom  du oppdagar feil, ta kontakt med Anders.

Fjelltrimresultata

Helge Hafsås vart som venta suveren vinnar. Med poengsummen 4152 har han sett ein rekord det skal bli svært vanskeleg å slå. Den forrige rekorden hadde Kjell Bjarne Sunde som oppnådde 2414 p i fjor. Vi kan nemne at Helge m.a. har teke turen til Huaren heile 649 gongar. Vi veit og at Helge startar alle sine turar heimanfrå. På dei neste plassane følgde Kjell Bjarne Sunde 2151p, Anne Berit Bjørdal 1355p, Johan Fredheim 1099p og Birger Fagerli 1023p. Dette er dei som  kom over 1000p.i år. Dei 20 postane har totalt hatt 13154 besøk, ca. 2000 fleire enn i fjor. Flest besøk hadde Skarsteinsetra med 3884 mot 3412 i fjor. 27 personar har fått bonuspoeng for å ha vore innom alle postane.

Flest poeng i knøttetrimmen fekk Julie Fredheim med 271. Like bak følgde Magnar Fredheim med 264. I juniortrimmen vann Kristine Tonning med 64p føre Matias Meldeim som oppnådde 47p.

Det vert premieutdeling på idrettslagsbasaren i Aldaheim søndag 24. nov.



Friidrett

Postet av Olden IL den 2. Nov 2013

Friidretten har no teke ein pause. Vi startar opp med løpstrening ute og innetreningar i gymsalen på Olden skule eit stykke ut i november månad. Dette vil gjelde for dei som er 11 år og eldre. For dei yngste vil det bli innetreningar etter jul. Følg med her på nettsida for informasjon! Friidretten i Olden har hatt ein god sesong med mange sterke prestasjonar. Friidrettsgruppa håpar no at mange vil stille opp på treningane i vinter. Treningane vil og vere god basistrening for dei som driv med andre idrettar. Elles lever vi framleis i håpet om at vi kan opne eit nytt friiidrettsanlegg i Olden i 2014. Etter siste møtet i byggjekomiteen i dag (2/11), er vi optimistiske.


Ny månadsrekord for nettsida vår.

Postet av Olden IL den 28. Okt 2013

I september månad hadde nettsida vår 4514 treff. Dette er ny månadsrekord. Den førre rekorden var på 3751 treff og skriv seg frå sept. 2012. Dei mange treffa i september månad skuldast nok Skarsteinsetra Opp.


Siste løpet i løpskarusellen 2013.

Postet av Olden IL den 27. Okt 2013

Det 4. og siste løpet i løpskarusellen 2013 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule laurdag 26/10. Dei 12 deltakarane gjorde ein flott innsats. Mange sette fine persar i løypa trass i våte og sleipe forhold. Jannike Melheim sette ny løyperekord for jenter klasse 12 år og gjekk inn på 3. plass på statistikken over dei beste jentetidene nokon gong. Premieutdeling på avslutningsfesten i november.

Resultat frå løpet

Statistikk 2006-2013



Ny 2. plass til Hafsås på maraton.

Postet av Olden IL den 21. Okt 2013

Under maratonkarusellen i Fana ved Bergen, måtte Helge Hafsås liksom i Trondheim maraton i sept., nøye seg med 2. plass. Tida vart 2.50.36. Vinnar vart Bjørn Tore Taranger, BFG Bergen, på 2.44.15. På 3 plass, sekundet bak Helge, følgde Per Olav Bøyum. Det er svært uvanleg at Hafsås må ta til takke med 2. plass i to maratonløp på rad. Kanskje har den intense jakta på fjelltrimpoeng, gått på bekostning av den spesifikke maratontreninga på asfalt ?


4. løpet i løpskarusellen laurdag 26/10 kl. 16.30.

Postet av Olden IL den 19. Okt 2013

Fjerde og siste løpet i løpskarusellen 2013 vert avvikla i joggeløypa ved Olden skule laurdag 26. oktober kl. 16.30. Alle som er 7 år (f. 2006) og eldre kan delta. Påmelding ved frammøte. Ingen startkontingent. Du treng ikkje å ha vore med på dei andre løpa for å stille opp. Alle som har delteke på eitt eller fleire løp vil bli premierte på avslutningsfesten i november.

Friidrettsgruppa



Stemningsrapport fjelltrim.

Postet av Olden IL den 30. Sep 2013

Du set deg ned i vestveggen på Honnvasshytta ein haustkveld. Du har sprunge opp frå Gildestad på ei tid du er godt fornøgd med. Du er høg på endorfiner etter å ha forsert dei 750 høgdemetarane og den låge haustsola som varmar det sveitte ansiktet ditt, gjev deg ei intens kjensle av velvære. Fjellstilla, med ein sildrande bekk nede ved Agjeldsvatnet som akkompagnement, forsterkar den indre roa du føler. Berre nokre ørretar som vakar bryt den oljeblanke overflata på eit vatn som avspeglar solnedgangen der langt ute i vest. Du får assosiasjonar til Garborgs flotte dikt : Mot soleglad ; "Det stig av hav eit alveland med tind og mo, det kviler klårt mot himmelrand i kveldblå ro ......., men landet fyrst kan syna seg når sol gjeng ned".

Dette var siste dag av fjelltrimmen denne sesongen. Eg hadde nok teke ein treningstur uansett denne flotte kvelden, men kanskje var det nettopp fjelltrimmen som gjorde at eg gjekk/sprang så langt som til "Honn". I morgon startar ein ny fjelltrimsesong. Olden IL håpar at tiltaket skal stimulere til meir fysisk aktivitet og flotte naturopplevingar som den eg hadde den siste septemberdagen på Skarsteinfjellet.

Hans-Petter Galtung



Flotte KM-dgar på Byrkjelo. 8 medaljar til Olden.

Postet av Olden IL den 28. Sep 2013

KM for Sogn og Fjordane sat langt inne i år, men dugnadsinnsats frå fleire lag m.a. Olden IL, gjorde at arrangementet kom vel i hamn. Ei kjempestor takk til funksjonærane våre Einar Strand, Kjell Johnny Melheim, Mette Hansen og Joar Sunde, som stod for gjennomføringa av spydkonkurransen. Det var elles fine forhold både på laurdag og søndag. Krinsmeisterskapen gjeld for dei som er 13 år og eldre.

Dei 5 deltakarane frå Olden IL sanka i alt 8 medaljar,derav 3 gull. Matias Melheim (14) vann diskos på ny pers (29.47) Han vann og kule (10.04 - 4kg) og vart nr. 3  i lengde og spyd. Helge Hafsås (vet. 45-49 år) stilte opp på 5000m og vann, trass i ein skade han pådrog seg på poengjakt i fjelltrimmen same dag. Tida 17.18.26 var 6 sek. betre enn då han vann veteran-NM i august.  I høgde tok Jens August Guddal Muri (14) sølvmedalje med resultatet 1.50 (pers). Flott gjort, særleg sidan han ikkje har prøvd eg på høgde på eit halvt år. Rafael Gildestad (14) tok delt bronse på 60m. Han persa seg i forsøksheatet med 8.42. I finalen vart det 8.45. Elles flott at heile 10 gutar frå Sogn og Fjordane deltok på 60m. Her vart Matias Melheim nr. 6 i finalen med tida 8.53. Thomas Tonning (14) kom ikkje til finalen, men i forsøksheatet kom han for første gong under 9.00, med tida 8.99.

På 4x60m stafett, klasse 13-14 år, vart det oppnådd svært gode tider. Syril vann på den imponerande tida 30.72. Hornindal vart nr. 2 på 32.53 og Olden følgde på bronseplass med 33.44. På Olden sitt lag sprang Rafael Gildestad, Thomas Tonning, Jannike Melheim og Matias Melheim. Jannike, som berre er 12 år, viste ei sporty innstilling og stilte opp på gutelaget og gjorde eit godt løp. Tida er den beste Olden IL har oppnådd nokon gong. Den førre bestenoteringa på 33.76 skriv seg frå 2006.

Dessverre har deltakinga av oldarar på friidrettstemner vore svært varierande i år. Vi har vore representert på veldig mange stemner, men dessverre med altfor få deltakarar. Derfor var deltakinga på KM eit lyspunkt. Vi satsar på å kome sterkare tilbake i 2014.

Fullstendig resultatliste frå KM kan du finne på friidrettskrinsen si nettside.



God Flora-mil av Helge Hafsås.

Postet av Olden IL den 28. Sep 2013

Laurdag 28/9 deltok Helge Hafsås i Flora-mila. Han har vunne dette løpet mange gongar før, men måtte denne gongen ta til takke med 2. plass totalt. Med tida 34.14 vann han  si klasse, 40-49 år, suverent. Totalvinnar i løpet vart Odd Anders Grimsbø, Varegg - Bergen med 33.33. Tida til Helge er klart betre enn det han har hatt på Flora-mila dei siste åra.  Innimellom jakta på fjelltrimpoeng stiller Helge til start på krinsmeisterskapen på 5000m på Byrkjelo i morgon.


Fleire bilete frå Skarsteinsetra Opp.

Postet av Olden IL den 21. Sep 2013

Du kan finne mange fleire bilete (150) frå Skarsteinsetra Opp på facebook. Her finn du mange gode bilete både frå konkurranseklassane og trimklassen. "Hoff-fotograf" Inge Kjetil Sandvik er mannen bak dei fleste bileta.


Sparebanken Møre-leikane i friidrett på Høddvoll stadion.

Postet av Olden IL den 21. Sep 2013

Dei fleste forbind vel Høddvoll først og fremst med fotball, men denne laurdagen (21/9) var det friidretten som stod i fokus. På Hareidlandet dreier det seg altså ikkje berre om fotball, også friidretten står veldig sterkt. No for tida først og fremst representert ved Dimna IL som og stod som arrangør for stemnet. Dimna er for ordens skuld ei eiga øy med brusamband til Hareidlandet. Dimna har uitvikla seg til å bli ein av dei beste juniorklubbane i Noreg. No vert det og satsa på eit innandørs friidrettsanlegg.

Tilhøva var mildt sagt svært varierande, vind og regn med nokre glimt av sol inn i mellom.Det er første gong, eller i det minste svært lenge sidan, oldarar har delteke på eit stemne i Ulsteinvik. Den lovande 10-åringen vår, Steffen Melheim, hevda seg svært godt i kampen mot mange sunnmøringar og nokre få nordfjordingar. På 60m vart det 2. plass (14 deltakarar). Han vann sitt heat på 9.96 i motvind. Vinnaren sprang i eit anna heat med vindstille. 2. plass vart det også i liten ball (11 deltakarar) og på 600m (5 deltakarar). I lengde vart det ikkje fullklaff denne gongen. Resulatatet 3.25 heldt til ein 5. plass av 12 deltakarar.

Matias Melheim (14) nådde ikkje opp mot sitt beste i dei øvingane han deltok i denne gongen. Likevel flott innsats i øvingane 60m, kule og 600m. Han vann kule og 600m og vart nr. 2 på 60m. Deltakinga i klassane frå 14 år og oppover var dessverre liten.

For resultat sjå nettsida til Dimna IL !



Friidrettstrening måndag 23. sept. kl. 18.00

Postet av Olden IL den 21. Sep 2013

Friidrettstrening på Alda stadion måndag 23. september kl. 18.00-19.00. Frammøtet i det siste har vore dårleg. Håpar at fleire stiller opp denne gongen.


Fjelltrim-innspurt

Postet av Olden IL den 21. Sep 2013

Det nærmar seg no avslutninga av fjelltrimmen 2013. 30. sept. er deadline. 1. oktober startar ein ny sesong. Helge Hafsås er i ferd med å setje ein nærast uslåeleg rekord. Fredag 20/9 passerte han utrulege 4000 poeng og enno er det 9 dagar igjen. Som ein god nr. 2 ligg ikkje uventa Kjell Bjarne Sunde. Neste sesong vert det og ein eigen fjelltopptrim. Vi avventar nærare informasjon frå fjelltrimgruppa.


KM i friidrett på Byrkjelo 28-29/9.

Postet av Olden IL den 17. Sep 2013

Krinsmeisterskapen i friidrett vert arrangert på Byrkjelo stadion 28-29/9. KM gjeld for alle klassar frå 13 år (f.2000) og oppover. For øvingsutval sjå innbyding ! Påmeldingsfrist onsdag 25.sept.

Det har vore vanskeleg å få til eit KM i Sogn og Fjordane i år. For å få dette til har derfor OLden IL gått inn som medarrangør. Vi treng derfor 5 funksjonærar frå Olden IL.  Mail er sendt til desse. Håpar på positive tilbakemeldingar!



Evalueringsmøte Skarsteinsetra Opp

Postet av Olden IL den 16. Sep 2013

Evalueringsmøte på kafeen i kveld måndag 16. sept. kl. 20.00. Dei som ikkje har høve til å møte og har innspel, kan sende ein mail til Hans-Petter før møtet.


Foto Skarsteinsetra Opp - Inge Kjetil Sandvik

Postet av Olden IL den 16. Sep 2013

Vi vil presisere at fotosjef for Skarsteinsetra Opp 2013 har vore Inge Kjetil Sandvik. Han er ansvarleg for dei fleste bileta som ligg på nettsida til Olden IL. Fleire andre har og sendt sine bidrag m.a. er Andreas Drageset mannen bak bileta frå premieutdelinga og Per Muri har fotografert ved start.


Feil på resultatliste

Postet av Olden IL den 15. Sep 2013

Svein Rune Aaland har fått for god tid i sykkelklassen 50-59 år. Han har sjølv sagt i frå om at han foreløpig ikkje er så god som 22.32. Den rette tida  skal vere 24.58. Olden IL takkar for alle tilbakemeldingar.

Resultatliste NY



Deltakarrekord og 3 nye løyperekordar i Skarsteinsetra Opp.

Postet av Olden IL den 14. Sep 2013

Foto:HP Galtung

Det vart ny deltakarrekord og sett 3 nye løyperekordar då Skarsteinsetra Opp vart avvikla for 3. gong laurdag 14. sept. 144 tok turen til Skarsteinsetra sjølv om veret ikkje viste seg frå si beste side. I konkurranseklassane deltok 30 løparar og 16 syklistar. I trimklassen var det 98 registrerte. Spesielt gledeleg har var at det var så mange familiar som deltok. Flott å sjå så mange ungar på veg til setra med startnr. på brystet.

Resultatliste  NY

Bilder

Erlend Eide, Eidsfossen sykkel, var raskast på sykkel i år som i fjor. Han kom i mål på sterke 18,42 og sletta dermed sin eigen løyperekord frå 2012 med 28 sek. Janne Bruhn Henriksen, Stryn sykkelklubb, gjorde det same i dameklassen. Med tida 25.36 betra ho sin eigen løyperekord frå i fjor med 18 sek. Merete Helgheim, GFIL. knuste den gamle løyperekorden i løp med fleire minutt og kom i mål på 25.57. Desse 3 fekk utdelt sjekkar på kr. 2000,- for å ha sett løyperekordar Totalvinnar i løpsklassen for menn vart Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL. Tida 22.47 var berre 7 sek. bak Helge Hafsås sin løyperekord frå i fjor. Han tok dermed sin andre siger på rad i motbakkeløp i Indre Nordfjord i og med at han og var best i Kleiva Opp sist helg. Maratonkongen Helge Hafsås vart altså denne gongen slått på heimebane. Tida 23.14 var den nest beste i herreklassen totalt sett.

Nytt av året var spurtprisar (kr. 500,-) ved Skarsteintunet etter 1,2 km. Vinnarar av desse vart : I sykkelklassane : Erlend Eide (3.23), Janne B. Henriksen (4.27) og Even Nesgård, Eidsfossen sykkel i klasse 13-14 år (3.51). I løpsklassane : Merete Helgheim (5.52), Adrian Helgheim , Førde IL (4.53) og Matias Melheim, Olden IL (6.02) i klasse 13-14 år.

I år var det og innført klasse 13-14 år med start ein halvtime før hovudløpet. Løpsklassen her vart vunne av Youri van der Werve, Hornindal IL på 26.25. I sykkelklassen fekk Even Nesgård, Eidsfossen sykkel, best tid med 24.38.



Matias Melheim distriktsmeister i friidrett.

Postet av Olden IL den 13. Sep 2013

Under DM for Nordfjord i Hyen torsdag kveld, vann Matias Melheim 600m. Han vart nr. 2 på 60m og i kule og nr. 3 i lengde. Resultata på 600m, 1.47.83 og i kule (4 kg), 10.05, var personlege rekordar. I 10-årsklassa gjorde broren, Steffen Melheim, det og svært godt. Han sette personlege rekordar i alle øvingane han var med i. Steffen vann liten ball med 31.59, vart nr. 2 i lengde med 3.40 og nr. 3 på 60m med 9.62. Med andre ord flott innsats av oldarane.


Framleis mogleg å melde seg på Skarsteinsetra Opp

Postet av Olden IL den 12. Sep 2013

Det vil vere mogleg å melde seg på Skarsteinsetra Opp laurdag 14. sept. utan tillegg i startkontingent fram til fredag kveld. Etteranmelding løpsdagen minst ein time før start mot kr. 100,- i tillegg på startkontingenten. Påmeldinga så langt er god, 25 løparar og 15 syklistar. Startlister vert lagde ut her på sida i løpet av fredag.

Påmelding helst på mail til : hans.petter.galtung@sfj.no, evt. mobil 90418186.

Alle i  trimklassen melder seg på ved frammøte.

Startliste

Startlista er oppdatert pr. torsdag kveld. Etteranmeldingar fredag er ikkje med.

Olden IL



Hafsås slått i Trondheim-maraton

Postet av Olden IL den 8. Sep 2013

Vi har tydlegvis vore feilinformert om resultata frå Trondheim-maraton. Her på nettsida vart Hafsås utropt som vinnar, men det rette skal vere at han denne gongen måtte ta til takke med ein 2.plass. Vinnar vart skiløparen Anders Myrland på 2.41.07. Helge vart nr. 2 totalt med 2.46.38 like føre nr. 3 i løpet som fekk tida 2.46.43. Vi beklagar feil-informasjonen. Tida til Helge var ca. 7 min. svakare einn i 2012.


Flott Olden-innsats på Sandane.

Postet av Olden IL den 8. Sep 2013

Regionsleikane på Sandane søndag 8 sept. samla 50 barn i alderen 8-12 år. Dessverre var det berre to deltakarar frå Olden i år. Steffen Melheim (10 år)fekk beste  resultat på 60m, i lengde og på 600m. I liten ball vart det 3.plass. Jannike Melheim (12 år) deltok og i 4 øvingar. Beste resultata oppnådde ho på 60m og 600m med 2.plassar.


DM i friidrett i Hyen utsett til torsdag 12. sept

Postet av Olden IL den 6. Sep 2013

Distriktsmeisterskapet i friidrett i Hyen er utsett til torsdag 12.sept. kl. 18.00. Påmeldingsfrist måndag 9.sept.


Hafsås fekk best tid på Over Brekka.

Postet av Olden IL den 2. Sep 2013

Søndag 1. sept. vann Helge Hafsås det 7,6 km lange løpet "Over Brekka". Vinnartida 28.38 var 21 sek. svakare enn den Helge vann på i fjor. Han var 53 sek. raskare enn nr. 2 i løpet. Neste helg stiller Hafsås i Trondheim maraton som han så langt har vunne heile 11 gongar. Kanskje vert det dusinet fullt også i Trondheim ?


Friidrett i Olden hausten 2013

Postet av Olden IL den 2. Sep 2013

Fredag 6, sept. : Trening på Alda stadion kl. 18.00-19.15. 8 år og oppover. Treningar vidare utover hausten vil bli avtalt denne kvelden.

Søndag 8.sept. kL. 14.00  Regionsleikar på Sandane. Dette er eit rekrutteringsstemne for aldersgruppa 8-12 år (f. 2005-2001). Øvingar : 60m, 600m, liten ball og 4x 60m stafett (evt. mixa lag). innbyding

TORSDAG  12. sept. Kl. 18.00  Distriktsmeisterskap for Nordfjord (DM) i Hyen. Gjeld for 13 år og oppover. I tillegg rekruttarrangement for 10-12 år. Vi bør prøve å stille eit stafettlag 11-14 år, samla alder max. 51 år. For øvingsutval sjå innbyding !

Laurdag 14. sept. : Skarsteinsetra Opp. I år også konkurranseklasse for 13-14 år på sykkel eller løp. Still på då vel ! Spurtpris (kr.500,-) etter 1,2 km ved Skarsteintunet. STILL PÅ TID ELLER I TRIMKLASSEN !

Laurdag -søndag 21-22. sept. eller  28-29 sept. Krinsmeisterskap alle klassar. Arrangør ? 13 år og oppover. Foreløpig er dette arrangementet noko usikkert.

Dersom det er stor nok interesse vil Olden IL og arrangere eit lagsmeisterskap i friidrett i Hornindal eller på Byrkjelo.  

Olden IL dekker utgifter til startkontingent og organiserer transport til stemna.

Friidrettsgruppa                      



To femteplassar til Matias Melheim på Osterøy.

Postet av Olden IL den 31. Aug 2013

Under første dag av interkrinskampen på Osterøy ved Bergen vart det to femteplassar til Matias Melheim. Han sette pers. både i kule med 9.86 og i diskos med 25.09. Flott innsats for Sogn og Fjordane og for Olden IL. ! Etter første dag av krinskampen leiar Hordaland føre Sogn og Fjordane. På dei neste plassane følgjer Agder og Rogaland. Konkurransen omfattar årsklassane 13 og 14 år.


Hafsås vann Nordvest Maraton

Postet av Olden IL den 25. Aug 2013

Helge Hafsås tok laurdag sin 8. maratonsiger for året då han vann Nordvest Maraton på Hareid for 11. gong. Tida 2.55.15 var han sjølv ikkje særleg fornøgd med, men 23-24 varme grader er langt frå ideell maratontemeperatur.


God Olden-innsats i Ørsta.

Postet av Olden IL den 25. Aug 2013

Tre frå Olden deltok på Ørstaleikane i friidrett laurdag 24. august. Steffen Melheim (10) vann dei 3 øvingane han deltok i, 60m, høgde og kule. Jannike Melheim (12) vann kule og vart nr. 4 på 60m. Matias Melheim (14) sette ny pers. i kule der han vart nr. 2. På 60m vart det denne gongen 3. plass. Matias er og teken ut på Sogn og Fjordane sitt lag på interkrinskampen i Bergen om ei veke.


Olden IL arrangerer tur over Oldeskaret laurdag 24. august.

Postet av Olden IL den 19. Aug 2013

Laurdag 24. august arrangerer fjelltrimgruppa i Olden IL fellestur over Oldeskaret. Turen startar frå Melkevoll camping kl. 09.00 og går til Haugastøylen i Stardalen.

Ein må rekne med at turen tek 5-6 timar. Noko bratt oppstigning, med kjettingar til å halde seg i på dei vanskelegaste partia. Når ein kjem opp i skaret, er det lett og fint terreng ned til Haugastøylen. Flott utsikt til Briksdalsbreen og Oldedalen på veg opp. Eignar seg til familietur.

Dersom vi skal organisere skyss tilbake, treng vi påmelding, elles må kvar einskild ordne returtransport sjølve.

Påmelding innan torsdag 22. august.  Oddbjørg M. Tonning  97497886

Olden IL - fjelltrimgruppa

 



Helge Hafsås norsk veteranmeister på 10.000m.

Postet av Olden IL den 11. Aug 2013

Helge Hafsås vart i dag norsk meister på 10.000m i klasse 45-49 år. Han var og best på distansen uavhengig av klasse. I eit veldig jamnt og velbereikna løp kom han inn på 35.32. Helge var så suveren at han var like ved å ta igjen nr. 2 i løpet med 2 rundar. Vi gratulerer med nok ein NM-tittel.


NM- friidrett for veteranar på Byrkjelo.

Postet av Olden IL den 9. Aug 2013

9-11 august er det klart for veteran-NM i friidrett på Byrkjelo. Olden IL stiller med Helge Hafsås og Joar Sunde. Begge skal springe 5000m på fredag. Hafsås er og påmeld på 10.000m på søndag. På funksjonærsida stiller Hans-Petter Galtung som startar.


To gull til Olden på veteran-NM.

Postet av Olden IL den 9. Aug 2013

Både Helge Hafsås og Joar Sunde vann sine klassar på 5000m under første dag av veteran-NM på Byrkjelo. Alle veteranane sprang i eitt heat. Helge si tid på 17.24 heldt til ein andre plass totalt sett. Kun Bjarte Bogstad, Gular sprang raskare med 16.29. Joar Sunde kom inn på ca. 19.14. Som vanleg i det siste varma Hafsås opp med sanking av fjelltrimpoeng. Turar på Nonshaugen og Huaren forhindra han likevel ikkje frå å oppnå ei respektabel tid på 5000m. Vi reknar med at han og stiller opp på 10.000m på søndag. Som kjent vert Helge betre og betre til lenger distansane er.


PEAB-samling på Byrkjelo torsdag 15. august

Postet av Olden IL den 9. Aug 2013

Samlinga er open for alle 13 og 14-åringar som vil lære og utvikle seg i friidrettsøvingar. Samlinga varer frå 16.45 til ca. 20.00. Påmeldingsfrist tysdag 13. august. Ta kontakt med Hans-Petter (90418186) dersom du vil vere med. Samlinga er gratis. Nytt denne sjansen til å få god instruksjon i ulike friidrettsøvingar. Olden IL koordinerer transport.


Skarsteinsetra opp laurdag 14. september

Postet av Olden IL den 7. Aug 2013


I menyen til venstre finn du innbydinga og dessutan resultat og bilete frå fjorårets arrangement. 

Infofolder

Førehandspåmelding i konkurranseklassane innan 11. september. Til Hans-Petter Galtung tlf. 904 18 186, men helst skriftleg til hans.petter.galtung@sfj.no.

Noregs nest herligaste , Oddvar Auflem, vil vere til stades på setra og selje "Skarsteinsetra Opp" - penar.

Nytt av året :

 Konkurranseklassar også for gutar og jenter 13-14 år med start ein halvtime før dei andre klassane, dvs. kl. 13.30.

Spurtprisar på kr. 500,- i Skarsteintunet etter ca. 1,2 km. Spurtprisane går til beste jente og gut klasse 13-14 år, sykkel - løp, beste dame sykkel - løp og beste herre sykkel -løp. Dvs. totalt 8 spurtprisar.



Hafsås tok sin 17. siger i Hornindalsvatnet Maraton.

Postet av Olden IL den 27. Jul 2013

Ikkje uventa tok Helge Hafsås ein suveren siger på Hornindalsvatnet Maraton i dag. Tida denne gongen vart 2.48.33. Dette var Helge sin 17 siger i Hornindalsvatnet Maraton og nr. 160 totalt.

Einar Strand fekk best tid på halvmaraton i klasse 55-59 år med 1.37.09.



Nasjonalt opningsstemne i Hyen.

Postet av Olden IL den 26. Jul 2013

Tre frå Olden deltok på det nasjonale opningsstemnet i Hyen onsdag 24. juli. Hyen har fått til eit fantastisk flott friidrettsanlegg. Det flotte sommarveret skapte og ei fin ramme rundt stemnet. Matias Melheim deltok i 4 øvingar, men var dessverre einaste deltakar i 14-årsklassen. Uansett  vart det ny pers på 100m med 13.40. Han prøvde seg og på 400m for første gong og kom inn på ca. 64 sek. Vi har ikkje fått resultata frå stemnet. Jannike Melheim (12) deltok i kule i klasse 13 år og fekk beste resultat her.

Helge Hafsås prøvde seg på bane for første gong på svært lenge. 10.17 på 3000m i klasse 45-49 år, bør han vere godt fornøgd med. Ei fin fartsøkt før Hornindalsvatnet maraton førstkomande laurdag.



Hornindalsvatnet Maraton på laurdag

Postet av Olden IL den 26. Jul 2013

Helge Hafsås har vunne Hornindalsvatnet Maraton heile 16 gongar og er dermed det maratonløpet han har flest triumfar i. Det var og i Honndalen han debuterte på distansen med siger i 1994. Hafsås har og den gjeldande løyperekorden på 2.30.40, sett i 2004. Vi har tru på at Helge tek sin 160. maratonsiger og at han dersom tilhøva vert bra (ikkje for varmt), nok ein gong kjem under 2.40.


Hafsås ; kongen av Jølster maraton

Postet av Olden IL den 6. Jul 2013

Helge Hafsås vann i dag Jølster maraton for 14 gong. For første gong i år greidde han og å kome under 2. 40, vinnartida vart 2.39.49. Nr. 2 i løpet kom i mål vel 10 min. bak Helge. Dette var Helge sin 159. maratonsiger. Han kan dermed framleis kalle seg verdas mestvinnande maratonløpar. Amerikanaren Chuck Engle er like bak med 158 sigrar. Vi opplyste tidlegare her på sida at Helge i følge Firda varma opp med 3 fjelltrimpostar før avreise til Jølster. Det rette skal vere ein fjelltrimpost. Men ein tur på Huaren er likevel ei noko spesiell form for oppvarming. Det var gode tilhøve på Jølster, men 24 varme grader i einskilde deler av løypa er noko varmt for så lange løp.

Einar Strand deltok på halvmaraton og kom i mål på 1.34.03. Dette heldt til ein 2. plass i klasse 55-59 år.



Kan Hafsås ta sin 14 siger på Jølster maraton ?

Postet av Olden IL den 5. Jul 2013

Det er god påmelding til Jølster maraton laurdag 6. juli. Helge Hafsås har vunne dette løpet heile 13 gongar og vore først over målstreken dei 4 siste åra. Han har no flytta mykje av treninga over i terrenget i ei intens jakt på fjelltrimpoeng, så kapasiteten burde vere god. Så får vi sjå korleis dette slår ut på asfaltløping. Ei tid under 2.40 burde vere innan rekkevidde dersom tilhøve vert gode.


Olden IL med stand på Oldedagane.

Postet av Olden IL den 5. Jul 2013

Olden IL har stand på laurdag under Oldedagane.Vi sel overtrekksdressar og har tilbod på jubileumskrus og jubileumshefte frå Oldestafetten sitt 50-årsjubileum. Det er og mogleg å melde seg inn i idrettslaget. Nye medlemmer får krus og hefte med på kjøpet. Ta ein tur innom standen !


Pallplasseringar til oldarane også på 3. dag på Sparebankleikane.

Postet av Olden IL den 30. Jun 2013

På siste dagen av årets Sparebankleikar på Byrkjelo vart Matias Melheim (14) nr. 2 i lengde på ny pers ; 4.71. Rafael Gildestad burde og hatt pallplass innan rekkevidde, men var dessverre så uheldig å pådra seg ein strekk under oppvarming. Mathias deltok også i spyd og sette også her ny pers.

10-åringen Steffen Melheim oppnådde svært gode resultat også på søndag. Han vann høgde med 1.20 og sette ny pers på 600m på tida 2.05.20. Stemnet i helga viste at vi har utøvarar med stort potensiale, men og at vi treng meir trening på eit skikkeleg anlegg.



Sterke prestasjonar av oldarane under Sparebankleikane

Postet av Olden IL den 29. Jun 2013

Dei 4 deltakarne frå Olden stod for mange gode resultat og til dels solide personlege bestenoteringar under 2. dag av Sparebankleikane på Byrkjelo. 12-åringen Jannike Melheim var den som imponerte aller mest. Ho tok ein klar siger i kule med resultatet 9.44. På 60m vart det klar ny pers. på 9.25. Dette heldt til ein flott 2.plass av 8 deltakarar. Steffen Melheim (10) gjorde det også godt. Det vart 2.plass i kule (11 deltakarar) og 3. plass på 60m (12 deltakarar). I klasse 14 år var det denne gongen Rafael Gildestad som var best på 60m. Han sette pers. med tida 8.40 som heldt til 6. plass. Her fekk Matias Melheim 7. plass med 8.55. Matias forbetra seg til gode 9.63 med 4 kg-kula. Dette heldt til ein 5. plass. På fredag sette han elles pers. både på 200m og i tresteg.

 



Jonsoktur Laukisætra - Skarsteinsætra

Postet av Olden IL den 19. Jun 2013

Arkivbilete

 

Laurdag 22 juni arrangerer fjelltrimgruppa i Olden IL jonsoktur (familietur) frå Laukisætra til Skarsteinsætra. Frammøte på Lauki kl. 12.00 elller på Laukisetra kl. 13.00. Turleiar er Anders Bruvoll. Turen vert avlyst dersom det skulle bli mykje regn.

 

På turen kan du og få med deg to av fjelltrimpostane til Olden IL.

Dette biletet er frå ein annan av fjelltrimpostane, nemleg Avleisetra. Dette er den setra i Olden som ligg høgast, ca. 780 m.o.h.



Overtrekksdressar Olden IL

Postet av Olden IL den 19. Jun 2013

Olden IL skal ha stand på Oldedagane, laurdag 6. juli, kl. 11.00-17.00. Det vert då høve å få kjøpt overtrekksdressar.

Det er elles høve til å få namnetrykk på overtrekksdressane, gamle og nye. Skogstad sport hjelper oss med dette. Ta kontakt med Tove Vedleg for bestilling av namnetrykk. Pris kr. 100,-



3. løpet i løpskarusellen 2013

Postet av Olden IL den 19. Jun 2013

Kun 10 møtte opp på det 3. løpet i løpskarusellen 2013. Det var fine forhold i joggeløypa ved Olden skule. Flott at mange av deltakarne viste god framgang i høve løpa i joggeløypa i fjor

Resultat



God Olden-innsats på Åsen&Øvrelid-leikane i Førde.

Postet av Olden IL den 16. Jun 2013

Laurdag 15. juni deltok fire frå Olden på Åsen&Øvrelid-leikane i Førde. Oldarane noterte seg for mange personlege rekordar og hevda seg godt i stemnet. Steffen Melheim (10) var best i kule og vart nr. 3 av 8 deltakarar på 60m. Matias Melheim (14) vann kule, fekk delt 3.plass i lengde (4.62) og vart nr. 4 på 60m med 8.39. Rafael Gildestad (14) vart nr. 2 i lengde (4.65) og nr. 6 på 60m (8.46). Begge resultata er personlege rekordar. Sondre L. Galtung (15) gjorde det best i spyd der det vart bronsemedalje i konkurranse med 16-åringane.



Hafsås vann Ålesund maraton for 15.gong

Postet av Olden IL den 11. Mai 2013

Ikkje uventa kom Helge Hafsås først i mål for 15. gong i Ålesund maraton. Han var denne gongen den eianste som kom under 3 timar. Etter å ha passert halvmaraton på 1.19.18 kom Helge i mål på 2.45.54. På halvmaraton fekk Einar Strand ein 5. plass i si klasse.


Den 75. Breimstafetten 5.mai

Postet av Olden IL den 8. Mai 2013

Olden stilte i år med eit gutelag (med ei jente på laget) på Breimstafetten. For første gong på svært mange år greidde vi dessverre ikkje å stable eit veteranlag på beina i år. P.g.a. konfirmasjon vart gutelaget ungt og noko reserveprega Tida vart likevel berre 10 sek. dårlegare enn i fjor. Dette heldt til ein 11. plass av 16 lag. Fin innsats ! Vi kjem sterkare igjen neste år.

Gutelaget til Hornindal vann for andre året på rad. Dei siste to åra har Hornindal vunne både Oldestafetten og Breimstafetten.



Uavgjort mellom Hafsås og Engle.

Postet av Olden IL den 30. Apr 2013

Etter helga står både Helge Hafsås og amerikanaren Chuck Engle med 157 vinnarløp på maraton. Begge vann sine maratonløp sist laurdag. Helge sprang på 2.47.16 , medan Engle brukte 3.01.07 på dei 42195 metarane. Olden sin eigen maratonkonge var elles sporty nok til å stille opp på Olden sitt stafettlag dagen etter sigeren på Bergen City Maraton.

Vi vil her legge til at mange trur at den nøyaktige lengda på maratonløpet har med distansen frå Maraton til Athen å gjere. Legenda seier at Pheidippides i 490 f.Kr. segna død om etter å ha sprunge frå Maraton til Athen for å melde frå om at athenarane hadde vunne slaget mot perserane. Denne løypa vart nytta under det første moderne OL i Athen i 1896 og var 40 km lang. 42195 m skriv seg imidlertid frå OL i London i 1908 då løypa gjekk mellom Windsor og White City Stadium. Dei 2195 m ekstra skuldast at starten vart flytta slik at dei kongelege skulle få med seg den første delen av maratonløpet.



Vindfull, men flott Oldestafett.

Postet av Olden IL den 28. Apr 2013

Foto:HP Galtung

31 lag deltok i hovudstafetten og 7 lag i ministafetten i den 59. Oldestafetten søndag 28. april. Bortsett frå til dels hard vind, var det bra ver under arrangementet som også i år vart godt avvikla av Olden IL. Ordførar i Stryn, Sven Flo, heldt ein fin appell før dei minste gjennomførde sin ministafett på idrettsplassen. I hovudstafetten imponerte Hornindal stort og vann både jente- og guteklasssen. Klassevinnarar elles vart Jølster (senior herrer og veteran), GFIL (damer) og Flåten/Muri (open klasse).

Resultater

Bilder

Dei 3 gutelaga til Olden plasserte seg som nr. 4, 8 og 13 av 14 deltakande lag. Alle laga sprang raskare enn ifjor. Jentene vart nr. 6 av 8 lag. Veteranane våre måtte i år sjå seg slått av Jølster etter å ha vore oppe i leiinga fleire gongar i løpet av stafetten.  I open klasse sikra 4 blad Flåten + Anders Muri seg ein solid siger. Dei fabelaktige fem var ikkje fullt så fabelaktige som før og måtte sjå seg grundig slått denne gongen.

Gutar : 1. Hornindal 6.02.1, 2. STIL 6.09.8 3. Hyen 6.10.8 4. Olden 6.17 5.Brodd 6.21 6. Markane 6.21.5 7. Hornindal 2 6.23 8. Olden 2 6.26 9. STIL 2 6.36 10. Jølster 6.41 11. Breimsbygda 6.42 12. Markane 2 7.12 13. Olden 3 7.19 14. Stryn 8.02

Jenter : 1. Hornindal 6.45.4 2. STIL 6.51.7 3. Jølster 7.07.7 4. Brodd 7.11 5. Breimsbygda 7.23 6. Olden 7.36 7. Stryn 8.13 8. Stryn 2 8.27

Damer : 1. GFIL 8.51.4 2. Jølster 9.53

Herrer : 1. Jølster 9.06.5 2. GFIL 9.24.0

Veteran : 1. Jølster 8.17.4 2. Olden 8.20.4

Open klasse : 1. Flåten/Muri 9.15 2. Fabelaktige 5 9.49 3. Skiskyttarmødrene 10.49



Meir om Oldestafetten.

Postet av Olden IL den 28. Apr 2013

Det vart ingen nye rekordar i Oldestafetten i år. Tunge løyper, relativt låg temperatur (11 grader) og ein lei vind var nok medverkande til dette. Vi noterer oss imidlertid at vinnertidene i alle klassar var klart betre enn i fjor. Vinnartida til GFIL i dameklassa er den beste sidan 2005. Elles var det svært gledeleg at Stryn i år stilte opp for første gong på svært mange år. Den relativt nystarta friidrettsgruppa i Stryn stilte med eit gutelag og 2 jentelag. Flest lag på startstreken hadde Jølster og Olden med 5 lag kvar. I tillegg hadde Olden dei fleste deltakarne i open klasse og naturleg nok på ministafetten.


Helge Hafsås til topps i Bergen C. maraton

Postet av Olden IL den 27. Apr 2013

 Foto : Jørgen Pettersen

 

Helge Hafås kunne innkassere sin maratonsiger nr. 157 under Bergen City maraton i dag laurdag 27. april. Dette er ein ny versjon av Bergen maraton med heilt ny løypetrase i Bergen sentrum. Løpet vart starta opp i 2012.Tida til Helge i den nye krevjande løypa vart 2.47.16 som er ny løyperekord. 

Fra Kondis.no



Oldestafetten

Postet av Olden IL den 27. Apr 2013

I hovudstafetten er det kome nokre etteranmeldingar. Status laurdag kveld er 30 lag totalt. Dette inkluderer 14 gutelag, 8 jentelag, 2 veteranlag 1 damelag, 2 herrelag og 3 lag i open klasse.


Bra påmelding til Oldestafetten 28.april.

Postet av Olden IL den 26. Apr 2013

Så langt har 25 lag meldt seg på til den 59. Oldestafetten søndag 28.april. I fjor deltok 29 lag i hovudstafetten. Det er framleis plass til etternølarar i alle klassar. For etteranmelding ta kontakt direkte med Hans-Petter Galtung tlf. 90418186.

Det er best påmelding i guteklassen med 13 lag. Jenteklassen omfattar 7 lag. Elles er det foreløpig kun 2 påmelde lag i veteranklassen, 1 lag i dameklassen og 1 lag i open klasse. Når det gjeld ministafetten (6-10 år), er det påmelding stafettdagen.

Det er i år sett opp nye vandrepokalar i 3 klassar : damer, herrer og veteran. I jenteklassen har STIL 1 aksje. I guteklassen har Hornindal 1 aksje.

Olden idrettslag oppfordrar oldarane til å heise flagget på stafettdagen og håpar at publikum sluttar opp om arrangementet. Det er gratis adgang, kiosk og lotteri.

Still opp og få med deg dei spennande duellane i stafettløypene !



Helge Hafsås vann Rett Vest for 14. gong

Postet av Olden IL den 20. Apr 2013

Laurdag 20.april tok Helge Hafsås sin 14 siger i maratonløpet Rett Vest i Florø. Han har dermed vunne alle maratonløpa han har stilt opp på i Florø sidan han deltok første gongen i 1999. Sigersrekka er kun broten i 2006 då Helge deltok på London maraton. Tida denne gongen vart så bra som 2.42.33 og er den beste Helge har hatt i løpet sidan 2007. Han er no oppe i 156 maratonsigrar totalt, like mange som amerikanaren Chuck Engle. Det kan sjå ut til at dei 463 turane Helge har gjennomført til Huaren (Avleiåsen) det siste halve året har vore positive også for maratonforma.

På halvmaraton fekk Einar Strand best tid i klasse 55-59 år, 1.35.51.



Den 59. Oldestafetten søndag 28.april.

Postet av Olden IL den 12. Apr 2013

Arkivbilete (2012)

Den tradisjonsrike Oldestafetten vert arrangert for 59. gong søndag 28.april. I Sogn og Fjordane er det kun Breimstafetten som har halde det gåande over ein så lang periode (75 år).

I fjor deltok 29 lag + 9 lag på ministafetten. Olden IL håpar på fleire lag i år. For dei som ikkje er aktive har vi open klasse som er ein meir uhøgtidleg konkurranse for bedriftslag, kameratlag, russelag, familielag, grendalag osv. I 2012 deltok 4 lag i denne klassen. Stafett er moro. Det er berre å melde seg på til "Vårens vakraste eventyr" i Olden.

Innbyding

 



Bra deltaking på 2. løpet i løpskarusellen.

Postet av Olden IL den 12. Apr 2013

Andre løpet i løpskarusellen til Olden Il vart avvikla med start og mål ved musikkpaviljongen fredag 12. april. I alt 23 jenter og gutar stilte opp. Sjukdom og skader gjorde at nokre valde å delta utan tidtaking denne gongen.

Resultater



Nok ein maratonsiger til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 7. Apr 2013

Under maratonkarusellen I Bergen laurdag 6. april, gjekk Helge Hafsås enno ein gong først over målstreken på maratondistansen. Sigersmarginen denne gongen var på kun 13 sek. Tida vart 2.44.36.

Helge og amerikanaren Chuck Engle står no begge med 155 maratonsigrar.



Løpskarusellen 2013

Postet av Olden IL den 24. Mar 2013

Tolv løparar i alderen 8-14 år stilte opp i det første løpet i løpskarusellen 2013. P.g.a. at joggestien ikkje var klar, var løypene denne gongen lagde på Leirane, med start og mål ved musikkpaviljongen. Det var godt tempo og full innsats i dei 3 ulike løypene i det kalde veret.

Resultat 



Klasseinndeling i fjelltrimmen.

Postet av Olden IL den 24. Mar 2013

Frå og med i år vert det no klasseinndeling i fjelltrimmen.

Knøttetrim : Til og med 10 år (dvs. t.o.m. dei som er fødde i 2003)

Juniortrim : Frå og med 11 år til og med 16 år (dvs. fødd 2002-1997)

Vaksentrim : Frå og med 17 år (f. 1996) og eldre.

Alle som er 16 år og yngre må hugse å skrive alder bak namnet i bøkene !

Alle gjennomførde turar frå 1/10-12 vil bli rekna med. Premieutdeling på idrettslagsbasaren. Vi håpar at dette vil stimulere den yngre garde til å kome seg meir ut i naturen og få verdfull trening. Fjelltrimgruppa vil også ta opp igen tradisjonen med guida turar. Dette kjem vil tilbake til.

Elles kan vi nemne at kampen om samanlagtsigeren i vaksentrimmen 2012/13 ser ut til å bli ein kamp mellom fjellkongen Kjell Bjarne Sunde og maratonkongen Helge Hafsås.

Fjelltrimgruppa



Hafsås sette klasserekord i Sørstranda Rundt

Postet av Olden IL den 24. Mar 2013

Første løpet i Nordfjordkarusellen 2013 vart avvikla laurdag 23. mars. Helge Hafsås sprang den 7,5 km lange løypa på 26.32. Dette er løyperekord for klassen 45-49 år. Han fekk med dette nest beste tid i løpet. Suveren vinnar vart svært lovande Marius Vedvik, førdianar som no representerer Gular. Han sette løyperekord med 23.13. 45 deltok i konkurranseklassane.

Sørstranda Rundt



8 medaljar til oldarane i Florø.

Postet av Olden IL den 16. Mar 2013

Dei tre som deltok frå Olden i GDF Suez-leikane i Florø laurdag 16. mars kunne returnere med mange medaljar i sekken.Tala i parantes i det følgjande gjeld alder og antal deltakarar i klassen. Jannike Melheim (12 år) vann kule (10) vart nr. 2 i høgde (2) og nr 4 på 60m (10). Carina Poplovskaja (13 år) som nettopp har starta med friiidrett, vann høgde (1) og fekk delt gullmedalje i kule (2). På 60m vart det 3.plass (3),  Matias Melheim (14 år) vann kule (2), lengde (3) og vart nr. 2 på 60m (4). Tida 8.38 på 60m var ny flott personleg rekord. Her var han berre 7/100 sek. frå sigeren. Jannike hadde det beste enkeltreultatet av oldarane, 8.47 i kule gjev 948 p. på Tyrvingtabellen. Berre synd at ikkje fleire frå Olden ville stille opp på eit flott stemne i Florø.

For resultat sjå Florø T&IF si nettside !



Uavgjort mellom Hafsås og Engle.

Postet av Olden IL den 12. Mar 2013

Etter at amerikanaren Chuck Engle 10. mars vann maratonløpet i Sacramento, står både han og Helge Hafsås no bokført med 154 sigrar på distansen. Hafsås har i tillegg 15 førsteplassar i såkalla ultraløp, dvs. distansar som er lenger enn ein maraton (42.195m). Nestemann på lista har vunne 135 maratonløp.


Vellukka Strynehalleikar

Postet av Olden IL den 9. Mar 2013

(Premieutdeling på 40m gutar 13. Frå venstre : Olav Egset, Olden, Robert Andre Moldestad, Breimsbygda (halv oldar) og Ivar Saunes Moldskred, Dimna) Foto : Mette Hansen

Strynehalleikane vart avvikla etter tradisjonelt mønster laurdag 9. mars. Arrangørane hadde nok håpa på fleire deltakarar enn dei 47 frå 9 ulike lag som stilte opp. Arrangørlaga Oppstryn og Olden hadde flest deltakarar med høvesvis 12 og 10.

Det vart oppnådd mange fine resultat. VI merka oss særleg at Jenny Vik Skrede (14) frå Stryn T&IL sprang 40m på 5.9 og at Johanne Rise Kvalen (13), Dimna IL, hoppa 4.39 i lengde. Ingar Hjelle, Oppstryn, støytte 4kg.-kula 9.78 og hoppa 1.55 i høgde. Begge desse resultata er blant dei 10 beste i landet så langt i år.

Oldarane gjorde ein flott innsats. 12-åringen Stian Olsbø var best i alle øvingane. Jannike Melheim, også 12 år, vann kule og vart nr. 2 på 40m. Olav Egset (13) vart nr. 2 på 40m. I klasse 14 år vart Matias Melheim nr. 2 i lengde (1cm frå 1.plassen) og nr. 3 i kule. Rafael Gildestad vart nr. 2 på 40m. Dei andre som deltok for Olden viste og fin framgang og oppnådde gode reultat.

Resultater



Mange gode resultat på lagsmeisterskapet.

Postet av Olden IL den 5. Mar 2013

Måndag 4. mars avvikla Olden IL lagsmeisterskap i friidrett innandørs i Olden skule. Det vart konkurrert i lengde u/tilløp, tresteg u/tilløp, høgde u/tilløp og kule. Det vart oppnådd mange fine resultat av dei 15 deltakarne. Det aller beste resultatet oppnådde 12-åringen Jannike Melheim som støtte 2 kg-kula heile 9.75.

Resultater



Strynehalleikane laurdag 9 mars. kl.12.00

Postet av Olden IL den 26. Feb 2013

 

Laurdag 9. mars er det klart for dei årvisse Strynehalleikane i friidrett. Øvingane er som vanleg 40m, lengde, høgde og kule. Alder frå 10 år (f. 2003) og oppover, men 9-åringar kan få delta i 10-årsklassen. Vi håpar på mange deltakarar frå Olden. Du kan sjølvsagt stille opp sjølv om du ikkje har vore med på friidrettstreningane. Påmelding frå oldarar til Hans-Petter, tlf. 90418186, seinast onsdag 6 mars. Still opp då vel !

Innbyding

Tidsskjema



Hafsås tok sin 154. maratonsiger.

Postet av Olden IL den 23. Feb 2013

Foto:Jan RingheimLaurdag 23. feb tok Helge Hafsås sin 154! maratonsiger under maratonkarusellen i Bergen. Tida denne gongen vart 2.48.59, 3.08 føre nestemann på distansen. Hafsås kan framleis kalle seg verdas mestvinnande maratonløpar, men Chuck Engle frå USA følgjer like bak med 153 sigrar.


Friidrettstreningar

Postet av Olden IL den 22. Feb 2013

Fram til påske treningar i Olden skule. Dersom forholda tillet det, startar alle treningar med løpstrening ute ; langkøyring og intervalltrening.

Måndagar : 18.30-20.00    4. klasse og oppover

Fredagar :  17.30-19.00    4. klasse og oppover

Sjå elles langtidsplan for friidretten i Olden fram til 17.mai.

Friidrettsgruppa

 

 



Løyperapport 19.februar.

Postet av Olden IL den 19. Feb 2013

Det har minka på snøen etter regnet i det siste. Mildveret med påfølgjande minusgrader har medført isete løyper. 4 km-løypa nede i bygda vart derfor køyrd på nytt i kveld (tysdag 19/2). Trass i lite snø, er spora fine (ikkje isete foreløpig). Det er og køyrt løype frå "Eira" via Bruvoll til Lauki på vestsida av Oldeelva. P.g.a. fare for isbrann vil det foreløpig ikkje bli køyrt meir på bøane nede i bygda.

Løypa til Avleiåsen er intakt. Litt skarpt føre, men fine spor frå der det no vert jobba med tømmer.

Skigruppa



Norske rekordar under Florø Indoor 16. feb.

Postet av Olden IL den 16. Feb 2013

På det raske banedekket i Florø Idrettssenter sette Jaysume Ndure norsk innandørsrekord på 100m med 10.30. På 60m noterte han seg for 6.63. Isabelle Pederesen sette også norsk rekord med 13.50 på 100m hekk.

Olden IL var representert i dei innlagde ungdomsheata. Matias Melheim var den raskaste 14-åringen og sette pers. med 8.54 på 60m. Thomas Tonning i same klasse sette også pers. Dessverre måtte den raskaste 14-åringen vår, Rafael Gildestad, stå over pg.a. skade.



Hafsås framleis verdas mestvinnande maratonløpar.

Postet av Olden IL den 14. Feb 2013

Helge Hafsås har pr. 14.02.13 vunne 153 maratonløp. Hardaste konkurrenten,Chuck Engle frå USA, er no oppe i 151. Av ukjente årsaker har Engle hatt ein pause frå juni 2012 til januar 2013, men han ser no ut til å vere i gong igjen for fullt. Sidan 20. januar har han vunne 3 maratonløp. Best tid oppnådde han i Death Valley 2. februar med 2.36.21.


Fleire skiløyper

Postet av Olden IL den 11. Feb 2013

Frå skulen er det no også køyrt opp nokre kortare løyper for skøyting. Det er og køyrt løype til Skarstensetra og i skogsvegen mot Vanbergssetra. Løypa til Avleiåsen vil bli køyrd på nytt med det første.

Skigruppa



Gode tilhøve i skiløypene.

Postet av Olden IL den 7. Feb 2013

Arkivbilde

Det er køyrt opp løyper på bøane på Muri og Brynestad (ca. 3,5 km) og i skogsvegane på Muri og Auflem. Foreløpig er det kun køyrt klassiske løyper. Løypene nede i bygda går frå Olden skule. I skogsvegane er det løype til Avleiåsen. Det er og køyrt mot Murihammaren og delevis i vegen ovanfor Skarpelida. Første delen av skogsvegane er brøyta, men går du eit stykke vidare vil du finne fine skiløyper. Ver elles ops på skogsdrifta !

 No treng du ikkje køyre til Ullsheim for å gå på ski. Bruk løypene til Olden IL og spar både tid og miljøet ! Vert det for kaldt nede i bygda, kan vi opplyse at det i klarver er fleire grader mildare oppe i skogsvegane. Den kalde lufta søkk som kjent ned.



Sport 1-leikane i Førde

Postet av Olden IL den 21. Jan 2013

Jannike og Matias Melheim var Olden sine representantar på Sport1-leikane i Førdehuset søndag 20. januar. Søskenparet stod for ei god opning av friidrettssesongen 2013. Jannike vann kule i 12-årsklassa og fekk 3. plassar på 60m og 400m. Matias (14) vann kule og vart nr. 2 på 60m, 400m og stille lengde.


Ny årsrekord for nettsida vår.

Postet av Olden IL den 1. Jan 2013

Det er registrert 24.357 treff på nettsida til Olden IL i 2012. Dette er ny årsrekord, men kun 52 fleire treff enn i 2011. Beste månad var september med 3751 treff.


Levert av IdrettenOnline