Flott Oldestafett i strålande vårver.

Postet av Olden IL den 28. Apr 2014

Oldestafetten vart avvikla søndag 27. april i eit strålande ver. Trass i mange stemnekollisjonar denne helga, deltok 28 lag på hovudstafetten og 7 lag på ministafetten. Oldebygda presenterte seg frå si beste side og prestasjonane ute i stafettløypene var og svært gode. I jenteklassa tok Hornindal ein suveren siger og forbetra Hyen sin sterke løyperekord frå 2001 med 4. sek. Oldejentene sprang langt raskare enn i fjor og vart nr. 5. I guteklassa var Hyen, som så mange gongar før, sterkast og sprang på ei av dei beste tidene som er oppnådd i Oldestafetten nokon gong. Her vart Olden I nr. 7, men avstandane framover var korte. Veteran menn vart vunne av Jølster på ei tid som er den beste sidan Olden vann på 7.50.3 i 2005. GFIL var som venta suverene i dammeklassen. Hyen vann herreklassa og Markane Fri Stil var suverene i open klasse. I veteran damer (ny klasse av året) var Hornindal best.

Vi vil elles gjere merksam på at 1. etappe på herrestafetten i år var nokre meter kortare enn vanleg. 1. etappe på alle dei andre stafettane var nok og  noko meir lettløpt enn tidlegare. Det "tuete" området ned mot brua er nemleg no dyrka. Det er likevel snakk om  små differansar i tid. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilder frå stafetten seinare.



Bra påmelding til den 60. Oldestafetten

Postet av Olden IL den 25. Apr 2014

Det er bra påmelding til Oldestafett nr. 60 søndag 27.april, men kollisjon med mange andre arrangement, handball, fotball, turnstemne m.m., gjer at deltakinga kan bli mindre enn i fjor då 31 lag deltok i hovudstafetten og 7 lag på ministafetten.

Oldestafetten vart første gong arrangert i 1955 og er i tillegg til Breimstafetten den einaste terrengstafetten i Sogn og Fjordane som har halde det gåande 60 år i strekk. Oldestafetten har i mange år no vore den første stafetten om våren og har på mange måtar markert starten på utandørssesongen i friidrett. Mange lag, særleg i Nordfjord, har trufast stilt opp på arrangementet i nesten alle desse 60 åra.

Olden IL håpar på godt publikumsframmøte på søndag. Det er viktig å lage ei flott ramme rundt arrangementet. Det er gratis adgang og gratis parkering. Olden IL oppfordrar og oldarane til å heise flagget på stafett-søndagen.

Til etternølarar kan vi og seie at det framleis er mogleg å melde på lag. Ministafetten har påmelding ved frammøte.

Friidrettsgruppa



God framdrift på friidrettsanlegget i Olden.

Postet av Olden IL den 22. Apr 2014

I dag tysdag 22.april vart det lagt drensasfalt på friidrettsanlegget vårt. Vi har hatt fleire dugnadar i løpet av Påska m.a. for å få utover resten av grusen, lage sementmur i nordenden av anlegget og utføre diverse oppmålingar. Vi reknar med at kunststoffdekket skal vere på plass i løpet av mai månad. Denne jobben er det Polytan som skal stå for.

Dette anlegget har Olden IL venta lenge på. Rundbane for løp vart det ikkje plass til, men 6 løpebaner på 60m/100m er no bra det og. Dei siste rykta seier at maratonkongen vår, Helge Hafsås, no vil satse på 100m. Kvifor ikkje ? Inge Asbjørn Haugen ,( mannen med flest maratonløp i Norge), gjekk no i si tid frå 100/200m til maraton.



Flott kuleresultat av Matias Melheim på Sandane.

Postet av Olden IL den 22. Apr 2014

Utandørssesongen i friidrett er så vidt i gong. Måndag støtte 15- åringen Matias Melheim 4kg-kula heile 12.59 under eit kaststemne i Gloppen. Dette er ei personleg rekordforbetring med 74 cm. Ser vi på innandørstatistikken er resultatet det 4. beste i Norge i år i denne klassen.  Jannike Melheim (13) deltok og i kule (2kg)og oppnådde eit fint resultat med 8.60


Bra deltaking på 1. løpet i løpskarusellen.

Postet av Olden IL den 15. Apr 2014

18 små og store stilte opp då Olden IL måndag 14. april arrangerte det første løpet i løpskarusellen 2014. P.g.a. den pågåande utbyggjinga av idrettsanlegg ved Olden skule, var løypene denne gongen lagt på Oldeleirane, med start og mål ved musikkpaviljongen.  I den kortaste løypa hadde Elias Henden Drageset best tid. I mellomlang løype var Jannike Melheim (13) og Olav Egset (14) raskast. Matias Melheim (15) oppnådde best tid i den lengste løypa. Olden IL oppfordrar alle til å stille på treningar og kome seg ut og springe. Oldestafetten er ikkje langt unna - søndag 27.april.

Resultat



Oldestafetten søndag 27. april

Postet av Olden IL den 15. Apr 2014

Som vanleg vert den tradisjonsrike Oldestafetten arrangert siste søndagen i april - 27/4.  Dette er den 60. Oldestafetten i rekkja . Innbyding vil bli sendt ut med det første.


Første løpet i løpskarusellen måndag14. april kl. 19.00

Postet av Olden IL den 14. Apr 2014

Første løpet i løpskarusellen til Olden IL vert avvikla ved musikkpaviljongen måndag 14. april kl.19.00. Alder frå 7 år og opppover. Påmelding ved frammøte.

Friidrettsgruppa.



Dugnad Olden IL.

Postet av Olden IL den 14. Apr 2014

Tysdag 15. april vert det dugnad på friidrettsanlegget og aktivitetsområdet ved Olden skule frå kl. 16.00 og utover. Ta gjerne med grafse og rive. Vi skal legge drensasfalt like over påske og håpar å få på plass kunststoffdekket i byrjinga av mai. I lkøpet av påska må grunnarbeidet vere avslutta.


Matias Melheim vann 3 øvingar i Florø.

Postet av Olden IL den 23. Mar 2014

Under GDF Suez indoor i Florahallen laurdag 22. mars imponerte Matias Melheim med å vinne 3 øvingar i 15-årsklassa, 60m, lengde og kule. Resultata på 60m, 8.15 og i lengde 5.19, er nye personlege rekordar. I kule (4kg) støytte han 11.54. Matias tok og ein 2.plass på 400m. Han var einaste deltakar frå Olden denne gongen.


Suksess for dei 28. Strynehalleikane.

Postet av Olden IL den 10. Mar 2014

Laurdag 8. mars arrangerte Oppstryn og Olden dei 28. Strynehalleikane. 70 små og store deltok. Vi må tilbake til 2010 for å finne så mange deltakarar. Det var og gledeleg at heile 11 ulike lag frå Sunnmøre, Sunnfjord og Nordfjord deltok. Som vanleg vart stemnet godt avvikla av den røynde arrangørstaben frå Oppstryn og Olden.

Olden hadde denne gongen med 7 deltakarar. Alle gjorde ein flott innsats og viste flott framgong. Steffen Melheim (11), vann høgde og kule. Jannike Melheim (13) tok ein klar siger i kule. Jens Guddal Muri (15) var best i høgde og sette ny fin pers. med 1.55, trass i minimalt med høgdetrening. Matias Melheim (15) kom rett frå UM i Bærum der han toK ein fin 5. plass i kule seint fredag kveld.  I Strynehallen vann Matias kule og lengde. I lengde kom han for første gong over 5m. Sporty innstilling å rekke både UM og Strynehalleikane. Elles viste Sondre Guddal Muri  (jun.) også sporty innstilling ved å delta på 40m og i lengde. Flott at dei som er med i trenarteamet i Olden går føre med eit godt eksempel.

Resultat



Flott 5.plass til Matias Melheim på UM

Postet av Olden IL den 9. Mar 2014

Ungdomsmeisterskapen i friidrett vart arrangert i Bærum denne helga. I kule klasse 15 år oppnådde Matias Melheim ein flott 5. plass. Resultatet 11.85 med 4 kg kula er ny personleg rekord.


Strynehalleikane 8. mars

Postet av Olden IL den 7. Mar 2014

 

Laurdag 8. mars er det klart for dei årvisse Strynehalleikane i friidrett. Øvingane er som vanleg 40m, lengde, høgde og kule. Vi håpar på mange deltakarar frå Olden. Du kan sjølvsagt stille opp sjølv om du ikkje har vore med på friidrettstreningane. Påmelding frå oldarar til Hans-Petter, tlf. 90418186.

Tidsskjema



Påmeldingar Strynehalleikane

Postet av Olden IL den 7. Mar 2014

Det er bra med påmeldingar til Strynehalleikane laurdag 8. mars. Vi har registrert 66 påmelde frå 11 ulike klubbar. Dette er betre enn i fjor då berre 47 deltakarar stilte opp. Deltakarane kjem frå Sunnfjord, Sunnmøre og Nordfjord.


Lagsmeistersakp innandørs.

Postet av Olden IL den 27. Feb 2014

Olden IL har avvikla lagsmeisterskap i friidrett innandørs. Det vart konkurrert i stille lengde, stille høgde, stille tresteg og kule. Dei ynsgste fekk og prøve seg på høgde m/tilløp. Best resultat av dei 10 deltakarane oppnådde Matias Melheim (15) som støytte 4kg kula 10.98 m. Etter konkurransen støytte han kula bortimot 2m lenger. Det lovar bra framfor ungdomsmeisterskapen i Bærum neste helg.   

Resultat frå LM.



Lagsmeisterskap i friidrett innandørs

Postet av Olden IL den 20. Feb 2014

Måndag 24. februar kl. 18.00 arrangerer Olden IL lagsmeisterskap i friidrett i gymsalen på Olden skule.

Øvingar : Lengde u/tilløp, høgde u/tilløp, kule og tresteg u/tilløp.

Klassar frå 9år (fødd 2005) og oppover.

Påmelding ved frammøte. Premieutdeling på avslutningsfesten.

Friidrettsgruppa



Friidrett

Postet av Olden IL den 13. Feb 2014

Treningstider :

Måndagar 18.30-20.00 i Olden skule. Løpstrening ute først, frå kl 18.30

Fredagar 17.30-19.00 i Olden skule. Løpstrening ute først, frå kl. 17.30

Det vert treningar også i vinterferien. Alle er velkomne.

Arrangement innandørs :

Måndag 24/2, 18.00 Lagsmeisterskap i Olden skule. Stllie lengde, stille høgde, kule og evt. stille tresteg. Nærare informasjon seinare.

Laurdag 8/3, 12.00  Strynehalleikane. Øvingar : 40m, lengde med tilløp, høgde m/tilløp og kule. Nærare informasjon seinare.

Friidrettsgruppa



Matias Melheim til topps på Tyrving-leikane.

Postet av Olden IL den 8. Feb 2014

Matias Melheim gjekk heilt til topps i kule på Tyrvingleikane i Bærum i dag. I 15-årsklassa oppnådde han 11.79 med 4 kg kula. Med dette resultatet vann han øvinga , ca, 1/2 m føre nestemann. Tyrvingleikane er eit av dei største innandørsstemna i friidrett i Norge. Dette lovar bra framfor UM innandørs og utandørs.  Kanskje kan Olden IL igjen ta medalje i eit NM ?

Matias har lenge vore den ivrigaste til å stille opp på friidrettstreningane i Olden IL. I tillegg har han drive trening på eiga hand. Dette har gjeve flott framgong og gode resultat i fleire øvingar. Resultatet i kule i helga var ei personleg rekordforbetring på heile 1m og 74 cm. Dette var inga overrasking. På trening har Matias vist at han har enno betre lengder inne. Vi håpar at fleire av dei talentfulle utøvarane i Olden, vil satse på friidrett. 

Olden IL satsar elles på at det nye friidrettsanlegget vårt skal vere klart til bruk i løpet aV 2014. Vi er godt fornøgde med framdrifta etter nyttår.