Årsmøte

Postet av Olden IL den 9. Des 2015

ÅRSMØTE 14.12.15

Stad: Yris kafe

Tid: kl 20


Sakliste Årsmøte Olden IL 2015.doc

(frist for innmelding av saker var 30.november).


0 Kommentar

Friidrettstrening

Postet av Olden IL den 2. Des 2015


Friidrettstreningane startar att tysdag 8/12

Treningane er for barn frå 9 år og oppover og vert tysdagar og fredagar kl 1730-1900 ved Olden skule.

Alle må ha med kle for å trene både ute og inne i gymsalen.


Friidrettsgruppa


0 Kommentar

Erfaringar og evaluering frå Fjelltrimgruppa

Postet av Olden IL den 7. Nov 2015


Interessa for Fjelltrimmen i Olden har vore eksplosiv dei siste åra. Den ser ut til å vere eit godt tilbod for ei brei målgruppe, både om ein går aleine eller saman med andre. Deltakarane har eit alderspekter frå spedbarn til over 80 år. Dei 20 turane er varierte i lengde og tyngde, og blir brukt både som trening og rekreasjon. Besøker ein alle postane vankar det 100 bonuspoeng.

Fjelltrimgruppa ønskjer å utvikle tilbodet undervegs og det er difor ikkje lagt noko fast mal for premiering og aldersklassar endå. Vi ønskjer å sjå til andre bygdelag og kva erfaringar dei har gjort seg. Innspel frå dykk som brukar tilbodet er også svært viktig. Eventuelle endringar vil ikkje gjelde for 2015/2016 –sesongen.

Når det gjeld poengtelling for 2015/2016- sesongen vert dette gjort som før. Det vert talt totalbesøkande per post, og så vert det rangert frå flest turar og nedover per post. Gruppa har gjort seg erfaring med at dersom nokon har gått mykje i starten av ein sesong og lite eller ingenting i siste del av sesongen, så er det dessverre fort gjort at dette vert oversett i teljinga. Dersom du veit at du har gjort det på denne måten er det difor greitt å presisere det på regsistreringsskjemaet.

Registreringsskjemaet brukast som i år til å få registert dei som har gått alle postane, samt totalsum. Skjemaet gjer det lettare å sortere i aldersklassane. Det er ikkje alltid det er ført på fødselsår i bøkene. Oppfordrar alle til å verte flinkare med det! Det har vore inndelt i aldersklassar i to år no. Klassane er 0-10år, 11-16år og 17år og oppover. Dette er noko som muligens bør endrast på. Det same gjeld premieringa. I 2014/2015 sesongen fekk alle barn som gjekk alle postane pokalar, samt at det vart trekt to premiar til vaksne som hadde gått alle postane. Elles var det premiering til dei tre beste i kvar klasse. I år vert premieringa noko annleis. Det er med andre ord ikkje laga noko standard for premiering endå. Premiering vert på Olden IL sin basar 8.november 2015. Vel møtt!

Så håpar vi alle har forståing for at det kan skje glipp i telje- og registreringsarbeidet. Hjelp oss ved å fylle godt ut registreringsskjemaet og bøkene! Skjemaet for noverande sesong er å finne på oldenil.no, Bunnpris og ved å sende mail til oddbjorg_tonning@hotmail.com

Med ønskje om ein ny god fjelltrimsesong,

Fjelltrimgruppa

Olden IL


0 Kommentar

Rettingar i fjelltrimresultatet

Postet av Olden IL den 1. Nov 2015

Følgande endringer er gjort:

Jan Høgalmen 416poeng. Inn på lista over dei som har over 400 poeng

Hans Petter Galtung inn på lista på Huaren med 47 turar

Retting i navn frå Svein Jarle Mykløen til Svenn Jarle Mykløen

Randi Gjengedal stod med en feiltakelse på lista over dei som har gått alle postane



0 Kommentar

Fjelltrimresultat 2014/2015

Postet av Olden IL den 26. Okt 2015

Det blir stadig fleire fjellglade Oldarar! Kjekt å sjå at så mange finn motivasjon til denne aktiviteten som er så bra for folkehelsa på alle måtar.



Fjelltrimgruppa kan no presentere årets statistikk. Trykk på linkane under.
Admin gjer oppmerksom på at statistikken for 2015 åpnar seg automatisk i rad nr 148 og de må bla oppover til rad 1 i reknearket for å sjå oversikta for kvar seter. Resultata for 2014 og 2013 ligg i same fila. Skjema for ny sesong vert å finne under fana "Gruppene- fjelltrim".



Premiering vert på basaren 8.november.


Fjelltrimresultat 2015 retta versjon.xlsx
Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL 2015.doc













0 Kommentar

Treningstilbod friidrett

Postet av Olden IL den 18. Okt 2015

18.10.15: Friidrettssesongen er no over og vi tek ei pause i friidrettstreningane framover. Planen er å starte opp med innetreningar i gymsalen i desember. Nærare beskjed om tidspunkt for dette kjem vi tilbake til før oppstart.

Helsing friidrettsgruppa.


0 Kommentar

Opning av idrettsanlegget

Postet av Olden IL den 2. Okt 2015

Klikk her for å lese Fjordingen sin artikkel frå opninga

Hans Petter Galtung (framme) har vore ein pådrivar, både for anlegget og som trenar for utøvarane. Her ser vi han saman med frå venstre: Anna Lina. V. Gullbrå, Ruben Aleksander Eide Gjerde, Ida Marie Haugen, Mathias Melheim, Lene Egset, Emil Henden Drageset og Magnar Fredheim. (Foto: Ove Sveen)

Hans Petter Galtung (framme) har vore ein pådrivar, både for anlegget og som trenar for utøvarane. Her ser vi han saman med frå venstre: Anna Lina. V. Gullbrå, Ruben Aleksander Eide Gjerde, Ida Marie Haugen, Mathias Melheim, Lene Egset, Emil Henden Drageset og Magnar Fredheim. (Foto: Ove Sveen)


0 Kommentar

Skarsteinsetra Opp 2015

Postet av Olden IL den 26. Sep 2015

Les Fjordingen sin reportasje om Skarsteinsetra Opp 2015: Folkefesten på Skarsteinsetra


Mange deltok i Skarsteinsetra Opp, anten i trim- eller konkurranseklassane. Her dei fleste samla på setrevollen før premieutdelinga. (Foto: Leif Vinsrygg)

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline