Mathias vann Ungdommens kulturstipend

Postet av Olden IL den 19. Des 2018

Trass i sin unge alder har Mathias Melheim (19) frå Olden alt vore aktiv innan friidrett i mange år. Med kule og diskos som sine hovudgreiner har han hevda seg både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra.

- Han er ein konkurransemann av dei sjeldne og har vist at det er mogleg at ein utøvar frå ei lita bygd kan nå norgestoppen gjennom hardt arbeid, var noko av det Sonja Øvre-Flo sa om Olden IL utøvaren i Stryn kulturhus tysdag kveld.

Av grunngjevinga går det fram ei imponerande resultatliste. Mellom anna vart han nr. 4 i kule i VU spelen i Gøteborg i 2015.  Same år tok han UM sølv i Lillestrøm og I 2016 vann han UM gull i kule i Sandnes. 


2018-sesongen starta han med å vinne UM-gull i kule innandørs i Steinkjer. I juni vann han gull i kule på VU spelen i Gøteborg. Same sommar vart han norgesmeister for junior på Bislett. På UM i Overhalla vann han gull i kule og sølv i diskos.

Dei to siste åra har han vore ein del av rekrutteringslandslaget i friidrett. I år vart han utteken til å representere Norge i nordisk juniorlandskamp i friidrett i Danmark, men måtte diverre melde forfall grunna sjukdom. 

- No har han teke eit friår frå skulen for å satse på idretten. Eit stipend ville vere både kjærkoment og motiverande i ein slik situasjon, sa Øvre-Flo sa før ho overrekte ungdommes kulturstipend på 15.000 kroner til 19-åringen.

- Tusen hjarteleg takk. Dette kjem veldig godt med i den vidare satsinga, sa Mathias til rungande applaus.


(Henta frå Fjordingen)



Steffen sletta rekordar frå 70-talet

Postet av Olden IL den 19. Des 2018

Melheim prøvde seg med både 1kg, 1,5kg, 1,75kg og 2 kg diskos. Sistnemnde er seniorstorleik. Han sette personlege rekordar i alle klassane.

Han kasta 1kg-diskosen 62,99 meter, som er personleg rekord med 3cm og berre 1,25 m bak det beste resultatet gjort nokon gong av ein 15-åring i Norge. Ein må heilt tilbake til 1973 for å finne det kastet.

Neste år skal Steffen kaste 1,5kg-diskos og helgas resultat lovar svært godt. Her oppnådde Melheim 51,62m, som er ny aldersrekord i Norge. Den gamle var på 51.16 frå 1977. Steffen kasta også 1,75 kg diskosen til bestenotering for sin årsklasse. Resultatet her vart 46,28 meter, nesten 3,5m forbetring frå tidlegare i år.

Og som om ikkje det var nok. Steffen prøvde seg altså med seniordiskosen på 2kg. Med kastet på 41,50 tronar han også øvst her over resultat oppnådd av ein 15-åring. Torgeir Skogset hadde den gamle rekorden med 41,24 frå 1973.


(Henta frå Fjordingen)



God deltaking i Olden IL sin fjelltrim

Postet av Olden IL den 19. Des 2018


Dei beste i Olden Il sin fjelltrim i fjor i klasse 11-16 år. Frå venstre Markus Lindvik Gjerde, Magnar Fredheim, Julie Fredheim og Julie Sunde. foto: olden il

Anne Berit Bjørdal gjekk til topps for 3. året på rad i Olden IL sin fjelltrim 2018.

Resultat: Anne Berit Bjørdal 1.912 p., Hans Petter Galtung 1.507, Liv Elisabet Rygg 1.133, Reidun Horrig Skarstein 858, Per Wilhelm Skarstein 806, Kari Solheim 621, Caroline Lindvik Gjerde 606, Tove Kristin Vedlog 534, Oddbjørg Myren Tonning    532, Joar Sunde 532, Oddbjørg Bø Muri 502, Johan Fredheim 494, Jan Frode Tonning 485, Osvald Olsen 439, Svein Gildestad 426, Gunnar Gjerde 420, Helga Egset 413, Brita Kvamme 411, Egil Solheim 396, Anne Mari Revheim 372, Margun Bjerkvik 372,

Sissel Sunde 362, Jan Høgalmen 348, Berit Melheim 327, Terje Bjerkvik 321, Anders Bruvoll 313, Bruncak Lubomir 303,

Aslak Fure 300

11–16 år: Markus L. Gjerde 255, Magnar Fredheim 105, Julie Fredheim 96, Julie Sunde 73, Helene Sunde 43

Agjeldsetra (3p.) 156 besøk. Flest turar: Ingrun Agjeld 14, Tormod Agjeld 8, Oddbjørn By 8, Gry Ingvild Agjeld 8.

Honnvasshytta (5p.) 383 besøk. Flest turar: Pål Skarstein    22, Hans Petter Galtung 19, Johan Fredheim 19, Osvald Olsen 17, Anders Bruvoll 10

Nonshaugen (3p.) 177 besøk. Flest turar: Hans Petter Galtung 43, Johan Fredheim 23

Vangbergsetra (3p.) 530 besøk. Flest turar: Hans Petter Galtung    143, Reidun Horrig Skarstein 59, Per Wilhelm Skarstein 50, Johan Fredheim    48

Skarsteinsetra (3p.) 3.068 besøk. Flest turar: Hans Petter Galtung    222, Reidun Horrig Skarstein 154, Per Wilhelm Skarstein 147, Helga Egset    132, Anne Mari Revheim 124, Margun Bjerkvik 124, Svein Gildestad 107, Terje Bjerkvik 107, Brita Kvamme 92, Oddbjørg Myren Tonning 80, Jan Frode Tonning    66, Hilde E. Gjerde 63

Huaren (3p.) 3.001 besøk. Flest turar: Anne Berit Bjørdal 405, Kari Solheim 207, Tove Kristin Vedlog 178, Kari Tonning 160, Egil Solheim 132, Caroline Lindvik Gjerde 119, Bruncak Lubomir 101,     Oddbjørg Bø Muri 101, Hans Petter Galtung 62, Bente Kjørslevik 51

Avleisetra (5p.) 357 besøk. Flest turar: Anne Berit Bjørdal 105, Elin Endal Åbrekk 21, Ottar Åbrekk 12, Magne Bjørdal    8

Murisetra (4p.) 50 besøk. Flest turar: Rasmus Brynestad 5, Roar Alsaker 3, Bjørn Muri 4

Fossen (3p.) 318 besøk. Flest turar: Aslak Fure    100, Berit Melheim 46, Roar Alsaker     16, Ingvild Skåden 11, Gunnar Melheim 10

Kvitefjellet (4p.) 355 besøk. Flest turar: Liv Elisabet Rygg 200, Ragnhild Bruvoll 40, Annegrete Bruvoll 28

Melheimsætra (6p.) 93 besøk. Flest turar: Roar Alsaker 20, Linda Alsaker 4, Caroline L Gjerde 3, Mari Kristine Melheim 3

Laukisetra (5p.) 507 besøk. Flest turar: Anders Bruvoll 43, Anne Karin Melheim 34, Liv Elisabet Rygg 24, Kåre Bruvoll Alme 23, Astrid Melheim 14, Anne Britt Eide 12

Sundsetra (3p.) 369 besøk. Flest turar: Gunnar Gjerde 102, Einar Strand 42, Grethe Sunde 12, Bjarne Gjerde    12

Sundsdalen (5p.) 156 besøk. Flest turar: Gunnar Gjerde 20, Einar Strand 11, Frode Gjerde 3, Bjarne Gjerde 3

Yrisetra (3p.) 238 besøk. Flest turar: Stig D Mykløen 10, Anie Konopache 8, Inger Yri 8, Siri Engen 7, Kjell Magne Yri 7

Gytridalen (3p.) 428 besøk. Flest turar: Joar Sunde 95, Sissel H. Sunde 50, Dagfinn Gytri 7

Høgalmesetra (4p.) 361 besøk. Flest turar: Jan Høgalmen 87, Monika Mate 17, Nils Roger Høgalmen 15, Sven Jarle Mykløen 12, Tore Høgalmen 12, Hildegunn Mykløen 11

Kvamssetra (5p.) 297 besøk. Flest turar: Jon Olav Kvamme 27, Olav I Fjeldstad 12, Amalie Kvamme 5, Oddbjørn Tonning 4, Jan Frode Tonning 4

Flatsteinbu (7p.) 89 besøk. Flest turar: Jon Olav Kvamme 5, Oddbjørg Tonning 2, Jan Frode Tonning    2

Brenndalen (3p.) 494 besøk. Flest turar: Signe Aabrekk 62, Sigrun Mykløen 14, Hildegunn Mykløen 14, Rune Aabrekk 13

Totalt 11.427 besøk.



Her finn du fjelltrimresultat og adelskalendar for 2018.

Fjelltrimresultat 2018.xlsx

Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL 2018.doc



Kjære medlemmar i Olden IL - Vi treng åregevinstar!

Postet av Olden IL den 21. Nov 2018

Førstkomande søndag kl.14 arrangerer vi basar i Aldaheim. Tradisjon tru skal medlemmane bidra med åregevinstar. Fint om De leverar 2 åregevinstar pr. husstand i Aldaheim på søndag mellom kl.11.00 og kl.13:00. Alternativt kan De levere dei på Bunnpris Olden i løpet av veka.   




Basar i Aldaheim 25. november kl.14

Postet av Olden IL den 11. Nov 2018

Olden IL sin årlege basar vert i år den 25. november kl.14 i Aldaheim. 

Sjølv om du kanskje har vore på både ein og to og tre basarar i haust, så håpar vi du har anledning til å kome på denne også. 

Hjarteleg velkomen! 



Registreringsskjema for fjelltrimmen 2018 - 2019

Postet av Olden IL den 27. Sep 2018

1. okt startar fjelltrimåret 2018 - 2019. 

Her er link til skjemaet. 

Registreringsskjema for fjelltrimmen 2018 - 2019.docx


Ha ein riktig god tur!



Olden IL har utøvarar i Norgestoppen

Postet av Olden IL den 20. Aug 2018

Friidretten i Olden har no fleire utøvarar i Norgestoppen. Dette er Olden IL svært stolte av. Her kan du lese om resultata så langt i 2018. På Olden IL si side på Facebook er Hans Petter Galtung og Sondre Guddal Muri flinke å oppdatere etter kvart stemne. Følg oss gjerne på Facebook.


21. april - Helge Hafsås tok sin 18. siger i Rett Vest-maraton i Florø. Tida 2.53.34 er den beste Helge har oppnådd sidan 2015-sesongen. Dette var maratonsiger nr. 180, og løp nr. 236 under 3t.

29. april - Olden IL deltok på Breimstafetten og stilte med et kombinertlag frå 2. og 3. klasse, samt eit lag frå 4. klasse i Konglerike sin ministafett. Totalt 10 born. Dei kom inn til ein 3. plass i sine grupper.

12. mai - Helge Hafsås vart nr. 3 på Ålesund maraton. Helge har vunne dette løpet heile 16 gongar og var nok ikkje heilt fornøgd med tida 3.11.36 etter å ha leia løpet halvvegs. Vinnartida var 2.52.03. 

13. mai - Under Loggane Open på Rygg kasta Steffen Melheim 1kg-diskosen heile 60.21m. Dette er klar ny bestenotering for 15-åringar i Sogn og Fjordane. 

26. mai - Olden IL stilte med 5 deltakarar på Honndalsleikane. Rowan (7 år) deltok i klassen gutar 10, og Elise Marie (8 år) og Ina (9 år) deltok i klassen jenter 10. Trass ung alder, hevda desse seg godt. Dette lovar godt for framtidige stemner. Nemner også at desse deltok på sitt første stemne. 

Ruben Eide Gjerde vann 60m med tida 8.07. Han sprang også 200m på 28.13 og vann dermed i sin klasse. Markus deltok i 60m, med tida 10.74. I lengde sette han ny personleg rekord med 2.84m. Markus deltok også i liten ball. Her fekk han til mange gode kast, det lengste på 23.11m. 1.22m bak vinnaren. 

27. mai - Kaststemnet Loggane Open. Trass i ein periode med sjukdom, støytte Mathias Melheim 6kg-kula 15.11, noko som er ny pers utandørs, men vel ein meter bak lengda han oppnådde då han vann UM innandørs i vinter. Resultatet er så langt det nest beste i klasse 18/19 år i Norge i år. 

8. juni - Under første dag av Sparebankleikane på Byrkjelo vart det gjennomført ein svært god 200m av dei beste 13-åringane i Sogn og Fjordane. Ruben Eide Gjerde vart her nr. 3 på den gode tida 27.36. Dette er den raskaste 200 som er gjennomført av ein 13-åring frå Olden. Den gamle bestenoteringa på 27.77 var sett av Anders Muri i Haugesund i 2006. 

Kjemperesultat av Steffen og Ruben under 2. dag av Sparebankleikane på Byrkjelo. Steffen Melheim forbetra sin eigen aldersrekord i diskos for Sogn og Fjordane med 52 cm. Ruben Eide Gjerde gjennomførte ein flott 60m og vann klasse 13 år. Tida 7.93 er ny aldersrekord for Olden IL. Anders Muri hadde den gamle på 8.00 frå 2006. Ruben si tid er den beste så langt i år og foreløpig topp 3 i Norge. si tid er den beste i fylket så langt i år og foreløpig topp 3 i Norge.

Under dag 3 av Sparebankleikane på Byrkjelo tok Ruben Eide Gjerde seier i lengde. Han persa til 5,34 og dette resultatet er årsbeste i landet klasse G13. I løpet av helga sette Ruben Olden-rekordar i klasse 13 år på 200m, 60m og i lengde. Mathias Melheim sjølv var suveren i kule. Resultatet 15,67 er pers. utandørs. Det er det nest lengste støtet med 6kg-kule i klasse 18/19 år i Norge i år. Markus Lindvik Gjerde (13) deltok i lengde og sette fin pers. Steffen Melheim fekk tildelt bestemannspremien for heile stemnet med 60,73 med 1kg-diskos. 

23. juni - Ruben  Eide Gjerde  tok Olden IL sin første siger i løpsøvingar på Veidekkeleikane sidan 2008. Det året vann Anders Muri både 100m og 200m i klasse 15 år. Ruben  tok ein klar finalesiger på 60m. Med tida 7,96 var han 2/10 føre nr. 2, Oliver Walvåg frå Strindheim. Ruben tok også ein suveren førsteplass i lengde. Resultatet 5,19 i vind -1,1 er 15 cm bak pers, men likevel eit sterkt resultat. Ruben tok også ein sterk førsteplass på 100m med tida 12.36. 

29. juni - Steffen Melheim og Mathias Melheim deltok på Verdsungdomsspelen i Gøteborg. Først ut var Steffen med ein 3. plass i kule. Han kasta 15.18 med 4-kg – kula. Deretter tok Mathias siger i kule (6kg) i klasse 18/19. Steffen Melheim vann så i diskos. Resultatet 58,56 er 2m bak pers, men heldt likevel til ein klar siger. 

8. juli - Helge Hafsås vann Jølster maraton for 15 gong. Tida vart 3.07.01. Helge har no vunne 181 maratonløp + 15 ultraløp. Dette var hans andre maratonsiger så langt i år. 52 år (!) og vinn framleis maratonløp. 

12. juli - Fantastiske resultat av Steffen Melheim på Byrkjelo. Steffen forbetra sin eigen aldersrekord i diskos for Sogn og Fjordane. Resultatet 61.90 med 1kg-diskosen er det nest beste resultatet for 15-åringar i Norge gjennom alle tider. Aldersrekorden er på 64,24 og vart sett i 1973 og kan vere innan rekkevidde i løpet av sesongen. Steffen hadde ein flott serie med heile 3 kast over 60m og ytterlegare 3 kast over 58m. Under seriestemnet oppnådde Steffen også gode 16,20 med 4kg-kula. Det klart lengste støtet av ein 15-åring i Norge så langt i år. men han leverer også i kulestøyt. Under seriestemnet i går oppnådde han gode 16,20 med 4kg-kula. Dette er ny sterk pers. og det klart lengste støtet av ein 15-åring i Norge så langt i år. 

26. juli - Under det nasjonale friidrettsstemnet i Hyen prøvde Steffen Melheim seg med 1,75kg- diskos. Den rette vekta for 15-åringar er 1 kg. Først når ein blir 18 år er 1,75kg-diskos standard. Steffen kasta heile 42,74 med denne diskosen. Så vidt vi veit har ingen 15-åring i Norge nokon gong kasta denne diskosen så langt som Steffen gjorde denne kvelden. Noko av grunnen til at Steffen denne gongen gjekk opp i diskosvekt er at kastbana i Hyen rett og rett og slett ikkje kan vere lang nok for Steffen sine kaste med 1kg-diskos. Vi kan elles legge til at Steffen enno ikkje er fylt 15 år. Men reglane er slik at ein følgjer året uansett om ein er fødd i januar eller i desember.


Friidretten i Olden går ein spanande haustsesong i møte. Vi har god tru på at utøvarane kan nå enno betre resultat i løpet av året. 












Skarsteinsetra Opp 2018

Postet av Olden IL den 19. Aug 2018

Unik motbakkekonkurranse der løparane startar i Olden sentrum og konkurrerer om å kome først opp til Skarsteinsetra. Løypa er 4,6 km og har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter grusveg og traktorveg. Trimklasse. Konkurranseklasse frå 13 år. Mellomtid og spurtpremie. Godt premiert. Pengepremiar for løyperekord dame og herre, samt beste tid gut, jente, dame og herre. 

 Praktisk informasjon:
 8. september 2018 - Start i Olden sentrum mellom Bunnpris og Yris Kafe
 Trimklasse u/tidtaking        kl 11:00-12:00
 J/G 13-14 år og klasse 70+ løp     kl 12:30
 15 år og over løp                           kl 13:15 

 Påmelding:
 Frist : 06.09.2018 kl 23:59
 Påmelding konkurranseklassar via skjema under fana "påmeldingskjema" på www.oldenil.no.
 Alternativt: Odd Kjetil Tonning tlf: 481 67 062, e-post: olden@outlook.com. Husk å gje opp namn, telefon,  klasse, fødselsår og klubb.

 Med bakgrunn i dei nye reglane for sykkelritt på veg vil vi dessverre ikkje kunne tilby konkurranseklasse for sykkel i år. Vi oppmodar syklistar om å stille i trimklasse, så får vi satse på at vi kan stille med sykkelklasse igjen i 2019.

 Startkontingent til Olden IL, kontonr 3770 20 32211:
 Konkurranse:
 Kr 250 ved førehandspåmelding. G/J 13-14 år kr 100. Familie kr 350. Etteranmelding for kr 100 i tillegg, seinast 1 time før start.
 Trimklasse :
 Kr 100. Familie kr 250. Påmelding ved start.
 NB! Lisens: forsikringsordning som gjeld løpsklassane. Alle som ikkje har betalt heilårslisens til Norges friidrettsforbund må betale eingongslisens i tillegg til startkontingenten. Eingongslisens kr. 30,-. Betalast saman med startkontingenten til Olden IL.

 Startnummer hentast i startområdet.

 Klassar:
 J/G: 13-14år,
 D/H: 15-17år, 18-20år, 21-29år, 30-39år, 40-49år, 50-59år, 60-69år, 70+

 Premiering:
• Medalje til alle deltakarar i konkurranse- og trimklasse.
• Uttrekkspremiar på startnummer
• Pokalar i kvar klasse. 1/3 premiering
• Spurtpris v/1,2km. Kr 500 til beste jente, gutt, dame og herre. (Kun ved 2 eller fleire deltakarar i klassen)
• Kr 3.000 for løyperekordar (ikkje i G/J 13-14år)
• Kr 1.500 til beste tid G/J/D/H 

 Parkering i sentrum. Vennligst ikkje parker langs løypetraseen
 Kle vert frakta til målområdet

 Sosialt:
 Varm mat selgast på setra
 Uformell samling på Yris kafe laurdag kl 21:00 med bildevisning



Kan du tenkje deg å kjøpe ein andel i klatreparken?

Postet av Olden IL den 28. Jun 2018

Under Oldedagane finn du Olden IL på stand ved Sundebygget. Vi sel andelar til den planlagde klatreparken ved Olden skule for 500 kr pr. stk.

Olden idrettslag ser at det er behov for fleire uteaktivitetar ved Olden skule, spesielt for mellomtrinnet og ungdomsskulen. Idrettslaget har difor teke initiativ til å få bygd ein klatrepark ved skulen. For å få dette til er vi avhengig av hjelp til finansiering då idrettslaget har hatt store kostnadar i forbindelse med bygging av friidrettsanlegg. Vi skal også til å bygge arenabygg til anlegget komande haust.

Stryn kommune/Olden skule er villeg til å la Olden IL leige grunn ved skulen.  Vi har innhenta ulike tilbod, og etter ei vurdering meinar vi at Klatrejungelen AS i Førde kan levere det beste anlegget. Prisen for ferdig montert klatrepark er 673.700kr ekskl. mva. Grunnarbeidet vert utført av medlemmar i idrettslaget på dugnad. Fram til no har vi fått inn 200.000kr. Om vi får på plass finansiering innan rimelig kort tid kan Klatrejungel AS montere stolpar komande haust, og ferdigstille den innan 17.mai neste år. Planen var at dei ikkje kunne ferdigstille den før våren 2020, men etter nokre rundar fekk vi gladnyheita om at dei kan ferdigstille den eit år tidlegare.

Klatreparken vil auke trivselen for elevane ved skulen, samt dei eldste borna i barnehagen. Klatreparken vil også verte eit samlingspunkt i fritid/feriar for folk i bygda. Olden har også mange tilreisande, og desse kan ta i bruk klatreparken etter kl.16:30 i vekedagar, samt i helgar/feriar.

For å kome i mål med finansieringa har vi no teke kontakt med lag og organisasjonar i Olden, samt næringslivet i og rundt Olden. Vi skal også søkje spelemidlar, Sparebank stiftinga og Gjensidige stiftinga.

Håpar akkurat du ser verdien i eit slik anlegg, og dermed ynskjer å hjelpe oss med finansiering.

 

Vedlagt ligg all nødvendig informasjon om klatreparken.

Presentasjon av klatreparken - 2018.pdf

Tilbod Olden IL - Komplett leveranse.pdf

FDV-program for klatrepark med flis som fallunderlag - 2018.pdf

 

 



Resultatet frå fjelltrimmen i 2016/2017

Postet av Olden IL den 20. Jun 2018

Olden IL beklagar at resultata ikkje har blitt lagt ut på eit tidlegare tidspunkt. Olden IL si heimeside var ikkje i drift når resultatet var klart i oktober. Vi skal publisere det her inne til rett tid i år. Her kjem litt informasjon om trimåret 2016/2017. Under ligg lenkjer med resultata. 

Det har vore ein nedgang i registrerte fjellturar i Olden og Oldedalen. I trimåret 2016/2017 var det registrert 12 656 fjellturar fordelt på dei 20 fjelltrimpostane vi har i Olden og Oldedalen. Dette er ein nedgang på 1 158 turar frå førre fjelltrimår. Vi ser også ein nedgang på 13 av våre 20 fjelltrimpostar, men 7 av fjelltrimpostane har hatt fleire besøkjande denne sesongen i forhold til året før. Dei som har hatt fleire besøk denne sesongen er Nonshaugen ,Melheim/Solheimsetra, Avleisetra, Fossen, Gytridalen, Brenndalen og Kvitfjell.

Det er Skarsteinsetra som har størst nedgang i besøkjande. 643 færre besøk enn året før. . Deretter Huaren med ein nedgang på 285 turar.

22 personar leverte inn registreringsskjema på at dei har gått alle fjelltrimpostane  i Olden og Oldedalen. Av desse var 4 under 16 år, med gode poeng .

Anne Berit Bjørdal vann fjelltrimmen suverent med 1972 poeng, deretter Liv Elisabet Rygg på 2. plass og Anders Bruvoll fikk 3. plass. Desse pokalane vart utdelt på basaren til Olden IL som var i november. Det vart også delt ut pokalar til 6 born/ungdom for god deltaking i fjelltrimmen.

Eit mål for denne fjelltrimsesongen er at fleire deltek, slik at vi aukar besøkstala i sesongen 2017/2018.  

Registreringsskjema for fjelltrimpostane finn dykk på Olden IL sine nettsider, samt på Bunnpris i Olden.

Fjelltrimresultat 2017.xlsx

Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL 2017.doc

Registreringsskjema for fjelltrimmen 2017-2018.docx 



Olden IL posten - I ei postkasse nær deg..

Postet av Olden IL den 17. Jun 2018

Kjære Oldarar og Oldedøle,

På fredag låg årets Olden IL post i postkassa di. Denne låg som eit omslag rundt fakturaen til medlemskap i Olden IL. Medlemmar er viktige for idrettslaget då dette gjev auka inntekter både i form av kontingent, samt tilskot ut ifrå medlemstal. Som dykk kan lese i posten så har idrettslaget eit variert og godt tilbod for store og små. Håpar vi ser ditt namn på medlemslista i år!


Olden IL posten.pdf






Oppsummering av Oldestafetten 2018

Postet av Olden IL den 22. Apr 2018

Skuffande deltaking, men flott ver og nok ein gong eit godt arrangement av Olden IL. I år måtte stafetten flyttast ei helg fram p.g.a. at Holmenkollstafetten har endra helg. Dette førte til uvanleg mange stemneklollisjonar. Vi kan nemne handballturnering i Strynehallen, seriestart i aldersbestemrt fotball og turnstemne. La oss også håpe at arrangørane av Holmenkollstafetten har fått klar beskjed om at endring av tradisjonell dato ,får store konsekvensar for resten av idretts-Norge. Neste år vil vi ha Oldestafetten tilbake på siste søndagen i april som vi har hatt fast sidan 1985. Ut i frå desse omstenda seier arrangøren seg relativt godt fornøgd med at 18 lag stilte opp. Det var trass alt eitt lag meir enn i fjor, men vanleg deltaking dei siste åra før har vore 26-31 lag.

Den norske idrettsmodellen byggjer m.a. på at yngre utøvarar skal vere allsidige og byggje ein brei basis, men kvar er samarbeidet når det gjeld arrangement? Dette gjeld både på lokalt plan, krinsplan og på nasjonalt plan. Mange fine ord, men lite handling og koordinering. Årets appellhaldar Nils R. Sandal har som leiar av Sogn og Fjordane idrettskrins fått klar melding om at her ligg ei uløyst oppgåve.



Mest skuffande var deltakinga i jenteklassa med kun 2 lag. Arrangørlaget klarte for første gong på veldig lenge (dersom det i heile teke har skjedd), ikkje å stable eit jentelag på beina.
Guteklassa vart som så mange gongar før vunne av Jølster. Olden stilte 2 lag og vart nr. 7 og 9 av 10 deltakande lag. Sjukdomsforfall førte heilt klart til svekking av laga våre. I jenteklassa tok Hornindal sin 6 (!) siger på rad. Olden sine veteranar klarte denne gongen å vinne ved å halde Jølster bak seg. Snittalderen for Jølster var 62 år og Johnny Solheimsnes stilte på Oldestafetten for 43. gong, imponerande ! Nokon betre? Ja, kanskje vår eigen Asbjørn Gjerde. Det får vi sjekke grundigare.
Gloppen FIL vann dameklassa og Jølster herreklassa. I open klasse stilte kun eitt lag opp. "Gull og Gråstein" med Arild Hafsås på sjarmøretappen. Dei kunne notere seg for ei bra tid og slo denne gongen veteranlaga klart. I ministafetten stilte kun 3 lag til start. Det vanlege er 7-10 lag her.

Totalt sett for dårleg deltaking av ulike årsaker, men arrangementet viser at det framleis er liv i Oldestafetten. Det er trass alt berre Breim og Olden som har greidd å halde stafett-tradisjonen ved like gjennom årvisse arrangement. (Tekst Hans-Petter Galtung)


Her er resultatlista.

Resultat-Oldestafetten 2018.docx





Maratonkongen Helge Hafsås slo til igjen!

Postet av Olden IL den 22. Apr 2018

Helge Hafsås tok laurdag sin 18. siger i Rett Vest-maraton i Florø. Tida 2.53.34 er den beste Helge har oppnådd sidan 2015-sesongen. Olden Il gratulerer med maratonsiger nr. 180, og løp nr. 236 under 3t. Ein unik prestasjon!



Oldarane sine resultat under Grotlirenna 2018

Postet av Olden IL den 19. Apr 2018

Sist helg gjekk dei tadisjonsrike Grotlirenna av stabelen i fantastisk vér. Desse renna er landsrenn i disiplinane Super-G og Utfor. Sistnemde også krinsmeisterskap. Dette er renn vi i Olden IL alpint er med og arrangerer i lag med Stryn T&IL og Veten IL. Dei som deltok i renna frå Olden var Margrethe og Lars Krogh Opheim, Julie og Magnar Fredheim, Jonas, Emil og Elias Henden Drageset.
Her var mange flotte resultat i urangert og rangerte klassar. Margrethe og Lars deltok urangert og for første gang. Dei syntest det var veldig kjekt og gjorde ein framifrå innsats.
Magnar fekk to 7. Plassar i klassen Gutar U-14. Dette er ein jamn og sterk klasse. Julie og Emil fekk kvar sin 2.plass Utfor og KM medaljar, henholdsvis sølv og gull. (Emil 1.pl. i KM)Jonas var raskast i Menn U-18 begge dagar. Også han fekk Gull i KM- Utfor. Ikkje nok med det, Jonas greidde å ta sitt første napp i vandrepokalen med å ha den raskaste tida av alle startande. Han var 5 hundredelar føre nest beste, Mats Engeland frå Haugen IL. .Ein veldig sterk prestasjon av Jonas, GRATULERER !






Jonas Henden Drageset har nyleg delteke på 4 FIS renn.

Postet av Olden IL den 11. Apr 2018

Jonas Henden Drageset har nyleg delteke på 4 FIS renn, Slalom og storslalom 4.-8.april i den såkalte "Vestlandsrunden." SL vart gjennomført i Jølster Skisenter og SSL på Voss, Bavallen.
Jonas oppnådde resultat der han fekk punktforbedring, med ein 19.pl. og 33.pl. i SL. Der var rundt 70 startande i herreklassen. På SSL i Bavallen fekk
han ein 41. pl og 30. pl. Der var 85 startande. Jonas viser framgang også i dei tekniske disiplinane. Han hadde ein veldig god 2.omg. søndagen, der han ikkje er langt unna dei aller beste. Til helga har han prioritert Grotlirenna, Super -G og KM i Utfor. Det er heilt klart, guten likar fart !For så å avslutte sesongen 17/18 i Hemsedal med
4 renn, 2 SL og 2 SG. Vi ynskjer han lukke til !



Årsmelding Olden IL 2017

Postet av Olden IL den 19. Mar 2018

Her kan du lese årsmeldinga til Olden IL for 2017.

Årsmelding 2017.pdf



Suverent UM-gull til Mathias

Postet av Olden IL den 19. Mar 2018

Foto: Rune Helle


Mathias Melheim frå Olden tok ein overbevisande gullmedalje i kule då UM i friidrett vart arrangert i Steinkjer i helga.

Melheim deltok i klasse M18/19, og oldaren sette like godt ny personleg rekord i meisterskapet. Han støytte 6kilos-kula heile 16.14 meter, noko som er ei forbetring av den personlege rekorden på heile 1,52 meter.

– UM har vore eit delmål, og eg har fått trent jamt og godt sidan i haust. Formen er nokså god, men hovudmåla kjem utandørs, med junior-NM som det største, seier Mathias til lokalavisa.

Sølv til Steffen

Broren Steffen Melheim tok sølv i klassen for 15-åringar. Han var berre 25 cm frå gull i kule. Vinnaren, Sander Bjørbekk Skarland, Overhalla IL, støytte kula på fire kilo 15,98 meter. Steffen enda på 15.73 meter, som er over ein meter betre enn det han har prestert tidlegare.


Skrevet av Thomas Thaule, Fjordingen.



Levert av IdrettenOnline