Kan du tenkje deg å kjøpe ein andel i klatreparken?

Postet av Olden IL den 28. Jun 2018

Under Oldedagane finn du Olden IL på stand ved Sundebygget. Vi sel andelar til den planlagde klatreparken ved Olden skule for 500 kr pr. stk.

Olden idrettslag ser at det er behov for fleire uteaktivitetar ved Olden skule, spesielt for mellomtrinnet og ungdomsskulen. Idrettslaget har difor teke initiativ til å få bygd ein klatrepark ved skulen. For å få dette til er vi avhengig av hjelp til finansiering då idrettslaget har hatt store kostnadar i forbindelse med bygging av friidrettsanlegg. Vi skal også til å bygge arenabygg til anlegget komande haust.

Stryn kommune/Olden skule er villeg til å la Olden IL leige grunn ved skulen.  Vi har innhenta ulike tilbod, og etter ei vurdering meinar vi at Klatrejungelen AS i Førde kan levere det beste anlegget. Prisen for ferdig montert klatrepark er 673.700kr ekskl. mva. Grunnarbeidet vert utført av medlemmar i idrettslaget på dugnad. Fram til no har vi fått inn 200.000kr. Om vi får på plass finansiering innan rimelig kort tid kan Klatrejungel AS montere stolpar komande haust, og ferdigstille den innan 17.mai neste år. Planen var at dei ikkje kunne ferdigstille den før våren 2020, men etter nokre rundar fekk vi gladnyheita om at dei kan ferdigstille den eit år tidlegare.

Klatreparken vil auke trivselen for elevane ved skulen, samt dei eldste borna i barnehagen. Klatreparken vil også verte eit samlingspunkt i fritid/feriar for folk i bygda. Olden har også mange tilreisande, og desse kan ta i bruk klatreparken etter kl.16:30 i vekedagar, samt i helgar/feriar.

For å kome i mål med finansieringa har vi no teke kontakt med lag og organisasjonar i Olden, samt næringslivet i og rundt Olden. Vi skal også søkje spelemidlar, Sparebank stiftinga og Gjensidige stiftinga.

Håpar akkurat du ser verdien i eit slik anlegg, og dermed ynskjer å hjelpe oss med finansiering.

 

Vedlagt ligg all nødvendig informasjon om klatreparken.

Presentasjon av klatreparken - 2018.pdf

Tilbod Olden IL - Komplett leveranse.pdf

FDV-program for klatrepark med flis som fallunderlag - 2018.pdf

 

 



Resultatet frå fjelltrimmen i 2016/2017

Postet av Olden IL den 20. Jun 2018

Olden IL beklagar at resultata ikkje har blitt lagt ut på eit tidlegare tidspunkt. Olden IL si heimeside var ikkje i drift når resultatet var klart i oktober. Vi skal publisere det her inne til rett tid i år. Her kjem litt informasjon om trimåret 2016/2017. Under ligg lenkjer med resultata. 

Det har vore ein nedgang i registrerte fjellturar i Olden og Oldedalen. I trimåret 2016/2017 var det registrert 12 656 fjellturar fordelt på dei 20 fjelltrimpostane vi har i Olden og Oldedalen. Dette er ein nedgang på 1 158 turar frå førre fjelltrimår. Vi ser også ein nedgang på 13 av våre 20 fjelltrimpostar, men 7 av fjelltrimpostane har hatt fleire besøkjande denne sesongen i forhold til året før. Dei som har hatt fleire besøk denne sesongen er Nonshaugen ,Melheim/Solheimsetra, Avleisetra, Fossen, Gytridalen, Brenndalen og Kvitfjell.

Det er Skarsteinsetra som har størst nedgang i besøkjande. 643 færre besøk enn året før. . Deretter Huaren med ein nedgang på 285 turar.

22 personar leverte inn registreringsskjema på at dei har gått alle fjelltrimpostane  i Olden og Oldedalen. Av desse var 4 under 16 år, med gode poeng .

Anne Berit Bjørdal vann fjelltrimmen suverent med 1972 poeng, deretter Liv Elisabet Rygg på 2. plass og Anders Bruvoll fikk 3. plass. Desse pokalane vart utdelt på basaren til Olden IL som var i november. Det vart også delt ut pokalar til 6 born/ungdom for god deltaking i fjelltrimmen.

Eit mål for denne fjelltrimsesongen er at fleire deltek, slik at vi aukar besøkstala i sesongen 2017/2018.  

Registreringsskjema for fjelltrimpostane finn dykk på Olden IL sine nettsider, samt på Bunnpris i Olden.

Fjelltrimresultat 2017.xlsx

Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL 2017.doc

Registreringsskjema for fjelltrimmen 2017-2018.docx 



Olden IL posten - I ei postkasse nær deg..

Postet av Olden IL den 17. Jun 2018

Kjære Oldarar og Oldedøle,

På fredag låg årets Olden IL post i postkassa di. Denne låg som eit omslag rundt fakturaen til medlemskap i Olden IL. Medlemmar er viktige for idrettslaget då dette gjev auka inntekter både i form av kontingent, samt tilskot ut ifrå medlemstal. Som dykk kan lese i posten så har idrettslaget eit variert og godt tilbod for store og små. Håpar vi ser ditt namn på medlemslista i år!


Olden IL posten.pdf