28. april er det Oldestafetten!

Postet av Olden IL den 24. Jan 2019



Oldestafetten 2019, den 65. i rekka, vert arrangert søndag 28. april på idrettsplassen ved Aldaheim. Det er greitt å starte trening og planlegging allereie no. Vi vil oppmode om at så mange som muleg deltek på dette spanande og tradisjonelle arrangementet. Set i gong og "finpuss forma"  til denne siste søndagen i april😄Der er god plass til alle. Lag og Bedrifter. Born og vaksne. Og ikkje minst publikum. Heia Olden!😅



Stor friidrettssesong for Olden IL

Postet av Olden IL den 24. Jan 2019

Stimulanspokal til Ruben Eide Gjerde og treningsstipend til Mathias og Steffen Melheim.


Under den årlege basaren til Olden IL vart det gjort ære på utøvarar i sesongen 2018. Sondre Guddal Muri frå friidrettsgruppa stod for utdelinga.

Ricco Vero –pokalen (stimulanspokalen) gjekk dette året til Ruben Eide Gjerde (13 år). Han har innfridd alle dei krava som gjeld for ein slik pokal ; vist utviklingspotensiale, stått for gode haldningar til idretten, vist treningsiver med godt treningsframmøte og stått for gode prestasjonar i si årsklasse.

Ruben toppar dette året norgesstatistikken på 100m med resultatet 12.36. Vidare på norgesstatistikken er han nr. 5 på 60m og nr. 5 i lengde. Innandørs har han det nest beste reultatet i Norge i lengde med 5.38. På Veidekkeleikane på Lillehammer vann han 3 øvingar ; 60m,100m og lengde. Han var og på krinslaget til Sogn og Fjordane på Lerøyleikane på Osterøy der det vart 3 individuelle pallplassar. På KM for Sogn og fjordane vart det gull i lengde og sølv på 60m.




Treningsstipend til Mathias og Steffen Melheim.



Mathias Melheim :

Mathias er den som dei siste åra har vist vegen for andre utøvarar i Olden IL gjennom sine store prestasjonar, sin store treningsvilje og sin vilje til å hjelpe andre utøvarar på veg opp.

I 2018 har han teke heile 3 NM-titlar i kule i klasse 18/19 år. Han vart ungdomsmeister i øvinga innandørs i Steinkjer, vart norsk juniormeister på Bislet og norsk ungdomsmeister i Overhalla. Under ungdomsmeisterskapen i Overhalla tok han i tillegg sølvmedalje i diskos og bronsemedalje i slegge. Han vann også kulekonkurransen i Verdsungdomsspelen i Gøteborg. Mathias toppar norgesstatistikken i kule både med 6kg. og 7.26 kg  for si klasse både innandørs og utandørs. Han toppar og norgesstatistikken for si klasse med 2kg diskos.


Steffen Melheim.

Steffen har gjennomført ein fantastisk sesong i klasse 15 år. Han debuterte i ungdomsmeisterskapen i Overhalla med å vinne gull både i diskos og kule. I tillegg vart det her sølv i slegge og ein 5. plass i spyd. Under UM innandørs vart det sølv i kule, berre cm frå gullmedaljen. Under verdsungdomsspelen i Gøteborg vart det i konkurranse med dei beste i Europa, 1. plass i diskos og 3. plass i kule. 

Norgesstatistikken  viser at Steffen toppar denne utandørs i diskos 1kg,1,5 kg, 1,75 kg og 2kg. Han er og nr. 1 i kule og nr. 2 i slegge. Innandørs er han nr. 2 i kule(4kg) nr. 1 i kule (5kg)  og i nr. 2 i høgde utan tilløp.

Vi må og setje Steffen sine resultat i 2018 inn i ein historisk samanheng. 

I diskos (1kg) oppnådde han i år 62.99. Dette er det nest beste resultat i diskos av ein 15 åring i Norge gjennom alle tider. Rekorden er 64.24 frå 1973. Med tyngre diskosvekter for klassen toppar no Steffen norgesstatistikken gjennom alle tider med  1,5 kg, 1,75 kg og 2kg.

Steffen er for sesongen 2019 utteken på rekrutteringslandslaget i kast.


(Tekst: Hans-Petter Galtung)