BASAR 12.NOVEMBER

Postet av Olden IL den 6. Nov 2017

Vi minner om Olden IL sin tradisjonelle basar som går av stabelen førstkomande søndag kl 15:00 i Aldaheim.  Midtvegs i basaren blir det ein pause med servering av kaffi/saft, kaker og påsmurt. Det blir også premiering av fjelltrimmen ila av arrangementet.

Vi gjentek samtidig oppmodinga til alle medlemmer og deltakarar om å levere 2 stk. åregevinstar pr familie/husstand. Dette kan gjerast direkte i Aldaheim søndag mellom kl 11.00 og 13.00Alternativt kan gevinstane leverast på Bunnpris ila denne veka, dersom det høver betre. Lever då før laurdag kl 1700.

FOR DEI SOM ER I KOMITE:

Det har av ulike årsaker blitt endringar nokre av komiteane. Ajourførte komitelister finn de i linken under.  Vi håper at alle stiller opp. 

NB: EKSTRA OPPGÅVE FOR PYNTEKOMITE: Pyntekomite må sørge for at mikrofon/lydanlegg er oppmontert.

Det kan være andre oppgåver som ikkje var nemde i innkalling som vi i hovedkomiteen rett og slett ikkje kom på, eller visste tte gjerast. Vi håper difor at alle har ei positiv innstilling til å hjelpe til dersom det skulle dukke opp arbeid som må gjerastmen som ingen har fått «ansvar» for ifølge innkallinga.

Velkomne, og på førehand takk for innsatsen.

-HOVEDKOMITEEN-


OLDEN IL basar innkalling.docx




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline