Oppsummering av Oldestafetten 2018

Postet av Olden IL den 22. Apr 2018

Skuffande deltaking, men flott ver og nok ein gong eit godt arrangement av Olden IL. I år måtte stafetten flyttast ei helg fram p.g.a. at Holmenkollstafetten har endra helg. Dette førte til uvanleg mange stemneklollisjonar. Vi kan nemne handballturnering i Strynehallen, seriestart i aldersbestemrt fotball og turnstemne. La oss også håpe at arrangørane av Holmenkollstafetten har fått klar beskjed om at endring av tradisjonell dato ,får store konsekvensar for resten av idretts-Norge. Neste år vil vi ha Oldestafetten tilbake på siste søndagen i april som vi har hatt fast sidan 1985. Ut i frå desse omstenda seier arrangøren seg relativt godt fornøgd med at 18 lag stilte opp. Det var trass alt eitt lag meir enn i fjor, men vanleg deltaking dei siste åra før har vore 26-31 lag.

Den norske idrettsmodellen byggjer m.a. på at yngre utøvarar skal vere allsidige og byggje ein brei basis, men kvar er samarbeidet når det gjeld arrangement? Dette gjeld både på lokalt plan, krinsplan og på nasjonalt plan. Mange fine ord, men lite handling og koordinering. Årets appellhaldar Nils R. Sandal har som leiar av Sogn og Fjordane idrettskrins fått klar melding om at her ligg ei uløyst oppgåve.



Mest skuffande var deltakinga i jenteklassa med kun 2 lag. Arrangørlaget klarte for første gong på veldig lenge (dersom det i heile teke har skjedd), ikkje å stable eit jentelag på beina.
Guteklassa vart som så mange gongar før vunne av Jølster. Olden stilte 2 lag og vart nr. 7 og 9 av 10 deltakande lag. Sjukdomsforfall førte heilt klart til svekking av laga våre. I jenteklassa tok Hornindal sin 6 (!) siger på rad. Olden sine veteranar klarte denne gongen å vinne ved å halde Jølster bak seg. Snittalderen for Jølster var 62 år og Johnny Solheimsnes stilte på Oldestafetten for 43. gong, imponerande ! Nokon betre? Ja, kanskje vår eigen Asbjørn Gjerde. Det får vi sjekke grundigare.
Gloppen FIL vann dameklassa og Jølster herreklassa. I open klasse stilte kun eitt lag opp. "Gull og Gråstein" med Arild Hafsås på sjarmøretappen. Dei kunne notere seg for ei bra tid og slo denne gongen veteranlaga klart. I ministafetten stilte kun 3 lag til start. Det vanlege er 7-10 lag her.

Totalt sett for dårleg deltaking av ulike årsaker, men arrangementet viser at det framleis er liv i Oldestafetten. Det er trass alt berre Breim og Olden som har greidd å halde stafett-tradisjonen ved like gjennom årvisse arrangement. (Tekst Hans-Petter Galtung)


Her er resultatlista.

Resultat-Oldestafetten 2018.docx




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.