Kan du tenkje deg å kjøpe ein andel i klatreparken?

Postet av Olden IL den 28. Jun 2018

Under Oldedagane finn du Olden IL på stand ved Sundebygget. Vi sel andelar til den planlagde klatreparken ved Olden skule for 500 kr pr. stk.

Olden idrettslag ser at det er behov for fleire uteaktivitetar ved Olden skule, spesielt for mellomtrinnet og ungdomsskulen. Idrettslaget har difor teke initiativ til å få bygd ein klatrepark ved skulen. For å få dette til er vi avhengig av hjelp til finansiering då idrettslaget har hatt store kostnadar i forbindelse med bygging av friidrettsanlegg. Vi skal også til å bygge arenabygg til anlegget komande haust.

Stryn kommune/Olden skule er villeg til å la Olden IL leige grunn ved skulen.  Vi har innhenta ulike tilbod, og etter ei vurdering meinar vi at Klatrejungelen AS i Førde kan levere det beste anlegget. Prisen for ferdig montert klatrepark er 673.700kr ekskl. mva. Grunnarbeidet vert utført av medlemmar i idrettslaget på dugnad. Fram til no har vi fått inn 200.000kr. Om vi får på plass finansiering innan rimelig kort tid kan Klatrejungel AS montere stolpar komande haust, og ferdigstille den innan 17.mai neste år. Planen var at dei ikkje kunne ferdigstille den før våren 2020, men etter nokre rundar fekk vi gladnyheita om at dei kan ferdigstille den eit år tidlegare.

Klatreparken vil auke trivselen for elevane ved skulen, samt dei eldste borna i barnehagen. Klatreparken vil også verte eit samlingspunkt i fritid/feriar for folk i bygda. Olden har også mange tilreisande, og desse kan ta i bruk klatreparken etter kl.16:30 i vekedagar, samt i helgar/feriar.

For å kome i mål med finansieringa har vi no teke kontakt med lag og organisasjonar i Olden, samt næringslivet i og rundt Olden. Vi skal også søkje spelemidlar, Sparebank stiftinga og Gjensidige stiftinga.

Håpar akkurat du ser verdien i eit slik anlegg, og dermed ynskjer å hjelpe oss med finansiering.

 

Vedlagt ligg all nødvendig informasjon om klatreparken.

Presentasjon av klatreparken - 2018.pdf

Tilbod Olden IL - Komplett leveranse.pdf

FDV-program for klatrepark med flis som fallunderlag - 2018.pdf

 

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline