Olden IL har utøvarar i Norgestoppen

Postet av Olden IL den 20. Aug 2018

Friidretten i Olden har no fleire utøvarar i Norgestoppen. Dette er Olden IL svært stolte av. Her kan du lese om resultata så langt i 2018. På Olden IL si side på Facebook er Hans Petter Galtung og Sondre Guddal Muri flinke å oppdatere etter kvart stemne. Følg oss gjerne på Facebook.


21. april - Helge Hafsås tok sin 18. siger i Rett Vest-maraton i Florø. Tida 2.53.34 er den beste Helge har oppnådd sidan 2015-sesongen. Dette var maratonsiger nr. 180, og løp nr. 236 under 3t.

29. april - Olden IL deltok på Breimstafetten og stilte med et kombinertlag frå 2. og 3. klasse, samt eit lag frå 4. klasse i Konglerike sin ministafett. Totalt 10 born. Dei kom inn til ein 3. plass i sine grupper.

12. mai - Helge Hafsås vart nr. 3 på Ålesund maraton. Helge har vunne dette løpet heile 16 gongar og var nok ikkje heilt fornøgd med tida 3.11.36 etter å ha leia løpet halvvegs. Vinnartida var 2.52.03. 

13. mai - Under Loggane Open på Rygg kasta Steffen Melheim 1kg-diskosen heile 60.21m. Dette er klar ny bestenotering for 15-åringar i Sogn og Fjordane. 

26. mai - Olden IL stilte med 5 deltakarar på Honndalsleikane. Rowan (7 år) deltok i klassen gutar 10, og Elise Marie (8 år) og Ina (9 år) deltok i klassen jenter 10. Trass ung alder, hevda desse seg godt. Dette lovar godt for framtidige stemner. Nemner også at desse deltok på sitt første stemne. 

Ruben Eide Gjerde vann 60m med tida 8.07. Han sprang også 200m på 28.13 og vann dermed i sin klasse. Markus deltok i 60m, med tida 10.74. I lengde sette han ny personleg rekord med 2.84m. Markus deltok også i liten ball. Her fekk han til mange gode kast, det lengste på 23.11m. 1.22m bak vinnaren. 

27. mai - Kaststemnet Loggane Open. Trass i ein periode med sjukdom, støytte Mathias Melheim 6kg-kula 15.11, noko som er ny pers utandørs, men vel ein meter bak lengda han oppnådde då han vann UM innandørs i vinter. Resultatet er så langt det nest beste i klasse 18/19 år i Norge i år. 

8. juni - Under første dag av Sparebankleikane på Byrkjelo vart det gjennomført ein svært god 200m av dei beste 13-åringane i Sogn og Fjordane. Ruben Eide Gjerde vart her nr. 3 på den gode tida 27.36. Dette er den raskaste 200 som er gjennomført av ein 13-åring frå Olden. Den gamle bestenoteringa på 27.77 var sett av Anders Muri i Haugesund i 2006. 

Kjemperesultat av Steffen og Ruben under 2. dag av Sparebankleikane på Byrkjelo. Steffen Melheim forbetra sin eigen aldersrekord i diskos for Sogn og Fjordane med 52 cm. Ruben Eide Gjerde gjennomførte ein flott 60m og vann klasse 13 år. Tida 7.93 er ny aldersrekord for Olden IL. Anders Muri hadde den gamle på 8.00 frå 2006. Ruben si tid er den beste så langt i år og foreløpig topp 3 i Norge. si tid er den beste i fylket så langt i år og foreløpig topp 3 i Norge.

Under dag 3 av Sparebankleikane på Byrkjelo tok Ruben Eide Gjerde seier i lengde. Han persa til 5,34 og dette resultatet er årsbeste i landet klasse G13. I løpet av helga sette Ruben Olden-rekordar i klasse 13 år på 200m, 60m og i lengde. Mathias Melheim sjølv var suveren i kule. Resultatet 15,67 er pers. utandørs. Det er det nest lengste støtet med 6kg-kule i klasse 18/19 år i Norge i år. Markus Lindvik Gjerde (13) deltok i lengde og sette fin pers. Steffen Melheim fekk tildelt bestemannspremien for heile stemnet med 60,73 med 1kg-diskos. 

23. juni - Ruben  Eide Gjerde  tok Olden IL sin første siger i løpsøvingar på Veidekkeleikane sidan 2008. Det året vann Anders Muri både 100m og 200m i klasse 15 år. Ruben  tok ein klar finalesiger på 60m. Med tida 7,96 var han 2/10 føre nr. 2, Oliver Walvåg frå Strindheim. Ruben tok også ein suveren førsteplass i lengde. Resultatet 5,19 i vind -1,1 er 15 cm bak pers, men likevel eit sterkt resultat. Ruben tok også ein sterk førsteplass på 100m med tida 12.36. 

29. juni - Steffen Melheim og Mathias Melheim deltok på Verdsungdomsspelen i Gøteborg. Først ut var Steffen med ein 3. plass i kule. Han kasta 15.18 med 4-kg – kula. Deretter tok Mathias siger i kule (6kg) i klasse 18/19. Steffen Melheim vann så i diskos. Resultatet 58,56 er 2m bak pers, men heldt likevel til ein klar siger. 

8. juli - Helge Hafsås vann Jølster maraton for 15 gong. Tida vart 3.07.01. Helge har no vunne 181 maratonløp + 15 ultraløp. Dette var hans andre maratonsiger så langt i år. 52 år (!) og vinn framleis maratonløp. 

12. juli - Fantastiske resultat av Steffen Melheim på Byrkjelo. Steffen forbetra sin eigen aldersrekord i diskos for Sogn og Fjordane. Resultatet 61.90 med 1kg-diskosen er det nest beste resultatet for 15-åringar i Norge gjennom alle tider. Aldersrekorden er på 64,24 og vart sett i 1973 og kan vere innan rekkevidde i løpet av sesongen. Steffen hadde ein flott serie med heile 3 kast over 60m og ytterlegare 3 kast over 58m. Under seriestemnet oppnådde Steffen også gode 16,20 med 4kg-kula. Det klart lengste støtet av ein 15-åring i Norge så langt i år. men han leverer også i kulestøyt. Under seriestemnet i går oppnådde han gode 16,20 med 4kg-kula. Dette er ny sterk pers. og det klart lengste støtet av ein 15-åring i Norge så langt i år. 

26. juli - Under det nasjonale friidrettsstemnet i Hyen prøvde Steffen Melheim seg med 1,75kg- diskos. Den rette vekta for 15-åringar er 1 kg. Først når ein blir 18 år er 1,75kg-diskos standard. Steffen kasta heile 42,74 med denne diskosen. Så vidt vi veit har ingen 15-åring i Norge nokon gong kasta denne diskosen så langt som Steffen gjorde denne kvelden. Noko av grunnen til at Steffen denne gongen gjekk opp i diskosvekt er at kastbana i Hyen rett og rett og slett ikkje kan vere lang nok for Steffen sine kaste med 1kg-diskos. Vi kan elles legge til at Steffen enno ikkje er fylt 15 år. Men reglane er slik at ein følgjer året uansett om ein er fødd i januar eller i desember.


Friidretten i Olden går ein spanande haustsesong i møte. Vi har god tru på at utøvarane kan nå enno betre resultat i løpet av året. 













Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline