Mathias vann Ungdommens kulturstipend

Postet av Olden IL den 19. Des 2018

Trass i sin unge alder har Mathias Melheim (19) frå Olden alt vore aktiv innan friidrett i mange år. Med kule og diskos som sine hovudgreiner har han hevda seg både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra.

- Han er ein konkurransemann av dei sjeldne og har vist at det er mogleg at ein utøvar frå ei lita bygd kan nå norgestoppen gjennom hardt arbeid, var noko av det Sonja Øvre-Flo sa om Olden IL utøvaren i Stryn kulturhus tysdag kveld.

Av grunngjevinga går det fram ei imponerande resultatliste. Mellom anna vart han nr. 4 i kule i VU spelen i Gøteborg i 2015.  Same år tok han UM sølv i Lillestrøm og I 2016 vann han UM gull i kule i Sandnes. 


2018-sesongen starta han med å vinne UM-gull i kule innandørs i Steinkjer. I juni vann han gull i kule på VU spelen i Gøteborg. Same sommar vart han norgesmeister for junior på Bislett. På UM i Overhalla vann han gull i kule og sølv i diskos.

Dei to siste åra har han vore ein del av rekrutteringslandslaget i friidrett. I år vart han utteken til å representere Norge i nordisk juniorlandskamp i friidrett i Danmark, men måtte diverre melde forfall grunna sjukdom. 

- No har han teke eit friår frå skulen for å satse på idretten. Eit stipend ville vere både kjærkoment og motiverande i ein slik situasjon, sa Øvre-Flo sa før ho overrekte ungdommes kulturstipend på 15.000 kroner til 19-åringen.

- Tusen hjarteleg takk. Dette kjem veldig godt med i den vidare satsinga, sa Mathias til rungande applaus.


(Henta frå Fjordingen)


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline