2. løpet i løpskarusellen fredag 13. mai
Postet av Olden IL den 10. Mai 2011
Fredag 13. mai er det klart for det 2. løpet i løpskarusellen 2011. Også denne gongen går løpet i joggeløypa ved Olden skule med start kl. 18.00. Her er det ikkje berre om å gjere å kome først i mål, men å delta og helst få betre tid enn i forrige løp eller frå løpa i fjor. Alle som er 7 år (fødd 2004) og eldre kan delta. Påmelding ved frammøte. Alle som deltek i 1, 2 eller 3 løp vil bli premierte. Dess fleire løp dess større premie. I 1. løpet 8.april deltok 18. Vi håpar på fleire deltakarar denne gongen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.