Meir om Oldestafetten

Postet av Olden IL den 26. Apr 2011

Glopparane dominerte årets Oldestafett. Hyen, STIL og Brodd tok dei 3 første plassane både i jenteklassen og guteklassen. I tillegg vann GFIL dameklassa føre Hyen. GFIL tok også 2. plassen i herreklassa etter Jølster.

Du kan finne mange fine bilete frå Oldestafetten på NRK, Sogn og Fjordane. Fotograf Jan Atle Vangberg.

Bilete vil etter kvart bli lagde ut også her på heimesida.

Olden stilte i alt med 6 lag + 4 oldarar på vinnarlaget i opa klasse.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Olden 1 vart nr. 5 i guteklassen etter å ha vore på 3. plass både på 1. og siste veksling. Tida var heile 26 sek. raskare enn i fjor. Kanskje kan vi allereie neste år igjen vere med å kjempe heilt i teten. 2. laget vart nr. 9 på ei tid som var heile 1.18 min. betre enn i fjor. Ei særskild takk her til Mons Eirik Vangberg som på 2. min varsel steppa inn og sprang siste etappe etter skade på ein løpar.

Jentene overraska også positivt. Helga Skarstein leverte ein flott 1. etappe og veksla som nr. 2 like bak leiarlaget. Til slutt vart det ein 6. plass på ei tid som kun var 8 sek. svakare enn i fjor. I dameklassa vart "søstrene Eide " nr. 3.

Olden stilte også i år seniorlag. Dei fem 18-åringane greidde seg godt, men tida vart 19 sek. svakare enn i fjorårets stafett.

Veteranane til Olden vart i år åleine i si klasse etter at Jølster måtte trekkje sitt lag. Tida vart vel 4. sek betre enn i fjor. Bruspulvergutane som var einaste laget i opa klasse måtte sjå seg slått av veteranane med vel 41 sek., men var klart føre beste damelag.

Ein erfaren arrangørstab stod for eit flott arrangement.

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.