Nok ein maratonsiger til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 6. Jul 2010

Laurdag 3. juli sikra Helge Hafsås seg sin 11. siger på Jølster maraton. Han sprang inn til ein suveren 1. plass på tida 2.47.07. Det var altfor varmt til å oppnå dei store tidene. Målaren viste 25 grader i skuggen. Einar Strand gjennomførde halvmaraton. Tida 1.35.09 heldt til ein 3. plass i klasse 50-54 år.

Det at Helge vinn maratonløp er ingen sensasjon. Det er ein langt større sensasjon at han blir nr. 2. Det skjedde  på Nordmarka skogsmaraton den 12. juni. Alle som har sprunge i Nordmarka veit at dette er eit terreng som ikkje passar Helge spesielt godt. Likevel hadde han leiinga storparten av løpet. Men på slutten vart Harald Solhaug Næss frå idrettslaget Driv for sterk. Han kom først i mål på tida 2.48.20. Helge fekk 2.51.39 i sin debut i den kuperte traseen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.