Flott Breimstafett med to klassesigrar til Olden

Postet av Olden IL den 2. Mai 2010

Det vart ein flott stafettdag på Reed i dag. Fint ver, tørre løyper og to klassesigrar til Olden. I opa klasse vart det siger for 3. året på rad, knappe 7 sek føre Breimsbygda. Tida var kun 3/10 sek. svakare enn i fjor. Ny på laget i år var Ingrid Fjellestad. Ho sprang ein god etappe og viste sporty innstilling ved å stille opp på kort varsel. Veteranlaget gjorde og jobben og vann klart føre Jølster. Dette var Olden sin 5. siger i veteranklassa på Breim. Vi fekk og revansj over Jølster etter nederlaget på Oldestafetten. Imidlertid hadde Jølster sitt lag i superveteran-klassa betre tid. Det svært unge gutelaget vårt greidde å unngå sisteplassen og sprang på ei tid som var 7 sek betre enn ifjor. Laget kjem nok til å markere seg langt sterkare allereie neste år. Anders Muri kom seg ikkje til finalen i kraftprøva. I kvalifiseringsheatet fekk han ein dårleg start, men kom sterkt på slutten. Det måtte målfoto til for å avgjere finaleplassen. Finalen vart vunnen av Ørjan Midthjell. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete frå Breimstafetten seinare.

Resultater

Bilder


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.