Meir om den 56. Oldestafetten

Postet av Olden IL den 27. Apr 2010

 

Bilder.

Som nemnt deltok 28 lag i Oldestafetten sist søndag I tillegg var 6 lag med på ministafetten på idrettsplassen. Johanna Nygjerd hadde fått det ærefulle oppdraget å halde appellen. Ho sette deltakarne i den rette stemninga før start. Det var heller kjøleg vårver under tilskipinga og på langt nær så gode tilhøve som i fjor. Derfor vart det heller ikkje sett nye rekordar i årets stafett.

Som vanleg var det best deltaking i guteklassa med 12 lag. Hyen kopierte her fjorårssigeren etter hard kamp mot Førde som hamna 1,6 sek. bak. Desse to laga var i særklasse. På 3. plass følgde STIL. Oppstryn gjorde det betre enn på lenge med ein fin 5. plass. Olden stilte i år med svært unge gutelag. Førstelaget kom i mål på 8. plass.

Hyen hadde og det beste jentelaget. Hornindal leia lenge, men måtte sjå seg slått på siste etappe. Olden låg lenge på 3. plass etter at Kristine Tonning hadde sprunge laget heilt opp i teten på 2. etappe. Men jentene måtte til slutt ta til takke med 4. plass for tredje året på rad. Elles var det gledeleg at Hornindal er tilbake og stilte to lag både i guteklassen og i jenteklassen.

I dameklassa var det også Hyen som var sterkast. Olden stilte eit reint søsterlag. Søstrene Eide (Løbakkane) imponerte og var ikkje altfor langt bak hyarane i mål. Dei leverte den desidert beste tida av eit damelag frå Olden nokon gong. Gratulerer til Audhild, Elisabet, Solvor, Kristine og Lillian.

I herreklassa stilte 3 lag. Jølster var denne gongen klart føre Gloppen FIL. Olden stilte med eit svært ungt lag, men dei fem 17-åringane våre greidde seg fint. Tida 9.45 er eit halvt min. betre enn det Olden presterte sist vi stilte seniolag i jubileumsstafetten i 2004.

Olden har vunne veteranstafetten mange gongar, men utan ein sjuk Asbjørn Gjerde på laget vart Jøster denne gongen for sterke.

I open klasse var "Dei fabelaktige fem" klart best og slo "Bruspulverguttene" med 34 sek. Tida var knapt 17 sek. betre enn den "Bruspulverguttene" oppnådde i fjor.

Og komande søndag er det Breimstafett.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.