Oldestafetten på søndag

Postet av Olden IL den 23. Apr 2010

Det har ikkje sett heilt lyst ut med påmeldinga til den 56. Oldestafetten søndag 25.april. Men det ser no ut til at vi får minst 27 lag i dei ulike klassane. Kanskje kan vi og få fleire påmeldingar i siste liten.  (I fjor deltok 33 lag).  Olden stiller med 7 lag : 2 gutelag, 2 jentelag, veteranlag, herrelag og damelag. I tillegg kjem laga i open klasse og i ministafetten. For første gong sidan jubuileumsstafetten i 2004 stiller Olden i år også lag i herreklassa. Dette er eit lag med kun 17-åringar. Det vert nok altfor hardt å ta opp kampen mot "proffane" frå Gloppen og Jølster, men det er og viktig å prøve å måle krefter mot dei beste. Søstrene på Eide (Løbakkane) har og signalisert at dei vil stille lag i dameklassa eller open klasse. Alle har tidlegare vore sentrale på Olden sitt jentelag og det er flott at dei no stiller eit eige "søsterlag.

Elles har vi høyrt rykter om at det er fleire lag på gang i open klasse. Det gjenstår berre å sjå om desse kan omsetje ord til handling og stille opp når det gjeld på søndag.

Vi oppfordrar oldarane til å heise flagget på søndag. Oldestafetten er ein institusjon i bygda og det er fint for dei tilreisande å kome til ei flaggpryda bygd.

Vi oppfordrar og oldarane til å stille opp som publikum og på den måten slutte opp om eit viktig arrangement for bygda. Det er gratis adgang, kiosk og du deltek i lotteri med mange fine gevinstar ved å kjøpe programheftet.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.