Flott idrettslagsbasar
Postet av Olden IL den 23. Nov 2009
Det var god stemning og fullt hus då Olden IL avvikla den tradisjonelle idrettslagsbasaren i Aldaheim på søndag. Det kom inn godt over 36.000 kr. Eit resultat idrettslaget seier seg svært godt fornøgd med. I pausen fekk Helge Hafsås overrekt blomster av leiar i friidrettsgruppa Hans-Petter Galtung. Olden IL ynskte å markere at Helge i august vart offisiell norsk meister i ultraløp for andre gong då han vann 6-timersløpet på Eidsvoll. Så langt i år har han vunne 11 maratonløp og 3 ultraløp.
Olden IL vil takke alle som støtta idrettslaget med gevinstar og kjøp av lodd/årar. Ei særleg takk til basarkomiteen som stod for avviklinga av ein svært vellukka basar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.