Kan Helge Hafsås ta ein ny NM-tittel ?
Postet av Olden IL den 21. Aug 2009
I morgon stiller Helge Hafsås til start på NM i 6-timersløp (Eidsvoll 6-timers) Dette er det aller første offisielle NM i denne øvinga. Helge har sjølv den norske rekorden med 85,490 km på 6 timar og må finne seg i å vere favoritt til NM-tittelen. Rekorden vart sett i 2007. I fjor oppnådde han 83,205 km trass i skadeproblem og mange skogsturar undervegs p.g.a. magetrøbbel. Løpet vert avvikla i den nedlagde leiren på Trandum i ei 1500m lang rundløype. Det er over 100 påmelde kvinner og menn på løpet.
Som vi hugsar vart Hafsås den aller første offisielle noregsmeisteren på 100 km i Bergen i fjor haust. Kan han og bli den første offisielle noregsmeisteren på 6-timersløp ?
Så langt i år har Helge vunne 7 maratonløp. I juli månad vann han både Jølster maraton og Hornindalsvatnet maraton. Men no er det ein offisiell NM-tittel det står om. Vi ynsker Helge lukke til med mange rundar på Trandum. Kanskje kan han og true sin eigen noregsrekord . Starten går kl. 10.00 i morgon tidleg.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.