Helge stiller på NM på 100km

Postet av Olden IL den 16. Okt 2008

Laurdag er det klart for det første offisielle NM på 100 km. Løpet vert avvikla i Fana ved Bergen. Sjølv om Helge Hafsås har vore mykje plaga av belastningsskade denne sesongen, må han likevel finne seg i å stille som favoritt. Han har sjølv den offisielle bestenoteringa på distansen med 6.50.15 i Bergen i 2006. I fjor vann han 100 km under Bergen Ultra på 7.07.33. Spørsmålet er om forma er god nok til slike tider akkurat no, men vi har likevel tru på at Helge har god sjanse til å sikre seg sin første offisielle NM-tittel.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline