Lagsmeisterskap i friidrett på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 16. Okt 2008

5. oktober avslutta Olden og Vikane friidrettssesongen ved å samarbeide om å avvikle lagsmeisterskap på Byrkjelo. Kjøleg og etter kvart dårleg ver la ikkje nokon dempar på aktiviteten. Vi let oss imponere av stor innsatsvilje blant dei som stilte til start. Utøvarane fekk prøve seg på 60m, 400m, 600m, lengde, høgde,liten ball, spyd og diskos. Det var noko skuffande at kun 11 frå Olden stilte til start. Noko av årsaka til manglande oppslutning skuldast nok sjukdom og haustferie. Elles viser det seg gong på gong at vi får større oppslutning på dei arrangementa vi kan gjennomføre heime i Olden. Ei utbyggjing av eit mindre friidrettsanlegg må derfor vere ei høgt prioritert oppgåve for idrettslaget.

Trass i til dels dårlege forhold, vart det oppnådd mange fine resultat og sett fleire personlege rekordar. På ny var det Anders Muri (15) som imponerte aller mest. 7,4 på 60m i kjøleg ver og 1,46 m/sek motvind er ein svært sterk prestasjon. Mykje tyder på at dette er det beste baneresultatet på 60m av ein oldar nokon gong uansett klasse. Anders sprang og, tilhøva teke i betraktning, ein god 400m på 56,9.

Resultater


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline