18 DM-medaljar til Olden.

Postet av Olden IL den 22. Sep 2008

Olden stilte med heile 14 deltakarar på friidrettsstemnet på Byrkjelo sist søndag. 10 deltok på DM for Nordfjord og 4 var med på regionsleikar for 9/10-åringar. Oldarane tok i alt 18 medljar, 7 gull, 7 sølv og 4 bronse. Flott innsats! Anders Muri (15) oppnådde nok ein gong dei beste resultata med 12.05 på 100m og 5.57 i lengde. Dei andre som tok gull var Johnny Myklebust (16) i kule og på 100m, Ole Myklebust (15) i kule, Sondre Guddal Muri (15) på 800m og stafettlaget på 4x100m (15-18 år). På stafettlaget deltok Sondre Guddal Muri, Johnny Myklebust, Ole Myklebust og Anders Muri.

Medaljeoversikt DM :

G11 : Lars Marius Kveen Gjertsen : Sølv i høgde og i kule

G12 : Are A. Tenden : bronse på 600m

J14 : Janne Alsaker : sølv på 60m

       Therese Tenden : bronse på 60m og i lengde

G15 : Anders Muri : Gull i lengde og på 100m, bronse i kule

        Ole Myklebust : Gull i kule, sølv på 100m

        Sondre Guddal Muri : Gull på 800m, Sølv på 100m, i lengde og i spyd

G16 : Johnny Myklebust : Gull i kule og på 100m.

Stafett : Gull på 4 x 100m i klasse 15-18 år

        (Sondre Guddal Muri, Johnny Myklebust, Ole Myklebust og Anders Muri)

Det må vere svært lengde sidan Olden har stilt lag på ein 4x100m stafett. Vi har ikkje funne noko registrert tid, så mykje kan tyde på at tida 51.13 er lagsrekord for Olden IL.

Dei 4 som deltok på regionsleikane var Jens Guddal Muri (9) og 10-åringane Mons Eirik Vangberg, Odd Sindre Tonning og Sondre Ljosdal Galtung. Alle leverte flott innsats og sette fleire personlege rekordar. Sondre fekk delt 1. plass i lengde med 3,32. Odd Sindre vart nr. 2 på 60m med tida 10.52


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.