Helge Hafsås nr. 4 i maraton -NM

Postet av Olden IL den 7. Jul 2008

Foto: kondis.no(fra Jølster maraton 07)NM på maraton var i år lagt inn i Jølster maraton som vart avvikla sist laurdag. Trass i problem med overbelasta muskulatur greidde Hafsås å bli nr. 4 totalt og dessutan vinne klasse 40-44 år. Tida 2.47.27 er årsbeste og må seiast å vere eit steg i rett retning sidan det var veldig varmt for maratonløp denne laurdagen. Vinnar vart Henrik Sandstad, Steinkjer med 2.28.36. Einar Strand vann halvmaraton i klasse 50-54 år på tida 1.35.22.

Som vanleg tok Helge leiinga frå start, men måtte sleppe etter ca. 5 km. Han passerte halvmaraton på ca. 1.20. Det var lenge usikkert om kongen av Jølster maraton, med heile 10 sigrar, i det heile teke kunne stille opp denne gongen. Men som den pliktoppfyllande løparen Helge er, fann han ut at han ikkje kunne svikte når NM skulle gå nesten på heimebane.

I kvinneklassa vart det gull til Sogn og Fjordane. Audhild Hestad frå Gaular kom for første gong under 3 timar og vann på tida 2.57.25


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline