Meir om Veidekkeleikane.

Postet av Olden IL den 30. Jun 2008

Det er mange som har blitt imponert av Anders Muri sine prestasjonar på Lillehammer sist helg. Tida hans på 200m, 24.11, er faktisk den nest beste tida ein 15-åring frå Sogn og Fjordane nokon gong har oppnådd. Berre den sterke sprintaren Ørjan Midthjell frå Fjellhug/Vereide har nokon gong sprunge distansen raskare som 15-åring. Han er no blant dei aller beste 16- åringane i Norge både på 100m og 200m. Så vidt vi veit har heller ingen frå Olden (heller ikkje seniorar) sprunge ein så rask 100m med elektronisk tidtaking (11.66) som Anders, med eller utan vind.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.