Mange flotte resultat på Sparebankleikane.

Postet av Olden IL den 30. Jun 2008

Sparebankleikane 2008 vart eit kvalitetsstemne både med omsyn til resultat og arrangement. Frå Olden hadde vi med 6 deltakarar. Vår fremste utøvar, Anders Muri valde fornuftig nok å stå over denne helga. Han kjende seg ikkje 100 % etter den harde helga på Lillehammer og fotballskule sist veke.

Dei andre oldarane greidde seg imidlertid fint i den harde konkurransen. Sondre Guddal Muri (15) vann 800m, vart nr. 2 på 100m og nr. 3 i lengde og spyd. I spyd manglar han framleis vel ein meter på å kvalifisere seg til ungdomsmeisterskapen i slutten av august. Knut Alsaker (15) oppnådde si beste plassering på 100m med ein 3. plass. Både Sondre og Knut sette fine nye personlege rekordar på 100m. I 10- års klassa fekk Jens Guddal Muri (9) ein fin 3. plass i høgde.

Dei 3 andre frå Olden, Rasmus E. Skarstein,(11) Are A. Tenden (12) og Anders Egset (12) sette og fine personlege rekordar i stemnet. Det var fine tilhøve på Byrkjelo begge dagane.

Elles kan vi nemne at Hans-Petter Galtung, Olden saman med fleire andre var oppe til praktisk eksamen som krinsstartar på Byrkjelo denne helga. Alle 3 som var oppe bestod eksamen. Dei to andre var Håkon Løseth, Førde og Arne Klakegg, Fjellhug/Vereide.

For resultat, sjå www.sffik.no


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline