Nesten for Olden sitt gutelag, fantastisk ankeretappe av Anders Muri

Postet av Olden IL den 29. Apr 2008

Det vart ein stor stafettdag i Olden på søndag. Veret var flott og løypene tørre og fine. Det som først og fremst vil bli hugsa er nok det knallharde oppgjeret i guteklassa mellom Førde, Olden og Jølster og Andre Opheim sin flotte apell med avsluttande stafettstev.

Olden har lenge hatt som mål å vinne gutestafetten på heimebane. Draumen var å slå Jølster som hadde vunne dei 9 siste åra. Vi klarte Jølster, men det mangla nokre få cm. på at draumen om siger skulle gå i oppfylling. Ved siste veksling var Olden nr.3, eit godt stykke bak Jølster og Førde. Anders Muri leverte ei fantastisk opphenting, passerte Jølster ca. 30m før mål og med ein sugande sluttspurt kom han nesten ajour med Førde sin ankermann Torstein Frøholm. Hadde stafetten berre vore ein meter lenger, trur vi Olden hadde vore først. Det var lenge usikkert kven som hadde vunne, men måldommarane var einige om at Førde hadde dei nødvendige centimeterane på si side. Førde tok dermed sin første siger i gutestafetten sidan 1966. Olden vann sist i 1973, men kanskje neste år ....  Sjølv om Førde var 3,5 sek. bak Jølster sin løyperekord frå i fjor, har nivået på dei beste laga aldri vore høgare sidan omlegginga frå 10 til 5 etappar. Dei 5 frå Olden som nesten vann Oldestafetten var : Ole Myklebust, Rasmus Skarstein, Sondre Guddal Muri, Odd Sindre Tonning og Anders Muri.

I gutestafetten deltok 14 lag som er det meste sidan jubileet i 2004. Olden 2 vart nr. 7. Tida 6.25 er den beste tida eit 2. lag frå Olden har oppnådd. Olden 3 vart nr. 13.

Førde gjekk og til topps i jenteklassa føre Jølster og Hyen. Olden 2 vart her nr. 3 på ei tid som er betre enn på lenge. Olden 1 vart nr. 6 av 7 lag.

GFIL 1 vann herrestafetten føre Jølster.

I veteran var Markane i år sterkare enn oldarane. Sjølv om Asbjørn Gjerde hadde vore på Olden sitt lag, trur vi det hadde vore vanskeleg å hamle opp med Markane denne gongen.

Blant damene var GFIL, Hyen raskast. Markane og Olden springers deltok her i open klasse. Oldedamene leverte flott innsats, men måtte konstatere at Markane var 4 sek. føre i mål.

Totalt deltok 29 lag i den 54. Oldestafetten. På ministafetten deltok 5 lag. På hovudstafetten hadde Olden med heile 7 lag. Stafetten viste at Olden IL for tida både har topp og breidde innafor friidretten.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline