Helge Hafsås er i gong igjen !

Postet av Olden IL den 31. Mar 2008

Foto:(arkivbilde)Helge Hafsås har slite med betennelse i beinmuskulaturen sidan 100km på Bergen Ultra 20. oktober. Laurdag var han tilbake igjen med ein ny siger i Bergen maraton. Med tida 2.49.43 var han vel 8 min. føre nr. 2 i løpet. Dette var Helge sin maratonsiger nr. 108. Vi håpar han no er kvitt skadeproblema og at han får trent skikkeleg fram mot NM i maraton på Jølster og det første offisielle NM på 100km til hausten.

Sjå elles reportasje og resultat på www.kondis.no

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline