Stor deltaking og flotte resultat på LM i friidrett innandørs

Postet av Olden IL den 11. Mar 2008

Lagsmeisterskapen i friidrett innandørs vart avvikla i Olden skule sist måndag. Heile 39 utøvarar i alderen 7-50 år stilte opp i øvingane lengde u/tilløp, tresteg u/tilløp, høgde u/tilløp og kule. Det var ekstra gledeleg at det var veldig mange deltakarar i aldersgruppa 14-16år.

Resultater 

15-åringane Ole Myklebust og Anders Muri oppnådde dei aller beste resultata. Ole hoppa 1.28 i stille høgde. Dette er så langt det 3. beste resultatet i Norge i år. Med 1.25 gjekk Anders inn på 4. plass på Norgesstatistikken i denne øvinga. I stille tresteg hoppa Anders 7.46. Dette er det foreløpig beste resultatet i Norge i år. I lengde u/tilløp oppnådde han 2.59 som held til ein foreløpig 6. plass på norgesstatistikken. Elles vart det oppnådd mange fine resultat og sett mange personlege rekordar både blant jentene og gutane. P.g.a. tidsnød fekk vi ikkje avvikla kule for dei som er 12 år og eldre. Denne øvinga vil vi ta igjen ved eit seinare høve. Vi kjem tilbake med ei fullstendig resultatliste seinare.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline