Helga Skarstein tok KM-gull i Super G

Postet av Olden IL den 21. Feb 2008

Sist laurdag gjekk Helga Skarstein heilt til topps i klasse 12-13 år då KM i super G vart avvikla på Harpefossen. Ho vann føre to jenter frå Sogndal. Grunna dårlege vermeldingar for søndagen vart det køyrt to super G renn denne laurdagen. Helga vann også renn nr. 2 som var eit kvalifiseringsrenn. Olden IL gratulerer Helga med KM-tittelen. Broren Rasmus Skarstein vart nr. 2 i klasse 11 år i begge renna. I same klasse vart Mathias Fjellestad nr. 6 i KM-rennet. Alpingruppa i Olden IL har dei siste åra bygd opp eit nytt alpinmiljø i Olden. Olden IL har tradisjonar i alpint og det er kjekt å sjå at vi på nytt har fått utøvarar som kan hevde seg i denne idretten. Også fleire oldarar enn dei vi har nemnt frå renna på Harpefossen, har hevda seg fint i renn så langt denne sesongen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.