Anders tok sølv i lengde

Postet av Olden IL den 3. Feb 2008

I Drammenshallen i dag føremiddag tok Anders Muri sølv i lengde i ungdomsmeisterskapen. Det var kun 12 cm opp til gullmedalja.

Anders hoppa 5.64. Vinnaren Mathias Øverland, Vegårshei oppnådde 5,76. Anders hadde ein svært god serie og hoppa 5.64 to gongar.

På 100m vart det ikkje finaleplass denne gongen. Tida 12. 33 (pers.) i forsøket heldt til ein 8. plass. Det mangla 7/100 på å kome med i finalen som går seinare i dag. Vi kjem tilbake med meir stoff seinare.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline