Anders Muri til UM innandørs i Drammen

Postet av Olden IL den 30. Jan 2008

 Arkivbilde Førstkomande helg skal Anders Muri delta på ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammenshallen. Her får han måle krefter mot norges aller beste sprintarar og lengdehopparar i klasse 15 år. På laurdag prøver han seg på 60m og på søndag vert det 100m og lengde. Eit blikk på startlistene viser at konkurransen vert knallhard. Målet for Anders må i første omgang vere å greie å kome med til finalane, men med full klaff kan og medalje vere innan rekkevidde.

Frå Sogn og Fjordane er det påmeldt 18 utøvarar. Florø har den største troppen med 8 deltakarar. Sjå elles heimesida til friidrettskrinsen : www.sffik.no

 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.