Avslutningsfest for fotball/friidrett

Postet av Olden IL den 4. Nov 2007

Fredag 2. november var ca. 70 små og store samla i Aldaheim for å markere avslutninga på fotball- og friidrettssesongen 2007. I kjellaren vart det servert pizza og oppe var det premieutdeling og filmglimt frå årets sesong.

Alle som hadde delteke på fotballen fekk utdelt ein flott statuett + drikkeflasker. Dei 7 gutane som vart krinsmeistrar i fotball i klasse 13-14 år vart gjort ekstra ære på.

I friidrett vart det delt ut pokalar for løpskarusellen og for lagsmeisterskapa innandørs og utandørs. I alt var 35 med på eitt løp eller meir i løpskarusellen. Dei 17 som var med på alle 3 løpa fekk ein ekstra stor pokal. Totalt var 27 utøvarar med på 1 eller 2 lagsmeisterskap.

Kari Tonning oppsummerte fotballsesongen og Hans-Petter Galtung friidrettssesongen. Begge understreka kor viktig det er å drive allsidig idrett når ein er unge og poengterte at ein gjennom friidretten får utvikla eigenskapar som også er svært viktige dersom ein ynskjer å bli gode i fotball. Hans-Petter meinte at friidrettssesongen 2007 har vore ein av dei aller beste når det gjeld den yngre garde i Olden IL si historie. Eitt av dei store høgdepunkta var gutelaget sin siger i Breimstafetten.

Leiar I Olden IL, Leiv Arne Egset, overleverte blomster til dei som har vore trenarar i fotball og friidrett.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.