Anders Muri imponerte stort under 2. dag av NCC-leikane

Postet av Olden IL den 9. Sep 2007

Arkivbilde  Dei to 14-åringane våre stod for svært gode prestasjonar også under 2. dag av NCC-leikane i Haugesund, som vart avvikla under langt betre vertilhøve enn det som var tilfelle på laurdag. Anders slo til med 2. plass både på 60m og i tresteg ! Sondre fekk 4. plass i spyd og debuterte på 1500m med ein 7. plass.

Resultater

Anders vann sitt forsøksheat på 60m med 7.94. I finalen vart det 2. plass med 7.78 i 1,1 m/sek.motvind. Dette var berre 7/100 bak landets beste 14-åring på 60m, Mathias Øverland frå Vegårdshei i Aust-Agder. Sjølv meiner Anders at dette var det beste løpet han har gjennomført nokon gong. Persen på 7.75 frå Lillehammer i juni vart sett i medvind 

Kanskje like imponerande er Anders sitt tresteg-resultat. Her vart han etteranmeld og leia konkurransen heilt til siste omgang då Øverland gjekk forbi med resultatet 12.24. Anders sitt resultat, 11.86, er faktisk det 3. beste resultatet i Norge i år. Imponerande, særleg sett på bakgrunn av at dette var første gongen han prøvde seg i øvinga. Einaste treninga har vore at vi har brukt stille tresteg som spensttrening i gymsalen på Olden skule. Totalt enda då Anders opp med tre 2. plassar (60m, lengde og tresteg) og ein 4. plass (200m) på stemnet + 3. plass på stafetten. Det er ikkje lett å gå heilt til topps når ein må konkurrere med norges beste 14-åring i lengde,tresteg og på 60m.

Sondre Guddal Muri vart nr. 4 av 16 deltakarar i spyd. Resultatet 37.41 er kun ein god meter bak persen frå Byrkjelo i juni i år. Sondre prøvde seg og på 1500m for første gong. Her vart det 7. plass med tida 4.57.35 . Totalt sett på stemnet enda då Sondre opp med ein 4. plass, ein 5.plass og to 7.plassar. Flott innsats !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.