Flott Olden-innsats på 1. dag av NCC-leikane i Haugesund

Postet av Olden IL den 8. Sep 2007

Anders Muri og Sondre Guddal Muri sette personlege rekordar i alle øvingane dei deltok i under 1. dag av NCC-leikane i Haugesund. Beste plasseringa oppnådde Anders i lengde, der han tok 2. plassen med resultatet 5.70. Men medvinden var  altfor sterk til at resultatet kan godkjennast. Vinnaren hoppa 5.96. På 200m vart det 4. plass på Anders på 26.17, solid pers. trass i 1,5 sek/m. motvind.

Sondre Guddal Muri konkurrerte i diskos (1 kg) for første gong. Trass i minimalt med trening, greidde han ein fin 5. plass med resultatet 26.77. Sondre sette og pers. på 600m. Tida 1.42.89 heldt til 7. plass av 13 deltakarar.

Vi tek og med at Siv Malin Nesje (13), frå Oppstryn, men med far frå Olden, gjekk heilt til topps i diskos med det flotte resultatet 27.45. Ho fekk og ein fin 5. plass i lengde der ho hoppa 4.69

Stemnet held fram i morgon. Då har både Anders og Sondre sine beste øvingar, høvervis på 60m og i spyd.

Elles må vi opplyse at vi tok feil dag når det gjeld Trondheim maraton. Løpet, der Helge er ein av favorittane, går ikkje før i morgon - søndag.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.