Fire KM-medaljar til Olden på Byrkjelo, 60m-gull til Anders Muri og stafett-gull til Olden

Postet av Olden IL den 1. Sep 2007

 

 
Tilhøva var ikkje dei aller beste, med 9 grader og regn, då 1. dag av KM 13-18-år + regionsleikar 10-12 år vart avvikla på Byrkjelo laurdag. Anders Muri leverte eit svært godt løp på 60m. Med tida 7.88 i svak motvind (-0,6), tok han ein klar siger i klasse 14 år. Gull vart det også til Olden på 4x60m stafett, klasse 13-14 år.

I lengde vart det sølv på Anders med resultatet 5.11. Vinnar vart Jens Christian Andenes, Fjellhug/Vereide med 5.30. Sølv vart det også på Sondre Guddal Muri med 34.80 i spyd. Sondre vart også nr. 4 på 60m med 8.64.

I år som på KM i Florø i fjor, vart det gull til Olden på 4x60m stafett, klasse 13-14 år. På laget sprang : Sondre Guddal Muri, Harald Andre Galtung, Asgeir Flåten og Anders Muri. Sjølv om Olden var åleine i heatet vart tida så pass bra som 34.36, kun 6/10 svakare enn på KM i fjor. I år stilte vi og med eit yngre lag. Dette var Olden sin 4 siger på 4x60m stafett i KM og DM i løpet av dei to siste åra. Ingen tvil om at Olden og stafett høyrer i hop. Synd at ingen andre lag ville ta kampen om KM-tittelen opp med Olden.

På jentesida var vi representert med Janne Alsaker og Terese Tenden, som leverte god innsats, sjølv om dei ikkje var med i medaljekampen denne gongen.

På regionsleikane deltok Andreas Løken, Anders Egset, Are Tenden og Asgeir Flåten. Beste plasseringane oppnådde Anders Egset (11) med 5 plass på 60m og Andreas Løken (10) med same plassering i kule. P.g.a. kollisjon med presentasjon av konfirmantane og dessutan fotballkamp, skal ikkje oldarane delta på 2. dag av KM. Til slutt kan vi legge til at startaren på stemnet denne gongen kom frå Olden.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.