Helge Hafsås heidra under Oldedagane

Postet av Olden IL den 3. Jul 2007

 Verdas mestvinnande maratonløpar, Helge Hafsås (Foto: Hans-Petter Galtung)

Olden idrettslag ved leiar Leiv Arne Egset og leiar i friidrettsgruppa, Hans-Petter Galtung, delte ut rosemåla fat og Olden-drakt til Helge Hafsås under Oldedagane.

Framfor eit stort publikum vart Helge heidra for sin maratonsiger nr. 100 i Ålesund 12 mai.

Egset sa mellom anna at Olden IL på denne måten ynskte  å heidre sin beste utøvar gjennom tidene.

Laurbærkransen frå Ålesund vil etter kvart bli brun i blada, derfor ville idrettslaget overlevere noko som står seg betre.

 

Bilder!

Helge fekk og overlevert fleire bilete frå løpet i Ålesund og dessutan ein fullstendig statistikk over sine lang-løpsprestasjonar opp gjennom tida.

Til stades var også ein annan maratonkonge, nemleg Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL som har gjennomført heile 309 maratonløp. Dette er solid norsk rekord.

 

Etter Ålesund har Helge vunne ytterlegare to maratonløp. Vi snakkar då om Hadeland maraton og Det norske fjellmaraton. På Hadeland sette han også ny løyperekord.

Så langt i 2007 har han allereie rukke å vinne 8 maratonløp og setje to nye løyperekordar.

Leiaren i friidrettsgruppa gjekk gjennom ein del av Hafsås si merittliste som m.a. inneheldt verdsrekord i tal maratonsigrar (102), verdsrekord på 50 km på tredemølle, norsk bestenotering på 100 km, 42 maratonløp på under 2.35, 83 løp på under 2.40, innehavar av minst 10 løyperekordar i norske maratonløp osv.

 

Hafsås si innstilling vart også trekt fram. Sjølv om han kunne teke det meir med ro og likevel vunne mange maratonløp, yter han alltid sitt beste. Her er det ikkje snakk om berre å trygge sigeren. Helge er elles kjent for sine uortodokse oppladningar som ofte inneber nattbuss til Bergen, Oslo eller Trondheim før maratonløp.

Han er også kjent for sine ofte knallharde opningar. Her fekk han ein liten korreks frå leiaren i friidrettsgruppa, som meinte at eit meir jamnt tempo oftast vil gje ei betre slutt-tid.

Helge er også trufast. Har han først stilt opp i eit eller anna maratonløp, held han fram med deltakinga. Mellom anna 12 sigrar i Hornindalsvatnet maraton og 10 sigrar på rad i Ålesund maraton ,skulle stadfeste dette.

 

Galtung trekte også fram den positive innstillinga Helge har til å stille opp for Olden IL ved å delta i stafettar, løpskarusell og lagsmeisterskap. Dette er viktig for dei yngre utøvarane. Fleire gongar har Helge stilt opp ved slike høve sjølv om han skulle stille til start på maratonløp dagen etter, eller har sprunge maraton dagen før.

 

På spørsmål om kor mange løp han har vunne totalt i karriera, svarte Hafsås at det måtte dreie eg om 3-400. Vi snakkar då om ultraløp, maratonløp, landevegsløp, terrengløp og baneløp. Har nokon tid til overs, er det berre å setje i gong med å finne ut av dette.

 

Helge var vidare usikker på om han ville stille opp i VM på 100 km i Nederland i september. Som vanleg var han usikker på forma og meinte han burde teste denne ut i eit par maratonløp først !

 

Olden IL har i dag fleire lovande friidrettsutøvarar som hevdar seg på nasjonalt nivå. Hafsås sine råd for kva som skal til for å bli verkeleg god var klare : trening, trening og atter trening + ein porsjon tålmodighet.

 

Helge si neste oppgåve er Jølster maraton til helga. Dette løpet har han allereie vunne 9 gongar. Kan han ta sin 10. siger på Jølster laurdag 7.  juli ?

Sjå også reportasje på www.kondis.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.