Helge vann også Det Norske Fjellmaraton

Postet av Olden IL den 3. Jun 2007

Helge Hafsås kunne laurdag 2. juni innkassere sin 3. siger på rad og sin 4. totalt på Det Norske Fjellmaraton. Dermed er han allereie oppe i utrulege 8 sigrar på maratondistansen så langt i 2007.

Det Norske Fjellmaraton vert karakterisert som eit av norges tøffaste maratonløp. Starten går på Besstrond vel 900 m.o.h. Halvmaraton vert passert på toppen av Valdresflya, 1400 m.o.h. Deretter er det unnabakke ned til Bygdin før ei ny tøff stigning opp til Båtskaret. På slutten er det unnabakke ned til målgang på Beitostølen vel 900 m.o.h.

Denne gongen møtte Helge tøffare motstand enn på lenge. Ein av norges aller beste uthaldsutøvarar, Kristen Aaby, heldt følgje svært lenge. Helge vann spurtprisen på toppen av Valdresflya, men deretter fekk Aaby igjen kontakt. Først i stigningane opp mot Båtskaret klarte Helge å rykke i frå. I mål var differansen knapt 3 min i Helge sin favør. Tida vart 2.43.47. Aaby som spring i klassa 45-49 år, har vunne løpet fleire gongar tidlegare.

Det var fine tilhøve under arrangementet, men svak motvind stort sett heile vegen.

På halvmaraton, som går frå toppen av Valdresflya til Beitostølen, deltok Einar Strand frå Olden. Vi har foreløpig ikkje fått den offisielle tida hans.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.