God Olden-innsats på Strynehalleikane

Postet av Olden IL den 16. Mar 2007

19 utøvarar frå Olden deltok på Strynehalleikane sitt 20-årsjubileum.

Kjemperesultat av Anders Muri på 40 m og i lengde. Mange pallplasseringar til oldarane.

Anders Muri sprang 40m på 5.6 og hoppa 5.47 i lengde. Begge resultata ga klare 1. plassar. I Strynehalleikane si 20-årige historie er det få eller ingen 14-åringar som har oppnådd så gode resultat som Anders. Om det er klasserekordar for Strynehalleikane får vi kome tilbake til når vi har granska dei gamle resultatlistene nøyare.

Andre vinnarar frå Olden vart : Mona Myklebust (12) i kule og Nadia Kvamme (13) i høgde.

Helga Skarstein (12) braut foten for ikkje så lengde sidan , men oppnådde likevel 2. plassar både på 40m og i lengde.

Asgeir Flåten fekk sølv både i høgde og lengde. Sondre Guddal Muri i klasse 14 år har stadig framgang og vart nr.2 i høgde og 3 i kule og lengde. Svært gledeleg var det og at vi hadde med jenter i klasse 15 år. Hildegunn Mykløen fekk her 2. plass i høgde og Lillian Eide oppnådde 2. plassar på 40m,kule og lengde.

Blant dei aller yngste vart 10-åringen Rasmus E. Skarstein nr 2 i lengde.

Fleire kunne vore nemnde, men vi viser vidare til resultatlista.

Elles kunne arrangørane Oppstryn IL og Olden IL seie seg godt nøgde med gjennomføringa av arrangementet. Ei stor takk til den erfarne arrangørstaben som også i år gjorde ein flott innsats.

 

Bilder!

Resultater!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.