Hafsås avslutta sesongen med stil

Postet av Olden IL den 30. Des 2006

4. juledag imponerte Helge med å vinne Ålesund Nyttårsmaraton på Moa for 4 gong på rad. Med tida 2.47.49 var han 7 min. føre nestemann i løpet.

Sjølv om tida er langt bak hans eigen løyperekord, er det imponerande av Helge å springe ein maraton så pass raskt berre 18 dagar etter 24t.- løpet på Bislet.

Han har slete med etterverknadar etter dette løpet og det var lenge usikkert om han kunne stille i Ålesund. Men som vi alle veit, Helge er ein hardhaus og stilte likevel opp. Dermed avslutta han 2006-sesongen som han starta den i Bergen 28 januar, med siger på maraton.

Dette var Helge sin 14 maratonsiger i 2006. Han har dermed tangert sin eigen personlege rekord og noregsrekord frå i fjor i tal på maratonsigrar på eitt år.

Med dette forbetra han og sin eigen verdsrekord når det gjeld maratonsigrar totalt til 94.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.