Helge nærmar seg 100 sigrar - Suveren på Jessheim vintermaraton.

Postet av Olden IL den 20. Nov 2006

Helge Hafsås tok sin 12 maratonsiger for året og den 92. totalt då han gjekk til topps på Jessheim vintermaraton søndag 19 november.

Tida vart så god som 2.31.40. Nr. 2 i løpet kom inn på 2.45.18.

Olden IL gratulerer Helge med nok ein maratonsiger.

I tillegg til dei 92 førsteplassane på maratondistansen har Helge også vunne 7 ultraløp over distansane 63 km og 100 km. Dette betyr at han pr. 19/11-06 er oppe i fantastiske 99 sigrar i slike lange løp. Helge har dermed sjansen til å innkassere siger nr. 100 i løpet av 2006. Dette kan skje i Bergen 3 des. eller i Ålesund 29. des.

 

Se resultatlisten!

 

Bilder


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.