Erfaringar og evaluering frå Fjelltrimgruppa

Postet av Olden IL den 7. Nov 2015


Interessa for Fjelltrimmen i Olden har vore eksplosiv dei siste åra. Den ser ut til å vere eit godt tilbod for ei brei målgruppe, både om ein går aleine eller saman med andre. Deltakarane har eit alderspekter frå spedbarn til over 80 år. Dei 20 turane er varierte i lengde og tyngde, og blir brukt både som trening og rekreasjon. Besøker ein alle postane vankar det 100 bonuspoeng.

Fjelltrimgruppa ønskjer å utvikle tilbodet undervegs og det er difor ikkje lagt noko fast mal for premiering og aldersklassar endå. Vi ønskjer å sjå til andre bygdelag og kva erfaringar dei har gjort seg. Innspel frå dykk som brukar tilbodet er også svært viktig. Eventuelle endringar vil ikkje gjelde for 2015/2016 –sesongen.

Når det gjeld poengtelling for 2015/2016- sesongen vert dette gjort som før. Det vert talt totalbesøkande per post, og så vert det rangert frå flest turar og nedover per post. Gruppa har gjort seg erfaring med at dersom nokon har gått mykje i starten av ein sesong og lite eller ingenting i siste del av sesongen, så er det dessverre fort gjort at dette vert oversett i teljinga. Dersom du veit at du har gjort det på denne måten er det difor greitt å presisere det på regsistreringsskjemaet.

Registreringsskjemaet brukast som i år til å få registert dei som har gått alle postane, samt totalsum. Skjemaet gjer det lettare å sortere i aldersklassane. Det er ikkje alltid det er ført på fødselsår i bøkene. Oppfordrar alle til å verte flinkare med det! Det har vore inndelt i aldersklassar i to år no. Klassane er 0-10år, 11-16år og 17år og oppover. Dette er noko som muligens bør endrast på. Det same gjeld premieringa. I 2014/2015 sesongen fekk alle barn som gjekk alle postane pokalar, samt at det vart trekt to premiar til vaksne som hadde gått alle postane. Elles var det premiering til dei tre beste i kvar klasse. I år vert premieringa noko annleis. Det er med andre ord ikkje laga noko standard for premiering endå. Premiering vert på Olden IL sin basar 8.november 2015. Vel møtt!

Så håpar vi alle har forståing for at det kan skje glipp i telje- og registreringsarbeidet. Hjelp oss ved å fylle godt ut registreringsskjemaet og bøkene! Skjemaet for noverande sesong er å finne på oldenil.no, Bunnpris og ved å sende mail til oddbjorg_tonning@hotmail.com

Med ønskje om ein ny god fjelltrimsesong,

Fjelltrimgruppa

Olden IL




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline