Friidrettstrening i det nye året

Postet av Olden IL den 22. Des 2011

Første treninga i 2012 vert måndag 2. jan. kl. 17.30-19.00 i gymsalen på Olden skule. Alle som er fødde i 2003 (3.klasse) eller før kan møte opp. Seinare kan det bli aktuelt å dele inn i 2 grupper. Ei gruppe for 12 år og eldre (f. 2000 eller før) og ei gruppe for 9-11 år (f. 2003,2002 og 2001). For dei eldste må vi prøve å få til ei trening til pr. veke.

Friidrettsgruppa ynskjer alle utøvarar og foreldre ei god og aktiv jul.



Skiløyper til jul

Postet av Olden IL den 22. Des 2011

Torsdag 22. des. er det køyrt skiløyper i skogsvegane på Muri og Avlei. Det er lagt på spor til Avleiåsen og Skarpelida. Sidan det er meldt mildver og regn i jula, vert det foreløpig ikkje køyrt løyper nede i bygda. Følg med her på nettsida når det gjeld informasjon om skiløyper eller ring Hans-Petter, tlf. 90418186



Per Muri gjenvald som leiar i Olden IL

Postet av Olden IL den 19. Des 2011

På årsmøtet i Olden IL 12. des. vart Per Muri gjenvald som leiar i Olden IL. Med seg i styret får han Terese Sunde, Hans-Petter Galtung, Tove Vedlog (ny) og Geir Øyvind Vangberg (ny). Dei avtroppande styremedlemmane, Liv Elisbet Rygg og John Gunnar Mørch, fekk velfortente blomster for innsatsen i styret gjennom fleire periodar.

Idrettslaget har for tida solid økonomi.  Nokre av dei viktigaste oppgåvene for Olden IL neste år er utbyggjing av delanlegg for friidrett ved Olden skule og setje i verk tiltak for å auke medlemstalet. Men aller viktigast er sjølvsagt å oppretthalde og helst auke aktiviteten.



Hafsås tok sin 7. maratonsiger for året.

Postet av Olden IL den 4. Des 2011

Som vanleg var Helge Hafsås den raskaste løparen i maratonkarusellen i Bergen laurdag 3. des. I regn og haglbyger vann han ein klar siger med tida 2.54.51. Nr. 2 på maraton følgde ca. 7 1/2 min etter. Dette var Helge sin 7. maratonsiger i 2011 og nr. 144 totalt.


Hafsås uheldig på Jessheim.

Postet av Olden IL den 23. Nov 2011

Helge Hafsås låg an til å ta sin 3 siger på rad i Jessheim vintermaraton, då han sprang feil nokre få km før mål. Han måtte dermed ta til takke med 5. beste tid på 3.05.28. Etter 34 km leia Helge med 4 min og såg ut til å gå mot ein klar siger. Vinnartda  vart 2.49.59. Utan feilspringinga er det rimeleg å anta at Hafsås ville enda på ca. 2.45. Så langt i år har Helge vunne 6 maratonløp, men dessverre vart det ikkje den sjuande denne gongen.

Hafsås står no bokført med 143 sigrar på maratondistansen og er framleis den mannen i verda som har vunne flest maratonløp. Men Chuck Engle frå Ohio i USA nærmar seg no bakfrå. Engle har 130 sigrar totalt og har vunne 29 !!! maratonløp så langt i år. Til samanlikning kan vi nemne at Hafsås på det meste har vunne 14 maratonløp i løpet av eitt år (2005 og 2006). Engle er fødd i 1971 og dermed 5 år yngre enn Helge. Ingen andre er i nærleiken av desse to. Mannen på 3. plass har "kun" 56 sigrar. Kanskje vi skulle prøve å få til eit meistermøte mellom Helge og Chuck ?



Friidtrettstreninga startar opp igjen

Postet av Olden IL den 21. Nov 2011

Vi startar opp med friidrettstrening i gymsalen på Olden skule fredag 25. nov. kl. 17.30- 19.00.  Alder 11 år og eldre, dvs. for dei som er fødde i 2000 og før.

Kl. 17.30 : Løpstrening ute. Hugs refleksvest. Dei som har tek og med hovudlykt. Deretter trening i gymsalen.

Treningar for dei som er yngre enn dette, vil starte opp etter jul.

Friidrettsgruppa



Flott avslutningsfest for fotball/friidrett.

Postet av Olden IL den 19. Nov 2011

Ca. 45 av dei 62 inviterte i alderen 6-18 år møtte opp på avslutningsfesten for fotball/friidrett på kroa fredag 18. nov. Det var fint at også ein del foreldre hadde høve til å vere med. Alle som hadde delteke på fotball (40 stk.) fekk flotte premiar for innsatsen i 2011. I friidrett vanka det premiar for løpskarusellen og lagsmeisterskapa. Her var det 38 som hadde vore med på eitt eller fleire av lagsarrangementa.

Elles viste Bjarte Haugen mange flotte  bilete frå årets sesong. Det er fint for dei unge å sjå seg sjølve i aksjon. Hans-Petter Galtung stod for sportsquiz. Laget H.E.R.O.S. greidde her fantastiske 26 av 27 moglege poeng. Det bestod av Odd Sindre, Harald Andre, Espen, Rasmus og Sondre G. Flott at dei unge følgjer så godt med i sportsverda.

Leiar i Olden IL, Per Muri, stod for utdeling av gåvekort til trenarane. Elles var det sjølvsagt pizza og brus. Det var god stemning på det vellukka arrangementet. No er det berre å satse vidare mot neste sesong. Det er 3 ting som gjeld dersom ein vil bli god i idrett ; trening, trening og atter trening.

Vi kjem tilbake med bilete seinare.



Kjell Bjarne Sunde med ny rekord i fjelltrimmen.

Postet av Olden IL den 10. Nov 2011

Foto:HP Galtung

Leiaren i fjelltrimgruppa i Olden IL, Anders Bruvoll har no telt opp. Suveren vinnar av fjelltrimmen til Olden IL i 2011 vart Kjell Bjarne Sunde med 2258 poeng.  Han knuste dermed Birger Fagerid sin forrige rekord frå 2009 på 1892 poeng. Vi kan her nemne at Kjell m.a. hadde 85 turar til Honnvasshytta ,120 til Nonshaugen, 195 til Vanbergssetra og 295 til Skarsteinsetra. Beste kvinne vart Anne Berit  Bjørdal med 1314 poeng. Ho var den som sanka nest flest poeng i fjelltrimmen 2011 uansett klasse med m.a. 272 turar til Huaren og 64 turar til den høgastliggande setra i Olden ; Avleisetra. Den tredje som kom over 1000 p. var Birger Fagerli med 1068 p.

Det mest populære turmålet var Skarsteinsetra med 3072 besøk. Nest flest besøk hadde Huaren med 2053. På tredjeplass kom Laukisetra med 568 besøk. Vi kan og nemne at 20 personar fekk bonuspoeng for å ha vore innom alle dei 19 postane. Totalt kan vi notere 10.685 registreringar på postane. I fjor hadde vi 12101. Nedgangen trur vi alle regnversdagane i år får ta hovudskulda for.  

Vi oppfordrar alle som har "innvendingar" om å ta kontakt med Anders. Det kan sjølvsagt ha snike seg inn feil i oppteljinga.

Årsmelding 2011

Adelskalender

Tidligere årsmeldinger



Vellukka idrettslagsbasar i Aldaheim.

Postet av Olden IL den 7. Nov 2011

Etter cupfinalen søndag 6. nov. var det klart for den årlege idrettslagsbasaren. Det var smekkfullt i Aldaheim og idrettslaget fekk inn kr. 39.150 brutto. Dette er ny rekord for idrettslagsbasarane. Pengane kjem vel med til innkjøp av utstyr, drift og ikkje minst byggjing av nye anlegg. I pausen var det lysbilete-presentasjon av Olden IL sine aktivitetar i 2011.

Olden IL vil takke bygdefolket for den gode støtta, basarkomiteen med Oddbjørg Tonning i spissen for ein flott jobb og alle dei firma og privatpersonar som ga loddgevinstar og åregevinstar til basaren.



Avslutningsfest fotball/friidrett fredag 18/11

Postet av Olden IL den 7. Nov 2011

Fredag 18/11 kl. 18.00 inviterer Olden IL alle som har vore med på fotball/friidrett i 2011 til avslutningsfest på kroa. Alle som har vore med vil få innbyding. Det vert premieutdeling, bilete frå sesongen, pizza/brus og sports-quiz. Vi håpar du stiller opp. Foreldre/føresette er og hjarteleg velkomne.


Olden IL si historie.

Postet av Olden IL den 7. Okt 2011

Olden IL vart skipa i 1920. Det er derfor nokre år til vi kan feire 100-årsjubileum. Likevel vert det no arbeidd med å få inn historiske data og bilete frå Olden IL si historie. På sikt ynskjer vi å gje ut ei jubileumsbok. Det vart skrive eit jubileumshefte i høve 75-årsjubileet i 1995. Vi laga og eit jubileumshefte i høve Oldestafetten sitt 50-årsjubileum. I begge tilfelle vart det gjort eit godt arbeid, men vi ynskjer no å gå enno grundigare til verks. Alle som har opplysningar, og bilete kan henvende seg til Hans-Petter Galtung, tlf. 90418186/57873050 eller mail : hans.petter.galtung@sfj.no

Alt er av interesse. Vi manglar årsmeldingar frå ein del periodar. Dessutan er mange av årsmeldingane dessverre nokså ufullstendige.  Olden IL har historisk sett  hevda seg godt i mange idrettar i periodar. Vi kan nevne friidrett, skeiser. alpint, langrenn/skiskyting og fotball (yngre årsklasser).  Vi veit og at det i periodar har vore drive med andre idrettar som turn, gymnastikk, boksing og handball. Turnringane som har henge i Aldaheim symboliserar ein periode av idrettsaktiviteten i Olden. Kva med boksekampane vi har høyrt vart utkjempa i Sjøatunet ?  Kva med turmarsjar og annan trimaktivitet ?  Veit vi nok om desse aktivitetane ? Svaret er nei.  Vi ynskjer her å kartlegge alt av idrettsaktivitet i Olden, også idrettsaktivitetar som har vore drive utanfor idrettslaget. Det kan t.d. gjelde idrettsleikane på 17.mai, ulike former for "karstykkje" som har vore utført. "Mannjevningar" som har vore  utkjempa. Alle som har opplysningar/bilete vert herved oppfordra til å ta kontakt med underteikna. Vi føler at vi har kontroll på det meste etter 1970. Minst veit vi om perioden før 2. verdskrigen. Alt er av interesse ; bilete, gode historier, gamle resultatlister m.m.

Hans-Petter Galtung

 

 



Tunge forhold på siste løpet i løpskarusellen

Postet av Olden IL den 5. Okt 2011

15 deltakarar stilte opp då det 4. og siste løpet i løpskarusellen vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule tysdag 4. oktober. Løpet markerte også avslutninga på friidrettssesongen 2011. Dei tunge tilhøva med regn og til dels overvatn i løypa, er nok hovudårska til at det ikkje vart sett så mange personlege rekordar denne gongen.

Resultater



Enno ein ny månadsrekord for nettsida til Olden IL

Postet av Olden IL den 1. Okt 2011

I september månad registerte vi 2811 treff på nettsida vår. Dette er 318 fleire treff enn den forrige månadsrekorden frå august i år. Vi prøver å halde nettsida oppdatert, men kan bli enno betre på å legge ut viktig informasjon.


Løpskarusellen

Postet av Olden IL den 30. Sep 2011

Vi avsluttar friidrettssesongen med eit ekstra løp i løpskarusellen tysdag 4. oktober kl. 18.00. Møt opp ved Olden skule.  Påmelding ved start. Vi sjekkar haustforma og ser om nokon kan forbetre tidene sine frå i vår eller frå i fjor. Løpet er opent for alle. Du treng ikkje ha delteke på tidlegare løp eller ha vore med på friiidrettstreningar for å stille opp.

Vi tek etter dette ein pause på ca. ein månad.Førebuingane til neste sesong vil starte opp igjen i november for dei som er 12 år og eldre neste sesong (fødde i 2000 eller før). Desse treningane vil bli relativt spesifikke. Dvs, retta mot å bli betre i friidrett. Dei yngste får tilbod om trening etter jul. Her vil det bli meir leikprega trening. For dei som startar i nov. vert det ein kombinasjon av løpstrening ute og trening i gymsalen.  Kor mange offisielle treningar vi skal legge opp til vil vere avhengig av eit utøvar/foreldremøte vi skal ha før oppstarten til ein ny sesong. Skal vi få framgang resultatmessig må det trenast. Vi er elles heilt avhengige av at foreldre/føresette viser interesse. Treninga vi gjennomfører vil ha positiv effekt også for den som driv med andre idrettar. Vi kjem tilbake med aktuelle tidspunkt.

Det er nok av friidrettstalent i Olden. Spørsmålet er om dei er villige til å utvikle talentet gjennom trening. Dersom svaret er ja, vil friidrettsgruppa syte for den hjelp som trengst.



Friidrettstrening

Postet av Olden IL den 19. Sep 2011

Det vert som vanleg friidrettstrening på tysdagar frå kl. 18.00-19.00 på Alda stadion. Dei som har fotballtrening etterpå, kan evt. slutte noko før. Neste trening er tysdag 20/9. Vi held fram med treningar ut september månad. Etter det vert det ein pause på ca. ein månad før vi held fram med treningar i gymsalen på Olden skule. I løpet av hausten vil det bli kalla inn til eit møte for utøvarar og foreldre. Fleire har uttrykt ynskje om fleire friidrettstreningar. Dette er nok heilt nødvendig dersom vi skal henge med i konkurransar og utvikle oss vidare. Det er interessa frå utøvarar/foreldre som vil avgjere kva vi skal legge opp til.


7 medaljar til oldarane under DM i friidrett

Postet av Olden IL den 18. Sep 2011

 Jens August Muri på toppen av pallen etter å ha vunne høgde i klasse 12 år

Distriktsmeisterskapen i friidrett for Nordfjord og Sunnfjord vart avvikla under gode tilhøve på Byrkjelo stadion søndag 18. september. Dei 4 deltakarane frå Olden viste fin framgang i fleire øvingar og fekk til saman med seg 7 medaljar. 12-åringen Jens Guddal Muri vann høgde. I same klasse fekk Mathias Melheim sølv på 60m, kun 5/100 sek. frå gull.  Olav Egset (11) fekk også sølv på 60m. Sondre Ljosdal Galtung (13), tok sølv i spyd og lengde og bronse i kule. På 4x60m stafett vart det sølv til Olden.

Bilder



Idrettsskulen høsten 2011

Postet av Olden IL den 15. Sep 2011

Foto:Arkivbilde

Kanopadling på Floen

Se oversikt!



Skarsteinsetra opp

Postet av Olden IL den 15. Sep 2011

Olden IL vil takke følgjande for flotte gåvepremiar til Skarsteinsetra opp 10. september : G-sport Stryn, Ica Olden, Ricco Vero, Skogstad, Hotell Alexandra, Yris kafe, Sparebanken Sogn og Fjordane og Lagerutsalet Olden.

Takk også til Andreas Drageset, Inge Kjetil Sandvik og Kari Tonning som har levert flotte bilete frå arrangementet. Ein del av bileta har vi lagt ut her på heimesida.



DM i friidrett for Nordfjord og Sunnfjord søndag 18. sept.

Postet av Olden IL den 13. Sep 2011

Søndag 18. sept. vert distriktsmeisterskapen i friiidrett for Nordfjord og Sunnfjord avvikla på Byrkjelo stadion. DM gjeld for årsklassane 11-18 år. I tillegg vert det arrangert rekrutteringsstemne for 8-10 år. Deltakarpremie til alle i klassane 8-12 år. DM-medalje til dei 3 beste i kvar øving 11-18 år. Det vert seperat medaljeutdeling for Nordfjord og Sunnfjord.

Påmelding til Hans-Petter, tlf. 90418186, seinast kl. 21.00 onsdag 14.sept.

Innbyding



Suksess for Skarsteinsetra opp

Postet av Olden IL den 10. Sep 2011

Foto:HP Galtung122 tok seg opp til Skarsteinsetra i det flotte haustveret. 96 i trimklassen, 15 i konkurrranseklassen på sykkel og 11 i konkurranseklassen for løparar. Litt skuffande at ikkje fleire ville springe på tid, men arrangøren er godt fornøgd med deltakinga i sykkelklassen og ikkje minst i trimklassen.

Dag Arne Eide, Eidsfossen sykkel kom først opp på setra. Han brukte 22.02 på den 4,8 km lange løypa. Med 22.27 greidde også Roger Rake,Bærum og omegn sykkelklubb, å kome i mål føre den beste løparen. Dette var ikkje uventa Helge Hafsås som kom i mål på tida 23.29. I dameklassane var Anne Britt Eide, Olden den raskaste på sykkel. Solbjørg Vedde, Nesbyen vann løpsklassen. Olden IL håpar at langt fleire damer vil prøve seg på tid neste år.

Det var mykje folk og god stemning på Skarsteinsetra denne flotte septemberlaurdagen. Når ein er stinne av melkesyre i lår og legger den siste harde kneika før målgang, hjelper det godt på med heierop og applaus. Dei mange trimmarane kunne elles kose seg med Oldenvatn og grillmat medan dei venta på at racerane skulle kome i mål. Olden IL har fått mange gode tilbakemeldingar på arrangementet. "Motbakkegeneralen" Christian Prestegård, som vann løpsklassen 50-59 år, var godt nøgd og håpar at Olden vil satse vidare på "Skarsteinsetra opp". Olden IL takkar alle funksjonærane som stod bak eit vellukka arrangement. Ei særleg takk til Olden Raude kross hjelpekorps og til sponsorane Sparebanken Sogn og Fjordane og Olden Brevatn. Stor takk også til alle firma som støtta oss med flotte gåvepremiar som vart trekte ut blant alle deltakarane.

Resultatliste

Bilete.

Fleire bilete



Utvida påmeldingsfrist til Skarsteinsetra opp

Postet av Olden IL den 8. Sep 2011

Olden IL vil gjerne ha fleire deltakarar på Skarsteinsetra opp laurdag 10.sept. Vi utvidar derfor påmeldingsfristen til fredag 9.september (kl.23.59) utan tillegg i startkontingent. Påmelding løpsdagen kostar kr. 50,- ekstra i konkurranseklassane. Etteranmelding seinast kl. 13.00.  Foreløpig er det kun påmeldt 13 syklistar og 10 løparar i konkurranseklassane. Finst det ikkje fleire spreke folk i Olden og omegn ? Vi saknar særleg påmeldingar i dameklassane.  Meld deg på ! Du treng ikkje vere "proff" for å springe/sykle på tid. 

Elles oppfordrar vi alle til å ta turen til Skarsteinsetra denne dagen. Bruk den tida du vil, men hugs registrering i Olden sentrum før du startar. Alle som deltek får medalje. I tillegg vil det bli trekt ut 8 flotte gåvepremiar blant alle som deltek med eller utan tidtaking.

På Skarsteinsetra vil du få gratis drikke og høve til å kjøpe grillmat.

 

 



Hafsås tok sin 10. siger i Trondheim maraton

Postet av Olden IL den 7. Sep 2011

Foto:kondis.no

Sist helg vann Helge Hafsås Trondheim maraton for 10. gong. Med tida 2.45.41 var han suveren i konkurransen. Han deltok i løpet  første gong i 2001.



Ny månadsrekord for nettsida vår

Postet av Olden IL den 7. Sep 2011

I august har vi registrert 2493 treff på nettsida vår. Dette er ny månadsrekord. Den forrige rekorden var frå juni i år med 2216 treff.


NCC-leikane i friidrett

Postet av Olden IL den 30. Aug 2011

Sondre Ljosdal Galtung, Olden IL er teken ut til NCC -leikane i friidrett på Osterøy ved Bergen. Han skal delta i spyd, slegge ! og på 600m i klasse 13 år. Dette er ein krinskonkurranse for klassane 13-14 år mellom Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Aust-Agder/Vest-Agder.


Skarsteinsetra opp - tilleggsopplysningar.

Postet av Olden IL den 30. Aug 2011

På innbydinga hadde bankkontonr. til Olden IL falle ut. Alle førehandspåmelde i konkurranseklassane (sykkel/løp) betalar kr. 200,- i startkontingent til Olden IL, bankkontonr. 3770.20.32211.   Påmeldingsfristen er onsdag 7. sept. Etteranmelding løpsdagen kostar kr. 50,-  ekstra.

Vi vil og presisere at det ikkje er lov å bruke sykkel i trimklassen.

Det vil som nemnt bli sal av grillmat på Skarsteinsetra. Ta med pengar !

Alle trimmarar som ynskjer å bli registrert og få medalje må starte i Olden sentrum.

Løypelengda er i innbydinga gjeven opp til 4,7 km. Nærare oppmåling viser at den er noko lenger, ca. 5km.

For syklistar : Det er fullt lovleg å springe/gå ved sida av sykkelen eller bere den. Det som gjeld er at sykkelen uansett må vere med til mål. Eit par bakkar er så bratte at dette kan løne seg. Dette gjeld særleg den siste bakken før mål som har ei lengde på ca. 100m.

For spørsmål kontakt Hans-Petter Galtung tlf. 904181.86

 

 



Lagsmeisterskap i friidrett fredag 26. august

Postet av Olden IL den 23. Aug 2011

Olden IL arrangerer lagsmeisterskap i friidrett i Hornindal fredag 26. august kl. 18.00 Dette er eit samarbeid med Hornindal IL og fleire lag i Stryn kommune.

Øvingar : 60m/100m, lengde, kule, høgde, liten ball, spyd, 600m/800m, tresteg.

Øvingar 7-9 år : Lengde, 60m og liten ball.

Øvingar 10-12 år : 60m, 600m, lengde, kule, liten ball og høgde.

Ingen startkontingent. Premiar til alle som deltek. Utdeling på avslutningsfesten.

Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag kveld, tlf. 90418186. Etteranmelding seinast 17.30 fredag 26. august.

Avreise frå Ica kl. 16.45

Friidrettsgrupppa i Olden IL

 



Friidrettsstrening

Postet av Olden IL den 21. Aug 2011

Friidrettstreninga startar opp igjen etter sommarferien tysdag 23. august kl. 18.00-19.00 på Alda stadion. Dei som eventuelt har fotballtrening denne dagen, kan stille på friidrettstreninga først.

Første stemnet i haust vert lagsmeisterskap i Hornindal fredag 26. august. Det vil bli nærare informasjon om dette på første treninga.



Hafsås vann Heiamila

Postet av Olden IL den 16. Aug 2011

10.august tok Helge Hafsås ein suveren siger i Heiamila på Tua i Stigedalen. Han kom i mål på tida 37.56. Dette var eit løp i Nordfjordkarusellen.


Testing av Skarsteinsetra opp.

Postet av Olden IL den 28. Jul 2011

Arrangøren får stadig inn rapportar om utøvarar som driv og trenar til Skarsteinsetra opp 10. sept. Den habile sylisten Roger Rake har sykla distansen på 22 min og Helge Hafås har etter det vi kjenner til sprunge den 4,7 km lange løypa på 21.50. Dette stadfestar vårt inntrykk av at det vil bli ein hard kamp om kven som kjem først opp. Vert det løparen eller den på sykkel ? For syklistane spørst det kva som vil svare seg, sitje på sykkelen heile tida eller gå av og springe ved sida av sykkelen i dei brattaste motane ? Som i terrengsykling er det fullt lovleg å gå av og springe, men sykkelen må uansett vere med til topps. 

 Men dette er ikkje berre eit arrangement for dei som trenar mykje. Det vert også eiga trimklasse der det er fullt lovleg å gå heile distansen og bruke den tida ein treng. Olden IL ynskjer at dette skal bli eit ei massemønstring der alle stiller opp uansett form. Merk av datoen no og still opp !



Hafsås tok sin 15. siger i Hornindalsvatnet maraton

Postet av Olden IL den 23. Jul 2011

Laurdag 23. juli kunne Helge Hafsås innkassere sin 142. maratonsiger totalt og sin 15. i Hornindalsvatnet maraton.  Vinnartida vart 2.41.37. Nr. 2 på maratondistansen, Lazio Boden frå Storbritania, kom i mål på 2.44.30. I alt sprang 46 den fulle maratondistansen.

Helge si oppvarming før dette løpet var litt spesiell. For å rekke starten i Hornindal tok han nemleg sykkelen fatt på dei ca. 4 mila til Hornindal. Ein knapp maraton på sykkel før eit maratonløp må vel kallast ei noko spesiell oppvarming. Uansett, Helge kom som vanleg først i mål.



Skarsteinsetra opp 10. september

Postet av Olden IL den 19. Jul 2011

No har også Olden fått sitt motebakkeløp. Laurdag 10. september er det klart for det første Skarsteinsetra opp. Det vert start i Olden sentrum. Distansen er ca. 4,7 km og høgdeskilnaden 400m. Det vert klasse både for løparar og syklistar. Alle i konkurranseklassen startar på same tid. Det store spørsmålet vert då : Kven kjem først opp ? Syklisten eller løparen ? Uansett reknar vi med ei vinnartid på ca. 23 min.  Det vert også klasse for mosjonistar utan tidtaking.  Flotte premiar til dei beste + uttrekkspemiar blant mosjonistane. Grilling på Skarsteinsetra etter løpet. Merk deg datoen og still opp. Dette vert moro ! Vi kjem tilbake med innbyding og meir informasjon i august.


Ny Hafsås-siger

Postet av Olden IL den 10. Jul 2011

Helge Hafsås har vunne igjen. Denne gongen galdt det ikkje maraton, men det 6.6 km lange terrengløpet "Hellesyltløpet".


Hafsås tok sin 12. siger i Jølster maraton

Postet av Olden IL den 3. Jul 2011

Laurdag 2. juli vann Helge Hafsås Jølster maraton for 12. gong. Med tida 2.42.54 var han knapt 2 1/2 min føre nr. 2 i løpet Per Olav Bøyum, Syril IL, som stiller i klasse 35-39 år. Helge sprang distansen vel 4 min. raskare enn i fjor.


Ny månadsrekord for Olden IL si nettside.

Postet av Olden IL den 1. Jul 2011

I juni vart det registrert 2216 treff på nettsida vår. Dette er 239 fleire treff enn for mai månad i år, som var den forrige bestenoteringa.


Sparebankleikane på Byrkjelo 1-3 juli

Postet av Olden IL den 22. Jun 2011

Sparebankleikane vert arrangert over 3 dagar, 1-3 juli. Klassar frå 10 år og oppover. Fredag kveld 1.juli er det kun øvingar for dei som er 13 år og eldre. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 29.juni.

Sjå elles innbyding !



Gode tilhøve på Åsen og Øvrelid leikane

Postet av Olden IL den 14. Jun 2011

Foto:HP Galtung

Veret viste seg endeleg frå si beste side då Åsen og Øvrelid leikane vart avvikla i Førde 2. pinsedag. Seks utøvarar frå Olden deltok. Olav Egset vart nr. 2 av 12 deltakarar i liten ball klasse 11. år med resultatet 38.33. Han vart elles nr 4 på 60 m med 9.57 (16 deltakarar) og nr. 5 i lengde med 3.72 (13 deltakarar). Rafael Gildestad (12) gjorde det best på 60m. 9.24 heldt til ein fin 3. plass av 17 deltakarar. I klasse 13 år vart Sondre L. Galtung nr. 2 i spyd. Dei yngste oldarane Steffen Melheim, Jannike Melheim og Martin Beinnes viste fin framgang frå forrige stemne.

Resultater

Bilde i større format



Statistikk Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 8. Jun 2011

Statistikkane som viser Helge Hafsås sine prestasjonar er no oppdatert. Du finn statistikkane under arkiv - Helge Hafsås - dokumentarkiv. Her finn du oversikt over alle dei 140 maratonløpa Helge har vunne så langt, rekordar, sigrar fordelt på arrangement og liste over vunne ultraløp. Når det gjeld maratonløp under 3 timar ser det ut til at vi har teke for lite i. I følgje Inge Asbjørn Haugen skal det rette talet vere 182. Den norske løparen som har flest maratonløp under 3 t. er Bjørn Gjerde IL BUL med 227.

Statistikk



Åsen og Øvrelid-leikane i Førde 2. pinsedag

Postet av Olden IL den 7. Jun 2011

Åsen og Øvrelid-leikane vert arrangert i Førde 2. pinsedag, måndag 13. juni. Påmelding til Hans-Petter tlf. 90418186 seinast onsdag 8. juni. Øvingar : 8-9 år : 60m og lengde, 10-12 år : 60m, 600m, lengde og kule, 13-14 år : 60m, 600m, lengde, høgde, spyd og kule, 15-22 år : 100m, 400m, 800m, lengde, spyd og kule.

Lagsmeisterskapet i Hornindal fredag 10. juni er utsett til hausten p.g.a. anleggsarbeid rundt bana.



Sondre Guddal Muri med ny løyperekord i løpskarusellen

Postet av Olden IL den 3. Jun 2011

Foto:HP Galtung

Det var fine forhold med rundt 20 varmegrader for dei 19 deltakarane i det 3. løpet i løpskarusellen som vart avvikla 3. juni. Sondre Guddal Muri (18) sette ny løyperekord i joggeløypa med tida 1.17.6. Det er 3/10 raskare enn rekorden Anders Muri sette i fjor. Elles vart det notert 4 nye klasserekordar og fleire personlege rekordar. Klasserekordar : J10 : Jannike Melheim, G11 : Olav Egset, G12 : Jens Guddal Muri, Vet. 40-44 : Joar Sunde.

Resultater

Statistikk



Ny månadsrekord for heimesida

Postet av Olden IL den 1. Jun 2011

I mai månad vart det registrert 1977 treff på heimesida, noko som er ny rekord. Den forrige rekorden var på 1786 treff frå april i år.


3. løpet i løpskarusellen

Postet av Olden IL den 31. Mai 2011

Foto:arkivbilete

Det tredje løpet i løpskarusellen vert arrangert i joggeløypa ved Olden skule fredag 3. juni kl. 18.00. Sidan 2006 er det arrangert 13 løp i denne løypetraseen. Det er no utarbeidd statistikk over dei beste tidene uansett klasse og dei beste tidene i kvar årsklasse. Løyperekorden tilhøyrer Anders Muri på 1.17.9. På jentesida har Lillian Eide beste tida med 1.40.0.

 

Det vert trening på Alda stadion tysdag 31. mai kl. 18.00-19.15.

Statistikk



Ein KM-tittel til Olden

Postet av Olden IL den 29. Mai 2011

Foto:HP Galtung

Under første dag av krinsmeistarskapen i friidrett på Byrkjelo vart det gull til Sondre L. Galtung i spyd klasse 13 år. Han var einaste KM-deltakar frå Olden denne gongen. Elles deltok fem oldarar i alderen 10-12 år i krinsleikane. Ingen hevda seg heilt i teten, men viste fin framgang i fleire av øvingane. Resultata kan du finne på www.sffik.no



Hafsås tok sin 13.siger i Ålesund maraton.

Postet av Olden IL den 16. Mai 2011

Foto:Kondis.noLaurdag 14. mai sprang Helge Hafsås inn til sin 13. siger i Ålesund maraton. Som så ofte før var han heilt suveren med tida 2.38.58, som er årsbeste. Helge likar seg tydlegvis godt i Ålesund. Han oppnådde her si beste tid i fjorårssesongen med 2.38.29. Persen i kontollmålt løype skriv seg også frå Ålesund maraton. Den er på 2.29.29 og vart oppnådd i 2004. Det var også i sunnmørsbyen Helge runda 100 sigrar i maraton i mai 2007. Han er no oppe i 140 sigrar totalt på maratondistansen. Inklusiv maratonpassering på ultraløp, har han no sprunge 96 maratonløp på under 2.40. Nokon betre ?


KM og krinsleikar

Postet av Olden IL den 16. Mai 2011

KM i friidrett for 13 år og oppover vert arrangert på Byrkjelo 28-29/5.

Laurdag 28. mai vert det krinsleikar for dei som er 10-12 år. Øvingar : 60m, lengde, liten ball og 600m.  Påmelding  til Hans-Petter seinast torsdag 26. mai.

Innbyding



2.løpet i løpskarusellen

Postet av Olden IL den 13. Mai 2011

Foto:HP Galtung

Det andre løpet i løpskarusellen vart avvikla under gode forhold i joggeløypa ved Olden skule. Av dei 19 deltakarane i alderen 8-18 år, sette dei fleste fine personlege rekordar. Neste løp i løpskarusellen er fredag 3. juni.ter

Resultater



2. løpet i løpskarusellen fredag 13. mai

Postet av Olden IL den 10. Mai 2011

Fredag 13. mai er det klart for det 2. løpet i løpskarusellen 2011. Også denne gongen går løpet i joggeløypa ved Olden skule med start kl. 18.00.  Her er det ikkje berre om å gjere å kome først i mål, men å delta og helst få betre tid enn i forrige løp eller frå løpa i fjor. Alle som er 7 år (fødd 2004) og eldre kan delta. Påmelding ved frammøte. Alle som deltek i 1, 2 eller 3 løp vil bli premierte. Dess fleire løp dess større premie. I 1. løpet 8.april deltok 18. Vi håpar på fleire deltakarar denne gongen.


Friidrettstreningane vert på tysdagar

Postet av Olden IL den 5. Mai 2011

Tysdagar ser ut til å vere ein dag som høver for dei fleste. Vi satsar derfor på treningar tysdagar kl. 18.00-19.15 fram til sommarferien. Frammøte : Alda stadion. Vi satsar og på å få avvikla to karusell-løp til før sommarferien. Vi kjem tilbake med tidspunkt for desse.

Friidrettsgruppa



Flott Breimstafett i strålande vårver.

Postet av Olden IL den 1. Mai 2011

Foto:HP Galtung

Den 73. Breimstafetten vart avvikla 1. mai under svært gode tilhøve. Veret var strålande og deltakinga god. Men for første gong sidan 2002 vart Olden ståande utan ein einaste klassesiger. Veteranlaget var nærast sigeren, men vart slått på målstreken av Eidsfossen sykkel. Vinnartida var 4 sek. dårlegare enn Olden si vinnartid i 2010. Tenåringslaget vårt i opa klasse, som har vunne dei 3 siste åra,vart i år nr. 3. Denne gongen vart Breimsbygda og Nordfjord folkehøgskule for sterke sjølv om vinnartida var svakare enn Olden sine tidlegare vinnartider. Gutelaget vart i år nr. 6 og sprang nærare minuttet raskare enn i fjor.

For resultat sjå : www.breimstafetten.no

Bilete frå stafetten :

Frå Hans-Petter Galtung

Frå Linda Alsaker



Ny månadsrekord for Olden si nettside

Postet av Olden IL den 1. Mai 2011

For april månad i år vart det registrert 1786 treff på Olden IL si nettside som er ny månadsrekord. Den forrige rekorden skriv seg frå april 2008 med 1604 treff.


Meir om Oldestafetten

Postet av Olden IL den 26. Apr 2011

Glopparane dominerte årets Oldestafett. Hyen, STIL og Brodd tok dei 3 første plassane både i jenteklassen og guteklassen. I tillegg vann GFIL dameklassa føre Hyen. GFIL tok også 2. plassen i herreklassa etter Jølster.

Du kan finne mange fine bilete frå Oldestafetten på NRK, Sogn og Fjordane. Fotograf Jan Atle Vangberg.

Bilete vil etter kvart bli lagde ut også her på heimesida.

Olden stilte i alt med 6 lag + 4 oldarar på vinnarlaget i opa klasse.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Olden 1 vart nr. 5 i guteklassen etter å ha vore på 3. plass både på 1. og siste veksling. Tida var heile 26 sek. raskare enn i fjor. Kanskje kan vi allereie neste år igjen vere med å kjempe heilt i teten. 2. laget vart nr. 9 på ei tid som var heile 1.18 min. betre enn i fjor. Ei særskild takk her til Mons Eirik Vangberg som på 2. min varsel steppa inn og sprang siste etappe etter skade på ein løpar.

Jentene overraska også positivt. Helga Skarstein leverte ein flott 1. etappe og veksla som nr. 2 like bak leiarlaget. Til slutt vart det ein 6. plass på ei tid som kun var 8 sek. svakare enn i fjor. I dameklassa vart "søstrene Eide " nr. 3.

Olden stilte også i år seniorlag. Dei fem 18-åringane greidde seg godt, men tida vart 19 sek. svakare enn i fjorårets stafett.

Veteranane til Olden vart i år åleine i si klasse etter at Jølster måtte trekkje sitt lag. Tida vart vel 4. sek betre enn i fjor. Bruspulvergutane som var einaste laget i opa klasse måtte sjå seg slått av veteranane med vel 41 sek., men var klart føre beste damelag.

Ein erfaren arrangørstab stod for eit flott arrangement.

 

 



Breimstafetten 1. mai

Postet av Olden IL den 26. Apr 2011

I år som i fjor stiller Olden med 3 lag på Breimstafetten, gutelag, veteranlag og eitt lag i opa klasse.


Friidrettstrening

Postet av Olden IL den 26. Apr 2011

Neste friidrettstrening vert fredag 29. april kl. 18.00-19.00 ved Aldaheim.


Nok ein vellukka Oldestafett

Postet av Olden IL den 25. Apr 2011

Foto:HP Galtung

Det var gode tilhøve og bra med publikum då den 57. Oldestafetten vart avvikla 2.påskedag. 28 lag deltok i hovudstafetten og 9 lag i ministafetten. Hyen vann både guteklassen og jenteklassen og sikra seg dermed vandrepokalane i desse klassane til odel og eige. GFIL vann dameklassa, Jølster herreklassa, Olden veteranklassa og Fabelaktige 5 open klasse. Vi kjem tilbake med meir stoff frå stafetten seinare.

Resultater

Bilete



30 lag på Oldestafetten

Postet av Olden IL den 24. Apr 2011

I guteklassen stiller 11 lag til start. Elles er det påmeldt 8 jentelag,3 damelag, 4 herrelag, 2 veteranlag og 2 lag i open klasse.


ÅRSMELDING 2010 frå Fjelltrimgruppa

Postet av Olden IL den 23. Apr 2011

ÅRSMELDING 2010 frå Fjelltrimgruppa

Medlemar: Anders Bruvol (leiar), Ola Vangberg, Ole Johan Haugland, Asbjørn Gjerde, Anne Berit Bjørdal og Jon Olav Kvamme.

Der er i år 12397 oppføringar mot 12026 i fjor. Skarsteinsætra er også i år den klart mest besøkte posten med 3450 oppføringar framfor Huaren som har 2589.



Samanlagtvinnar er Anne Berit Bjørdal, nr 2 Anders Bruvoll og nr 3 Ola Vangberg.



Nytt av året var 100 bonuspoeng til dei som var innom alle 19 postane. For komande sesong prøver vi oss med juniortrim for dei som er 12 år eller yngre.



På dei ulike postane har vi desse registreringane. Tala for i fjor står i parentes:



Post

Poeng

Besøk

Flest turar

Turar

Agjeldsetra

3

166

Amund Nesje

15

(107)

Kristian Nesje

14

Bjarne Nesje

14

Margun Nesje

12

Honnvasshytta

5

671

Anders Bruvoll

70

(791)

Ola Vangberg

68

Per W Skarstein

48

Aslak Fure

45

Johan Fredheim

22

Liv Elisabet Rygg

21

Reidun H Skarstein

20

Aage Eide

20

Svein Gildestad

17

Pål Skarstein

15

Anne Britt Eide

14

Osvald Olsen

13

Birger Fagerlid

10

Nonshaugen

3

297

Ola Vangberg

75

(Vangberg)

(512)

Anders Bruvoll

75

Johan Fredheim

20

Liv Elisabet Rygg

19

Bente Ljosdal

12

Vangbergsetra

3

643

Ola Vangberg

102

(gamlesetra)

(1041)

Anders Bruvoll

83

Birger Fagerlid

51

Svein Gildestad

43

Johan Fredheim

41

Bente Ljosdal

21

Liv Elisabet Rygg

19

Kjell Bjarne Sunde

13

Brita Kvamme

11

Post

Poeng

Besøk

Flest turar

Turar

Skarsteinsetra

3

3450

Svein Gildestad

238

(3451)

Reidun Horrig Skarstein

216

Birger Fagerlid

184

Johanna Nygjerd

169

Gro Birgit Egset

125

Per Wilhelm Skarstein

117

Terje Bjerkvik

88

Anders Bruvoll

83

Margun Bjerkvik

83

Lone F Kvamme

78

Harry Olsbø

77

Johan Fredheim

76

Sigrid E Skarstein

72

Pål Skarstein

61

Liv Bortne Olsbø

56

Audun Skarstein

56

Bente Ljosdal

53

Oddbjørg M Tonning

50

Brita Kvamme

50

Aslak Fure

46

Kirsti Fløtre

40

André Opheim

38

Ola Vangberg

38

Asbjørg Horrig Skarstein

37

Mette Hansen

36

Huaren

3

2589

Anne Berit Bjørdal

277

(2664)

Tove Kristin Vedlog

224

Bjørn Muri

150

Kari G. Solheim

121

Egil Solheim

90

Kari Tonning

71

Oddbjørg Bø Muri

57

Bruncak Lobomir

53

Magne Bjørdal

39

Hilde Eide Gjerde

36

Bernt Bergesen

34

Berit Folven Bergesen

33

Halvard Muri

33

Helge Hafsås

31

Gunnhild Muri

29

Karin Eide

28

Odd Kjetil Tonning

25

Post

Poeng

Besøk

Flest turar

Turar

Avleisetra

5

301

Anne Berit Bjørdal

60

(344)

Magne Bjørdal

20

Ottar Åbrekk

14

Post

Poeng

Besøk

Flest turar

Turar

Murisetra

4

145

Rasmus Brynestad

18

(137)

Terje Sundsøy

13

Bjørn Muri

11

Robin Gulliksson

9

Fossen

3

284

Gunnar Melheim

44

Berit Melheim

40

Rasmus Brynestad

18

Terje Sundsøy

14

Roar Alsaker

13

Janne Alsaker

10

Kvitefjellet

3

171

Liv Elisabet Rygg

91

Bruvoll

(181)

Magdeli Bruvoll

21

Lin Gunhild Bruvoll

9

Annegrete Bruvoll

7

Ragnhild Bruvoll

6

Anders Bruvoll

5

Solheimsætra

5

112

Arild Hafsås

13

(126)

Roar Alsaker

11

Gunnar Melheim

7

Marit Brenodden

6

Stig Melheim

6

Laukisetra

5

918

Anne-Britt Eide

85

(727)

Bente Ljosdal

76

Eldbjørg Skarstein

69

Gerd Sunde

16

Asbjørn Lekanger

16

Aslaug Eide

16

Per Eide

16

Gunvor Eide

16

Linda Alsaker

13

Hege Gjertsen

12

Marius Birkelund Nilsen

11

Terje Sundsøy

11

Liv Elisabet Rygg

10

Anne Berit Bjørdal

10

Mette Hansen

10

Berit Bergesen

9

Merete Eide

9

Inger Marie Eide

9

Post

Poeng

Besøk

Flest turar

Turar

Sundsetra

3

600

Gunnar Gjerde

114

(600)

Bjarne Gjerde

97

Einar Strand

49

Asbjørn Gjerde

32

Gunvor Sunde

23

Svein Gjerde

18

Elbjørg Sunde

16

Joar Sunde

16

Asgeir Flåten

14

Sundsdalen

5

269

Gunnar Gjerde

34

(Myrane)

(196)

Bjarne Gjerde

23

Elbjørg Sunde

16

Gunvor Sunde

13

Asbjørn Gjerde

12

Yrisetra

3

359

Lillian Mykløen

37

(260)

Einar Mykløen

37

Stig Daniel Mykløen

19

Fredrik Kvame

18

Audny Kvame

17

Rune Rustøen

15

Høgalmesetra

4

430

Jan Høgalmen

142

(320)

Tore Høgalmen

69

Jon Vidar Mykløen

26

Asgeir Mykløen

23

Svenn Jarle Mykløen

19

Nils Roger Høgalmen

16

Kvamssetra

5

406

Jakob Kvamme

84

(302)

Jon Olav Kvamme

36

Bendik Kvamme

10

Jakob R Åberg

10

Møyfrid Kvamme

8

Flatsteinbu

7

85

Jakob Kvamme

5

(106)

Jan Høgalmen

4

Brenndalen

3

501

Signe Aabrekk

68

(161)

Rune Aabrekk

10

Stig Daniel Mykløen

7

Åse Myklebust

7

Sum

12397*





(12026)









*

Herav 284 turar på Fossen (ny post).



Liste over dei som har over 400 poeng:


NAMN

POENG

1

Anne Berit Bjørdal

1354

2

Anders Bruvoll

1292

3

Ola Vangberg

1003

4

Svein Gildestad

934

5

Liv Elisabet Rygg

788

6

Reidun Horrig Skarstein

777

7

Birger Fagerlid

735

8

Tove Kristin Vedlog

687

9

Anne Britt Eide

670

10

Bente Ljosdal

648

11

Per Wilhelm Skarstein

620

12

Jan Høgalmen

619

13

Bjørn Muri

552

14

Johan Fredheim

521

15

Oddbjørg Bø Muri

519

16

Johanna Nygjerd

512

17

Gunnar Gjerde

512

18

Jakob Kvamme

471

19

Elbjørg Skarstein

460

20

Bjarne Gjerde

406




Desse har vore innom alle postane:

Anne Berit Bjørdal

Magne Bjørdal

Anders Bruvoll

Anne Britt Eide

Rune Fredheim

Arild Hafsås

Oddbjørg Muri

Halvard Muri

Liv Elisabet Rygg

Kristian Solheim

Jan Frode Tonning

Oddbjørg Tonning

Hundreåring på veg til Honn


Anders Bruvoll (leiar fjelltrimgruppa)



Hafsås vann Rett Vest for 12. gong

Postet av Olden IL den 21. Apr 2011

Laurdag 16. april sprang Helge Hafsås inn til ein ny maratonsiger då han vann Rett Vest i Florø for 12 gong. Med tida 2.50.01 var han vel 6 min. føre nr. 2 i løpet. Dette var Helge sin andre maratonsiger i 2011 og den 139. totalt. Helge er framleis den i verda som har vunne flest maratonløp. Nr. 2 på rankinglista er Chuck Engle frå USA som no er oppe i 104 sigrar. Den siste tok han 10. april i år i Vernonia, USA.


Motbakkekløp også i Olden

Postet av Olden IL den 20. Apr 2011

Laurdag 10. september er det klart for "Skarsteinsetra opp". Løpet har ei lengde på ca. 4,7 km og går frå Olden sentrum til Skarsteinsetra. Høgdeskilnaden er 400m. Her kan ein velje om ein vil gå/springe eller bruke sykkel. Syklistane stiller sjølvsagt i eigen konkurranse. Det vil og bli lagt til rette for mosjonistar som kan delta utan tidtaking. Olden IL kjem tilbake med nærare informasjon når løpet nærmar seg.


Stafett-treningar i påska

Postet av Olden IL den 18. Apr 2011

Oldestafetten og Breimstafetten nærmar seg. Det vert treningar ved Aldaheim måndag 18. april kl. 1800-19.00 og fredag 22. april kl. 18.00-19-00


Friidrettstrening/stafett-trening fredag 15.april

Postet av Olden IL den 12. Apr 2011

Alle som vil delta på Oldestafetten 25. april må møte på Alda stadion fredag 15. april kl. 18.30- 20.00. Vi satsar på mange lag også i år. For gutar og jenter er alderen 11-16 år, men 10-åringar kan også få vere med på laga. Du kan vere med på Oldestafetten sjølv om du ikkje har møtt opp på treningane i vinter.


Bergen Ultra

Postet av Olden IL den 11. Apr 2011

Helge Hafsås valde dette året å springe maraton i staden for 100 km. Helge måtte denne gongen nøye seg med ein 2. plass på maratondistansen. Tida vart 2.50.37. Vinnaren sprang på 2.43.05.


KM terrengløp

Postet av Olden IL den 11. Apr 2011

Olden hadde kun med ein deltakar i år. Einar Strand viste at forma er bra framfor Oldestafetten og vann klasse 55-59 år.


Løpskarusellen 2011

Postet av Olden IL den 8. Apr 2011

Første løpet i løpskarusellen vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule fredag 8. april. 18 deltakarar stilte opp i det sure veret. Det er nøyaktig same antalet som deltok i det første løpet i fjor. Litt isfjerning måtte til for å få løypa klar etter den harde vinteren vi har hatt. Regn, vind, låg tempeartur og tung løype gjorde nok sitt til at tidene denne gongen for dei fleste vart noko svakare enn i fjor.

Resultater



Løpskarusellen 2011

Postet av Olden IL den 5. Apr 2011

Foto:arkivbilde

Første løpet i løpskarusellen 2011 vert avvikla i joggeløypa ved Olden skule fredag 8. april kl. 18.30. Påmelding ved frammøte, ingen startkontingent.

Klassar frå 7 år (f. 2004) og oppover. Dei som vil vere med på Oldestafetten (11 år og eldre) bør stille opp.

Alle som deltek vil få premie på avslutningsfesten i november.

Det vert ikkje vanleg friidrettstrening denne kvelden.

Olden IL, friidrettsgruppa



Oldestafetten 25.april

Postet av Olden IL den 5. Apr 2011

Foto:arkivbilde

Oldestafetten er i år lagd til 2. påskedag, måndag 25 april.

Breimstafetten går helga etter, søndag 1. mai.



Vellukka Strynehalleikar

Postet av Olden IL den 2. Apr 2011

68 utøvarar frå 11 ulike lag frå Nordfjord og Sunnmøre deltok på dei 25. Strynehalleikane laurdag 2. april. Dette var litt betre enn i fjor. Oppstryn og Olden har ein erfaren arrangørstab som stod for eit godt gjennomført stemne. Det vart oppnådd fleire resultat som ligg på godt nasjonalt nivå. Aller beste prestasjonen stod 13-åringen Ingeborg Raftevold frå Vikane for. Ho greidde heile 1.52 i høgde. Dette er det klart beste resultatet i denne klassa i Norge i år.

13 frå Olden deltok i årets stemne. Det var kun Oppstryn som stilte med fleire deltakarar (17). Jannicke Melheim (10) fekk ein delt 1. plass i kule. Sondre Ljosdal Galtung (13) vann høgde og kule. I junior,18-19 år, vart Sondre Guddal Muri best på 40m, kule og lengde. Han hadde og det lengste lengdespranget uansett klasse med 5.34.  Dei andre frå Olden gjorde  ein flott innsats med mange personlege rekordar. 

Resultatlista



Alt klart for dei 25. Strynehalleikane

Postet av Olden IL den 1. Apr 2011

Strynehalleikane vert avvikla for 25.gong laurdag 2.april. Det heile starta i 1987 like etter at Strynehallen var bygd. Dei første åra gjekk stemnet over to dagar. Det aller første året stod både 800m og stav på programmet. Øvingsutvalet er no redusert til 40m, høgde, lengde og kule.  I år er det påmeldt 75 deltakarar frå 11 ulike lag i Nordfjord og på Sunnmøre. Vi ynskjer alle deltakarar, leiarar og foreldre vel møtt til ein fin friidrettsdag i Strynehallen.


Rapport skiløyper

Postet av Olden IL den 30. Mar 2011

Vinteren har enno ikkje slept taket. Torsdag kveld 30. mars vart det køyrt opp løype til Avleiåsen. Så sant tilhøva vert brukbare framover, vil idrettslaget halde fram med å køyre løyper i skogsvegane.


Lagsmeisterskap i friidrett måndag 28. mars

Postet av Olden IL den 24. Mar 2011

Måndag 28. mars vert det lagsmeisterskap i friidrett i gymsalen på Olden skule. Kl. 17.30-20.00. Stemnet er for alle som er 8 år (f.2003) og eldre. Øvingane er lengde u/tilløp, høgde u/tilløp og kule. Påmelding ved frammøte, ingen startkontingent. Alle som deltek får premie som vil bli utdelt på avslutningsfesten til hausten. Det vil og bli høve til å melde seg på Strynehalleikane denne kvelden.

 Kontaktperson : Hans-Petter Galtung tlf. 90418186.

Friidrettsgruppa



Status skiløyper fredag 18.mars

Postet av Olden IL den 18. Mar 2011

Fredag kveld vart alle løypene oppkøyrde på ny. Det gjeld 4 km-løypa i bygda, skogsvegen til Avleiåsen og skogsvegane på Muri. Det er fine forhold, men kan bli litt blautt på dagtid ved mange plussgrader.


Jonas Henden Drageset vann Fjord1-cupen i alpint

Postet av Olden IL den 15. Mar 2011

Foto:Andreas Drageset

Under finalen i Fjord1-cupen i Blomlia laurdag 12. mars gjekk 11-åringen Jonas Henden Drageset heilt til topps i storslalåm. Dermed vann han også Fjord1-cupen samanlagt. Vi gratulerer! I same klasse vart Olav Egset nr. 4 på laurdag og nr. 6 samanlagt. I klasse 13/14 år vart det 7. plass til Rasmus E. Skarstein på laurdag og ein 8.plass samanlagt. Lene Egset, Emil Henden Drageset og Andreas Olai Løken har og delteke i Fjord1-cupen.

Flere bilder!

Resultat Fjord1 finale 2011

Fjord1 cup sammenlagt



Strynehalleikane 2. april

Postet av Olden IL den 15. Mar 2011

Dei årvisse Strynehalleikane vert avvikla laurdag 2. april. Klassar frå 10 år og oppover, men 9-åringar (f. 2002) kan delta i klasse 10 år. Som vanleg er øvingane 40m, kule, lengde m/tilløp og høgde m/tilløp. Arrangørar er Oppstryn IL og Olden IL.

Oldarar må melde seg på til Hans-Petter seinast onsdag 30. mars. Tlf. 90418186 eller 57873050.

Innbyding

Påmelde frå Olden

Tidsskjema



Enno gode skitilhøve i Oldebygda

Postet av Olden IL den 12. Mar 2011

Etter det siste snøfallet i snømånaden mars, vart det køyrt løyper laurdag ettermiddag/kveld (12.mars). I skogsvegane er det køyrt for klassisk til Avleisåen, Skarpelida og mot Murihammaren. Nede i bygda er 4 km-løypa køyrt for klassisk. Det er lagt til rette for skøyting på flatene ved Olden skule. For nærare informasjon ring Hans-Petter tlf. 90418186.

Skigruppa



God alpininnsats av oldarane

Postet av Olden IL den 8. Mar 2011

Søndag 6. mars vart det avvikla to super-G renn på Stryn skisenter. Det eine rennet talde som krinsmeisterskap f.o.m. 12/13 årsklassa. I KM vart Rasmus E.Skarstein nr. 7 i klasse 14/15 år. Her vart Andreas Løken nr. 9. Lene Egset (8 år og yngre) fekk best tid i begge renna. Jonas H. Drageset (11) vann det eine rennet og vart nr. 3 i det andre. I same klasse fekk Olav Egset ein 5. og ein 7. plass. Emil H. Drageset (8 år og yngre) vart nr. 4 og 6. Alt i alt flott innsats av dei seks oldarane.


Løyperapport 27. februar

Postet av Olden IL den 25. Feb 2011

Bilete frå skogsvegløypene i OldenDet er greie forhold i løypene. Deler av 4 km-løypa vart oppkøyrd laurdag kveld. Det er køyrt for skøyting på flatene ved Olden skule. Det er også lagt på nye spor til Avleiåsen og i skogsvegen mot Skarpelida. Sjølv om forholda ikkje er dei aller beste kan det vere greitt å kome seg opp av godstolen og ta ein skitur innimellom VM-slaga.


Løyper også i vest

Postet av Olden IL den 19. Feb 2011

Laurdag kveld (20/2) er det og køyrt klassiske skiløyper frå Gildestad til Skarsteinsetra og i skogsvegen mot Vanbergssetra. Søndag kveld vart det i tillegg lagt på spor i øvste skogsvegen som går mot Avlei. Det er flotte forhold, særleg for klassisk, i alle løypene. Godveret ser ut å halde seg til onsdag.


Oppdatering skiløyper

Postet av Olden IL den 11. Feb 2011

Det er gode utsikter for helga. Alle løypene er no oppkøyrde (fredag 18/2.) Det gjeld 4 km-løypa på Muri og Brynestad og skogsvegane på Muri og Avlei. I 4 km-løypa er det og tilhøve for skøyting. Det er flotte forhold for klassisk i alle løypene. I skogsvegane er det lagt på spor til Avleiåsen, skogsvegen mot Murihammaren og skogsvegen til Skarpelida.

Løypekart

Skigruppa



Friidrettstreningar

Postet av Olden IL den 4. Feb 2011

Måndagar :

18.00-19.00 : Gruppe 1 :  2-6 klasse i gymsalen.

18.30-20.00 :  Gruppe 2 : 7 Klasse og oppover. Løpstrening ute 18.30-19.00 dersom tilhøva er bra nok. Gymsalen frå kl. 19.00

NB! Dei som går i 6. klasse kan velje om dei vil vere med på gruppe 1 eller 2. Treningane på gruppe 2 er mindre leikprega og hardare enn på gruppe 1.

Fredagar :

17.00-18.00 : 7. klasse og oppover.

Friidrettsgruppa



Jonas Henden Drageset vann to renn i Sogn

Postet av Olden IL den 31. Jan 2011

Jonas Henden Drageset sikra seg to sigrar i 11-årsklassa i alpint i Sogn sist helg. Laurdag vann han slalåm i Hodlekverennet. Under krinsrennet på Sogn Skisenter dagen etter, gjekk han også til topps i storslalom. Vi gratulerer med flott innsats. Broren Emil køyrde også godt i klasse 8 år og yngre.


Hafsås vann i Bergen

Postet av Olden IL den 24. Jan 2011

Helge Hafås opna 2011-sesongen med ein ny maratonsiger. Denne gongen galdt det Maratonkarusellen i Bergen. Sigersmarginen var knapp. Med tida 2.48.30 var han kun 44 sek. føre Per Olav Bøyum, Syril.


Fine forhold i skiløypene

Postet av Olden IL den 14. Jan 2011

Løypene vart køyrde på nytt torsdag 13. januar. Det vart då også lagt spor til Avleiåsen. Det vert fine forhold fredag og laurdag. På søndag er det meldt mildver og regn.


Ut på ski !

Postet av Olden IL den 8. Jan 2011

Laurdag kveld 8/1 var det kjempefine forhold i løypene både for klassisk og skøyting. Ein del aktivitet har det vore i løpet av dagen, men Olden IL ynskjer enno fleire ut på ski. Kvifor bruke bensin til Ullsheim når vi har flotte forhold her i bygda ?

Vi vil slå eit slag for skiidretten og vil i den samanheng sitere Fridtjof Nansen : " Skiløpningen er den mest nasjonale av alle norske idretter og en herlig idrett er den,- fortjener noen navn av idrettenes idrett, så er det i sannhet den. Intet herder musklene og gjør legemet så kraftig som den,...., intet herder viljen og gjør sinnet så friskt som skiløpningen. Kan det tenkes noe sunnere og renere enn på en frisk vinterdag å få skiene på føttene og stryke til skogs ? Kan det tenkes noe finere og edlere enn vår nordiske natur, når sneen ligger alendyp og hvit utover skog og åser ?"