Resultat frå fjelltrimmen 2016

Postet av Olden IL den 5. Nov 2016



Foto: Caroline Lindvik Gjerde


Her finn de resultat frå fjelltrimåret 2016. Resultat for 2015,2014 og 2013 er også tilgjengelig i same fila. Sjå øverst eller nederst på skjermen for å byte år (varierer på mobil, brett og PC).

Dersom du finn feil i resultata dine, ver snill å gi beskjed, enten i kommentarfeltet her, eller til fjelltrimgruppa.

Fjelltrimresultat 2016.xlsx







Steffen Melheim med ny "norgesrekord" i diskos for 13-åringar

Postet av Olden IL den 21. Okt 2016

Under kaststemnet Loggane Open på Rygg i Gloppen søndag 16. okt. sette Steffen Melheim ny norsk bestenotering med 0,75kg-diskos. Sidan 2004 er det ingen 13-åring i Norge som har kasta denne diskostypen lenger enn Steffen. Han hadde faktisk heile 4 kast over den gamle rekorden frå 2012. Før 2004 var vekta 1,0 kg. Han støtte også 3kg-kula 12.93, kun 9 cm bak sin eigen pers. og årsbeste-notering i Norge i år.

Mathias (17) valde denne gongen å prøve seg med seniorkule (7,26kg). Resultatet 12.50 er ny senior-rekord for Olden IL. Den gamle lagsrekorden tilhøyrde Asbjørn Gjerde og vart sett i 1981. Dei gode kastarane våre sette dermed eit svært verdig punktum for 2016-sesongen.



Steffen Melheim til topps på norgesstatistikken i to kastøvingar

Postet av Olden IL den 29. Sep 2016

Under kaststemnet Loggane Open i Gloppen sist søndag ( 25/9) oppnådde kastarane våre svært gode resultat. Steffen Melheim støtte 3kg-kula heile 13.02 og gjekk med det til topps på norgesstatistikken i klasse 13 år for i år. Enno betre er han kanskje i diskos. Med resultatet 42.74 forbetra han sin eigen personlege rekord med 1,5m og har med dette det suverent beste resultatet i Norge i år. Når vi veit at Steffen utanfor konkurranse har kasta diskosen over gjeldande norgesrekord for 13-åringar, viser dette at han har eit stort potensiale i kast.

Norgesmeister i kule av året,Mathias Melheim, forbetra sin personlege rekord med 1,75 kg -diskosen med 53 cm til 39.27. Dette er ein tyngre diskos enn det 17-åringar eigentleg skal bruke. I kule oppnådde han utan konkurranse det sterke resultatet 15.35, noko bak persen på 15.79. Det er kun to 17-åringar i Norge i år som har støytt 5kg-kula over 15m

Olden IL er stolte av at friidrettsutøvarane våre no toppar norgesstatistikken i 3 kastøvingar. Vi er og veldig glade for at satsinga vår på anlegg ved Olden skule og etableringa av diskosring på Alda stadion har vist seg å bere frukter.



LAGSMEISTERSKAP I FRIIDRETT MED RESULTAT I LANDSTOPPEN

Postet av Olden IL den 24. Sep 2016

Olden IL hadde håpa på fleire deltakarar enn 11lagsmeisterskapen i friidrett vart avvikla sist fredag.Men dei som stilte opp viste stor innsats og oppnådde fleire gode resultat på 60m, i lengde, høgde og kule. I kule (3kg) var 13-åringen Steffen Melheim berre 6cm bak det lengste støtet i klassen i Norge i år. Det flotte resultatet 12.86 var ei personleg rekordforbetring med 54 cm. I diskos toppar han framleis norgesstatistikken. Mathias Melheim (17) gjekk opp ei klasse og prøvde seg med 6kg-kule. 13.26 her lovar bra framfor neste sesong. I J13 viste Lene Egset fine takter med 9,2 på 60m og 4,01 i lengde. Stemnet viser elles at Olden IL har fleire talent både i løp, hopp og kast. Trenar Sondre Guddal Muri og Mette Hansen organiserte stemnet med god hjelp av ivrige foreldre.



Åtte-åringane Margrethe Krogh Opheim og Brage Holen klare for kulestøt.


Resultat LM 2016.docx



Oldarar på Strynemila og Kleiva Opp

Postet av Olden IL den 7. Sep 2016

På Strynemila fekk Helge Hafsås 3. beste tid totalt. På motbakkeløpet Kleiva Opp i Randabygda tok Olden to klassesigrar. Helge vann klasse 50-59 år og Einar Strand vann klassa over 60 år.



Gull og sølv til Mathias Melheim under ungdomsmeisterskapen i Sandnes

Postet av Olden IL den 7. Sep 2016



Fredag2/9 kunne Mathias klatre opp på toppen av pallen etter kulekonkurransen under ungdomsmeisterskapen i Sandnes. Han hadde dei to lengste støta i konkurransen med 15.79 og 15.78 og vann med 2 cm margin til Torkel Bjørbæk frå Bodø. Det er første gongen Mathias slår Bjørbæk. Godt gjort å klare dette i den viktigaste konkurransen i år. 15.79 er det lengste kulestøtet i klasse 17 år i Norge i 2016. I fjor tok Mathias UM-sølv i kule både innandørs og utandørs. Kjempeflott at gullet kom i boks i år. Han er den første oldaren som har gått heilt til topps i UM. Anders Muri har sølv og bronse i lengde frå 2008.

På laurdagen følgde Mathias opp med sølv i diskos med resultatet 46,98, vel eit par meter bak persen frå tidlegare i år. Torkel Bjørbæk kasta her 54.97. Bronsen gjekk til Herman Aurdal frå Sykkylven med 46.05. Olden IL gratulerer Mathias med flotte prestasjonar.


Medaljevinnarane i diskos G17. Dette er dei 3 beste kastarane i Norge i denne klassen. Mathias vann kule, Torkel Bjørbæk (i midten) vann diskos og Herman Aurdal var best i slegge.


Jannike Melheim (15) deltok på 100m og 200m. Ho greidde ikkje å ta seg vidare til semifinalane, men godt gjort å greie å kvalifisere seg til meisterskapen. P.g.a. arrangørrot er vi noko usikre på den korrekte tida hennar på 100m. Ho står oppført med 13.13, men vi er usikre på om den er rett. Kanskje 13.17 er den korrekte tida. Uansett er det pers med rundt 4/10. På 200m, frå bane 1 og under ikkje topp forhold, oppnådde Jannike 28.00, litt bak persen. Vi gratulerer med flott innsats på sprintdistansane.



Jannike og Matias Melheim klare for UM i Sandnes

Postet av Olden IL den 1. Sep 2016

Komande helg, 2-4. sept., går noregsmeisterskapen i friidrett for ungdom (15-19 år) av stabelen. Arrangør er Sandnes IL, heimklubben til brørne Ingebrigtsen. Olden Il har og ein sterk friidrettsfamilie. Mathias deltek i kule og diskos, Jannike på 100m og 200m. Mathias har frå før medaljar frå UM både innandørs og utandørs, men manglar gull i samlinga. Han har nest beste resultatet i kule og diskos så langt i år. Torkel Bjørbæk frå Bodø (son av tidlegare topputøvar i diskos Øystein Bjørbæk frå Førde) toppar statistikken i begge desse øvingane og er favoritt, men i kule er Mathias berre 15 cm bak på årsstatistikken ! Jannike møter hard konkurranse i sine sprintøvingar. Målet må vere å gjere det best mogleg og setje personlege rekordar. Vi følgjer med og kryssar fingrane for begge to.



Meir om Bendikleikane på Osterøy

Postet av Olden IL den 1. Sep 2016

Steffen Melheim (13) er den første oldaren som har gått heilt til topps i denne krinskampen som har vore arrangert sidan 2001. Han gjorde det og til gangs ved å vinne 3 kastøvingar. Mest overraskande var det nok at han med minimalt med sleggetrening også vann denne øvinga med eit lengste kast på nærare 30m. Mange frå Olden har representert Sogn og Fjordane i desse ungdomsleikane. Anders Muri er den som er nærast Steffen sine prestasjonar. I 2006 og 2007 tok han totalt 4 sølvmedaljar i øvingane 60m, lengde og tresteg, hårfint bak toppen av pallen.



KM for Sogn og Fjordane 20-21/8

Postet av Olden IL den 1. Sep 2016

På Byrkjelo på laurdagen vart Jannike Melheim krinsmeister på 100m i klasse 15 år. Tida 13.57 er under kvalifiseringskravet til ungdomsmeisterskapen. Frå før har ho greidd kravet på 200m. Broren Steffen vart nr. 5 på 60m. P.g.a. sjukdom stilte ingen frå Olden opp på øvingane på søndag. Vi gjekk dermed ganske sikkert glipp av nokre KM-titlar fordi dei beste øvingane våre gjekk føre seg på dag 2.



Aktive friidretts- veteranar

Postet av Olden IL den 1. Sep 2016

Helge Hafsås og Einar Strand er framleis konkurransekåte. På Heiamila 17. august vann dei begge sine klassar. Under Nordvestmaraton på Hareid helga etter vann Helge igjen si klasse (50-54) på halvmaraton. Han har mange førsteplassar på maraton i dette løpet, men p.g.a. skadar nøyde han i år seg med den halve distansen. Tida på halvmaraton vart 1.28.18. Einar sprang på 1.44.06 og vann med denne tida klasse 60-64 år. På Brekka Over (6. løpet i Nordfjordkarusellen) sist helg hadde Helge best tid i klasse 50-59 år. Han var kun vel minuttet bak totalvinnaren i løpet. Einar vart nr. 2 i klasse 60-69 år. No håpar vi at dei begge spissar forma til Skarsteinsetra Opp laurdag 10.september




Sterke prestasjonar av Steffen Melheim, Olden under Bendikleikane på Osterøy

Postet av Olden IL den 29. Aug 2016

Steffen Melheim, Olden IL er eit stort kasttalent. På Osterøy vann han klasse 13 år i diskos, kule og slegge. Aller best resultat oppnådde han i diskos. 41.24 er det lengste kastet i landet så langt i år og gjev 1016p på Tyrvingtabellen. Han persa her med 3,75m. Pers vart det også i spyd med 35.10 som heldt til 2.plass. I høgde vart det 3. plass med 1.46, også det personleg rekord. Totalt sett heile 5 pallplasseringar til Steffen Melheim.


Jentene frå Stryn og Oppstryn gjorde det også bra. Resultata ligg under ungdomsleikane.

Mvh
Hans-Petter Galtung



​Gode Olden-resultat i Hyen

Postet av Olden IL den 31. Jul 2016

Onsdag 27. juli deltok Jannike, Steffen og Mathias Melheim på det årlege nasjonale friidrettsstemnet i Hyen. Dei vann dei øvingane dei stilte opp i. Steffen (13) var klart best i diskos, 0,75 kg. Med 37.29 var han berre 21 cm bak persen frå tidlegare i år. Vinnarresultatet hans i kule var 11.16. Jannike (15) støytte 3 kg kula 8,99 og sprang 400m på 66.17. Mathias (17) kom nok ein gong over 15m i kule (5kg). Resultat ; 15.17. I diskos deltok han denne gongen i klasse MJ18-19 år. Her oppnådde han 38.80 med 1,75 kg-diskosen.




Helge Hafsås tok sin 20. maratonsiger i Hornindal

Postet av Olden IL den 25. Jul 2016


Laurdag 23. juli gjekk Helge Hafsås til topps på Honindalsvatnet maraton for 20. gong !!! Han var den einaste som greidde distansen på under 3 timar. Tida 2.56.40 er årsbeste for Helge. På halvmaraton vann Einar Strand klasse 60-64 år på tida 1.45.30.



​Stadig flotte Olden-prestasjonar i friidrett

Postet av Olden IL den 6. Jul 2016

Sist laurdag tok Helge Hafsås 3.plass totalt i Jølster maraton. Han vann si klasse på tida 2.59.39. Frå før har Helge 14 sigrar i Jølster maraton. Viinnar av løpet vart Knut Olav Øygard, Jølster IL på 2.47.03. Helge har med dette 225 maratonløp under 3 timar. Dette er norsk rekord. Einar Strand vann elles 10 km i si klasse.

Under kaststemnet Loggane Open i Gloppen på søndag leverte kastarane våre igjen varene. Steffen Melheim (13) kasta diskosen heile 37.49 og persa seg dermed med godt over 3m. Resultatet er det nest beste i klassen i Norge i år. Mathias Melheim (17) støytte 5 kg kula heile 15.34, kun 25 cm bak persen. Han vart her nr. 2 etter Bjørbæk frå Bodø som oppnådde 15.74. Steffen vann elles kule (3kg) med resultatatet 11.61. Mathias vart nr. 2 i diskos med 43.52.


Hans-Petter Galtung



​8 pallplasseringar til syskena Melheim under Sparebankleikane på Byrkjelo, Olden sitt svar på brørne Ingebrigtsen.

Postet av Olden IL den 28. Jun 2016

Idrettsfamilien Melheim ; Jannike, Mathias og Steffen (foto: Mette Hansen)

Jannike, Steffen og Mathias imponerte stort under Sparebankleikane på Byrkjelo i helga. Stemnet er det største i sitt slag i Sogn og Fjordane og hadde god deltaking frå heile landet. Jannike sprang sin andre 200m utandørs nokon gong og vann klasse 15 år på den sterke tida 27.68. Tida er godt under kvalifiseringskravet til NM for ungdom. Steffen (13) deltok i 6 øvingar. Han vann kule (3kg) på gode 12.20, kun 12 cm bak pers. I høgde, spyd og diskos vart det 2. plassar, i lengde 3. plass og på 60m 7. plass. Resultata i høgde, spyd, lengde og 60m var alle personlege rekordar. Mathias vart nr. 2 både i diskos og kule bak landets beste kastar i klasse 17 år, Torkel Bjørbæk frå Bodø. Resultata 47.22 og 14.79 er eit stykke bak Mathias sine persar, men er likevel svært gode resultat i landssamanheng. Mathias var sjølv ikkje heilt fornøgd med helga. Han har sett seg store mål. Vi har stor tru på at han vil bli den første frå Olden IL nokon gong til å representere Norge internasjonalt. Dette kan skje allereie neste sesong. I år manglar han foreløpig i underkant av 4 m på å greie junior-EM-kravet i diskos.


Jannike tok gull på 200m. Her flankert av Vibeke Gussiås frå Skåla IL og Malin Gran, Stryn T&IL (Foto: Mette Hansen)


Steffen Melheim etter vinnarstøtet i kule (Foto: Hans-Petter Galtung)



Tre førsteplasser til Melheim og Olden på Tyrvingleikane

Postet av Olden IL den 15. Jun 2016

Tyrvingleikane som vart arrangert på Nadderud stadion i Bærum i helga er det desidert største friidrettsstemnet i Norge med ca. 1700 deltakarar. Mathias Melheim vann her både kule og diskos i klasse 17 år. Resultatet 49.12 i diskos er ny pers med over 2,5 m og det nest beste resultatet i Norge så langt i år. I kule vart det 14.13 m, eit stykke bak persen på 15.59, men likevel eit godt resultat. Broren Steffen Melheim er også eit stort kasttalent. Han vann klart diskos i klasse 13 år med det flotte resultatet 34.08. I kule vart det andre plass. Med lengda 12.32 mangla han berre 7 cm på å vinne også denne øvinga. Begge resultata er nye fine personlege rekordar. Olden IL gratulerer begge dei gode kastarane våre med kjempeflotte resultat !



Friidrettsforbundet godt fornøgde med anlegget vårt

Postet av Olden IL den 28. Mai 2016


Anleggsutvalet i Norges friidrettsforbund har gjennomført ein rundtur til friidrettsanlegga i Sogn og Fjordane. 24. mai var turen komen til Olden IL. Forbundet stilte med 4 representantar. I tillegg var følgjande med på synfaringa : Narve Heggheim frå krinsen, Terje Raftevold frå idrettsrådet, Edvard Nordang frå Stryn kommune og Joar Sunde og Hans-Petter Galtung frå Olden IL.

Olden IL er glade for den svært positive omtalen anlegget vårt fekk. Ja, det vart faktisk halde fram som eit eksempelanlegg for denne typen anlegg (delanlegg). Det var kjekt å ha besøk av forbundet og krinsen, særleg sidan dei var så fornøgde med den jobben vi har utført. I samband med dette vil Olden IL særleg takke to personar for all støtte og gode råd undervegs i anleggsprosessen ; Ole Petter Sandvik i friidrettsforbundet og Narve Heggheim (dagleg leiar av friidrettskrinsen). Det har blitt mange telefonar til dei to undervegs og dei har alltid vore positive og kome med gode råd. Utan deira hjelp hadde nok ikkje anlegget blitt så bra.

Hans-Petter Galtung




Kjemperesultat av Mathias Melheim i kule og diskos

Postet av Olden IL den 22. Mai 2016



Mathias Melheim viste svært lovande takter då han sesongdebuterte utandørs under kaststemnet "Loggane Open" i Gloppen 15. mai. Han støytte 5kg kula heile 15.59 og persa seg dermed med nøyaktig 1m. I diskos (1,5 kg) oppnådde han 46.51, ei personleg rekordforbetring frå i fjor på heile 8.03m! Mathias vann begge øvingane. Resultata er på topp nasjonalt nivå. Det vert spennande å følgje Mathias og dei andre friidrettsutøvarane våre utover i sesongen.



Skuffande dugnadsoppmøte. Ny sjanse til å bidra 20.mai!

Postet av Olden IL den 7. Mai 2016

Fredag 6. mai var det kalla inn til dugnad på aktivitetsområdet/friidrettsanlegget. Frammøtet var elendig kun dei interne stilte opp. Ny sjanse kjem fredag 20. mai frå kl. 17.30. Vi håpar at oldarane kan bidra, særleg oppfordrar vi dei som har barn som gjer seg nytte av anlegget til å bidra. På den andre sida oppfordrar vi alle oldarar til å stille opp ! Er det viktig med fysisk aktivitet, eller ikkje ? Fint å sjå på sport heime i stova, men kva med å bidra lokalt !

Grunnfjellet i norsk idrett er dei lokale idrettslaga !
Hans-Petter


Dugnad 6.mai. Bli med!

Postet av Olden IL den 5. Mai 2016

Dugnad på friidrettsanlegget/ aktivitetsområdet fredag 6.mai frå kl. 17:30. Still på! Vi må gjere anlegget klart til sesongen og til synfaringa frå forbundet 24.mai.



Breimstafettmedaljen til Asbjørn Gjerde

Postet av Olden IL den 2. Mai 2016

Olden IL sin eigen Asbjørn Gjerde vart 1. mai tildelt Breimstafettmedaljen. Ei utmerking som heng høgt i friidrettsmiljøet. Dessverre hadde Olden ingen lag med på Breim i år, men tildelinga av Breimstafettmedaljen til Asbørn gjorde dette likevel til ein minnerik dag for Olden IL. Medaljen har vore utdelt sidan 1969. Asbjørn Gjerde er den andre oldaren som får denne utmerkinga. Helge Hafsås mottok Breimstafettmedaljen i 2008. Ei velfortent utmerking til ein oldar som har markert seg både som utøvar og som leiar i friidrett. Utan å gå nokon i næringa, vil vi påstå at Asbjørn Gjerde er Olden sin største stafettløpar nokon gong.



(Viser elles til Breimstafetten si nettside der grunngjevinga står)



Oldestafett nr. 62 i strålande sol

Postet av Olden IL den 26. Apr 2016

Det var i år 27 startande lag i denne tradisjonsrike stafetten, som i år gjekk av stabelen i nydeleg vêr. Det vart ingen nye rekordar, men honndalsjentene mangla berre eit halvt sekund på ny løyperekord. Olden stilte med 5 lag; eit guttelag, to jentelag, eit lag i open klasse og veteranlag. Resultata finn du i linken under.

Resultatrapport 2016.xls

Etter høgtidleg defilering med marsjering etter Olden hornmusikk, fekk framtidige stafettløparar prøve seg i ministafetten. Torstein Tvinnereim heldt ein god appell og publikum fekk oppleve fleire spennande duellar.

Arild Hafsås har tatt mange fine bilder som ligg på facebook-sida til Olden IL. Fjordingen har også ein flott reportasje.



Helge Hafsås vann Rett Vest maraton i Florø for 17 gong.

Postet av Olden IL den 18. Apr 2016

Laurdag 16. april gjekk Helge Hafsås til topps på Rett Vest i Florø for 17. gong ! Dette var Helge sin siger nr. 173 på maratondistansen. P.g.a. skader vart Rett Vest Helge sitt første maratonløp i år. Tida denne gongen vart 3.01.40. Einar Strand vann halvmaraton i si klasse, 60-64 år. på 1.46.44.



Joar Sunde krinsmeister

Postet av Olden IL den 18. Apr 2016

10. april vann Joar Sunde klasse 45-49 under KM i terrengløp på Sandane. I den 3600m lange løypa i Åsen på Sandane var han klart best i si klasse.



Oldestafetten 24.april

Postet av Olden IL den 5. Apr 2016

Velkommen til den 62.oldestafetten!

Oppfordrer alle som ønsker å delta til å stille på friidrettstreningane framover. Treningene er tysdag og fredag kl 1730-1900 på friidrettsbana.

Voksne er også velkomne på treninga.

Sjå lenka under for all praktisk informasjon.

Påmeldingsfrist 19/4.

Oldestafettinnbyding 2016.pdf



Flott kuleresultat av Matias og Steffen

Postet av Olden IL den 20. Mar 2016

13. mars gjekk Matias og Steffen Melheim til topps i kule under Bamseleikane i Stangehallen ved Hamar. Begge var suverene i sine klassar. Matias støytte 5 kg kula heile 14.59. Detter er ny flott pers og det beste resultatet i klasse 17 år i Norge i år. Steffen vann 13-årsklassa med det gode resultatet 11.52 med 3kg-kula. Flott ny pers. og til topps på noregsstatistikken så langt i år. Steffen deltok også i høgde og oppnådde her ein 6. plass med resulatatet 1.30. Vi er sikre på at Steffen har mykje større høgder inne. Olden IL gratulerer dei to med flotte resultat. Dei set verkeleg Olden IL på kartet og vi ser med spenning fram til resten av innandørssesongen og ikkje minst utandørssesongen.



Aktivitetslaurdag i gymsalen 5.mars

Postet av Olden IL den 2. Mar 2016

Barn i alderen 6-12år ynskjast velkommen til aktivitetstime med friidrettsgruppa i Olden IL i gymsalen 5.mars. For nærmare informasjon sjå plakat i denne linken:

Friidrettsgruppa i Olden il ønsker velkomen til aktivitetslaurdag.docx



Dei 30.Strynehalleikane i friidrett

Postet av Olden IL den 15. Feb 2016

Dei 30 Strynehalleikane i friidrett vart avvikla laurdag 13. feb. Dei første Strynahalleikane vart avvikla like etter at Strynehallen vart offisielt opna i 1987. Dei første åra gjekk stemnet over to dagar med opp i mot 190 deltakarar.

I år var deltakinga skuffande. Berre 45 utøvarar frå 9 idrettslag i nærområdet stilte opp. Mange kollisjonar med diverse andre arrangement må ta hovudansvaret for dette. Det gjorde m.a. mykje på seg at sunnmørslaga i år glimra med sitt fråvær. Stemnet hadde i fjor 87 deltakarar.

Stemneleiar Hans-Petter Galtung delte ut tinnfat med inskripsjon til primus motor, "Strynehalleikane himself", Harald Berge frå Oppstryn IL. Velfortent heider til Harald som har vore sentral i førebuinga,gjennomføringa og etterarbeidet i høve Strynehalleikane gjennom 30 år. Vi gratulerer han, men også mange andre funksjonærar som sikkert har stilt på like lenge, eller iallefall i veldig mange år og bidrege til at stemnet vert gjennomført på ein svært god måte.

Det vart oppnådd mange gode resultat på stemnet. Beste resultata oppnådde nok Matias Melheim, Olden i 17-årsklassa. 13.80 med 5 kg-kula er det klart beste resultatet innandørs i Norge i år. Han persa også i lengde med det gode resultatet 5.66 (låg grop).

Rafael Gildestad vart eigentleg diska på 40m, men fekk likevel lov til å springe. Tida 5.7 heldt til "2.plass", 1/10 bak vinnaren og 1/10 føre Matias.

Dei 3 andre oldarane gjorde også sine saker bra og sette mange personlege rekordar. 13-åringen Steffen Melheim vann høgde,kule og lengde. Beste resultatet oppnådde han med 3kg-kula. 9.71 er det 5. beste resultatet i Norge så langt i Norge i år.

Vi vil elles trekke fram 9-åringen Marius Konstali Lødemel, Stryn T&IL som hoppa heile 3.48 i lengde.


Resultatliste_2016 Strynehalleikane.docx



Langrennsløyper i Olden

Postet av Olden IL den 7. Feb 2016

Laurdag 6.februar: Det er køyrt opp skiløyper i skogsvegane på Avlei og Muri. Det er også køyrt ei lita løype for klassisk skigåing ved skulen. Når det gjeld lenger løyper nede i bygda, avventer vi forholda.



Lagsmesterskap Friidrett

Postet av Olden IL den 31. Jan 2016

Fredag 5.februar vert det lagmesterskap i kule og hopp utan tilløp.

Stad: gymsalen

Tid: kl. 17:30



Mvh,

Friidrettsgruppa v/leiar Joar Sunde



Endringar i Fjelltrimmen 2015/2016

Postet av Olden IL den 7. Jan 2016

(Flatsteinbu)

På årsmøtet i Olden IL 14.12.15 vart det gjort følgjande endringer som gjeld frå og med fjelltrimsesongen 2015/2016:

- Kun medlemmer av idrettslaget vert premiert

- I gruppa 0-10 år vert det premiering med pokal frå 4-10år

- I gruppa 11-16år vert det premiering med pokal

-Gåvekort til 1.,2 og 3.plass voksne

- Alle barn som har vore innom alle postene får pokal.


Vi har mange flotte trimposter, og dette er ein fin måte å kome seg ut både for rekreasjon og trening. Det har vore ei imponerande oppslutning om dette tilbodet og vi håpar interessa er like stor i år. Til slutt vil vi oppfordre alle til å skrive seg inn i bøkene.


Mvh Fjelltrimgruppa


1 Kommentar