Vellukka avslutningsfest.

Postet av Olden IL den 1. Des 2010

Ca. 50 unge hadde møtt opp på avslutningsfesten for fotball og friidrett på kroa. I tillegg kom ein del vaksne. Alle som hadde delteke på fotball og/eller friidrettsaktivitetane i løpet av sesongen fekk flotte premiar. Bjarte Haugen hadde sett saman eit flott bildeshow med tilbakeblikk på 2010-sesongen. Hans-Petter Galtung stod for sportsquiz. Vinnarar her vart "Bedrevitarane" Knut og Kari Alsaker, Rasmus E. Skarstein, Sondre Guddal Muri og Harald Andre Ljosdal Galtung. Kun 1 poeng  bak følgde "Team Casino" med Jonas H. Drageset, Tony Haugen, Olav Egset og Odd Sindre Tonning. Dei vaksne måtte ta til takke med 3. plassen. 9 lag deltok. Quizen viste at mange av dei unge er svært godt orientert i sportsverda. I pausen vart det servert pizza og brus. Leiar i Olden IL og vert Per Muri, stod for utdeling av gåvekort til trenarane i fotball og friidrett.  No er det berre å legge seg i trening framfor 2011-sesongen.

Bjarte har lagt ut mange fine bilete frå avslutningsfesten under bilder på fotballsida. Sjå link til fotballen i Olden i menyen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.