Meir om Breimstafetten

Postet av Olden IL den 3. Mai 2010

Som nemnt vart det ein flott Breimstafett 2. mai. 50 lag deltok i hovudstafetten og i Kongleriket ministafett (skulelag for "småskulen") var 25 lag med.  På Olden sitt vinnarlag i opa klasse (mix stafett) sprang : Harald Andre Galtung, Hildegunn Mykløen, Sondre Guddal Muri, Ole Myklebust, Ingrid Fjellestad og Anders Muri. Harald Andre veksla som nr. 2 av 7 lag på 1. etappe etter ei sterk forsering i motebakken. Hildegunn heldt godt følgje. Sondre plukka opp og Ole sprang oss opp i leiinga på 4. etappe. Ingrid heldt god fart, men måtte sleppe Breimsbygda forbi seg. Med Anders på siste etappe var det likevel ikkje tvil om kvar sigeren ville hamne.

På det vinnande veteranlaget sprang : Helge Hafsås, Einar Strand, Joar Sunde, Roar Alsaker, Arild Hafsås og Asbjørn Gjerde. Helge sleit med tunge bein på 1. etappe, men både Joar og Roar plukka folk på sine etappar. Arild og Asbjørn kunne derfor sikre 1. plassen på dei to siste etappane.

På det svært unge gutelaget vårt sprang : Kristine Tonning (12), Sondre L. Galtung (12), Andreas Løken (13), Stian Olsbø (9), Asgeir Flåten (15), Jens Guddal Muri (11), Odd Sindre Tonning (12) og Jonas Henden Drageset (10). Dette gjev ein samla alder på 94 som er 10 år under den max.alderen vi kunne ha. Dei gjorde ein flott innsats og slo Fjellhug/Vereide og sprang raskare enn i fjor. Dette er absolutt løparar for framtida dersom dei er villige til å trene vidare.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.