Lagsmeisterskap innandørs
Postet av Olden IL den 30. Mar 2010
27 deltakarar i alderen 9-17 år stilte opp då Olden IL arrangerte lagsmeisterskap i friidrett innandørs i Olden skule 23. mars. Mange viste god framgang, men dei heilt store resultata uteblei denne gongen. Neste år må vi nok organisere det heile på ein annan måte. Ein del venting førte til altfor mykje støy i gymsalen. Dette er ikkje bra for dei som skal konsentrere seg om å oppnå gode resultat.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.