Anders heilt til topps også på 100m.

Postet av Olden IL den 22. Jun 2008

Foto:Halvard MuriAnders Muri kunne innkassere sitt 2.gull under Veidekkeleikane på Stampesletta i dag. Han hadde den beste tida også i forsøket med 11.85. I finalen vart det 11.66. Dette var 4/100 betre enn Andreas H. Kristiansen frå Lørenskog. Medvinden var imidlertid for sterk (+3,6) til at tida kan godkjennast som personleg rekord. Uansett ei kraftig forbetring av persen også på denne distansen.

Flere bilder finner du her

Totalt denne helga står då Anders med 1. plass på 200m og 100m, 2. plass på 400m og 5. plass i lengde. Vi gratulerer med fantastiske prestasjonar.

Sondre Guddal Muri deltok i dag på 800m. Tida 2.18.22 var ny pers. og heldt til ein 19.plass. Sondre er nok mest fornøgd med finaleplassen i lengde der han greidde ein flott 7. plass.

Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete seinare


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.